søndag 18. juli 2010

Ut mot havet

Solnedgangar gjer meg både lukkeleg og vemodig, og det å sitje på eit svaberg og sjå inn i fargespelet er kanskje mine beste stunder. Laurdag kveld var det mildt og vindstille, og turen gjekk til Runde. Sjølve sola forsvann bak ein bergknaus, men himmelen i horisonten var ubeskriveleg vakker. Bileta fangar ikkje inn stemninga, men eg bør vel seie at eg ikkje har brukt noko redigeringsprogram eller noko (det kan eg faktisk ikkje noko med heller). Dei er lagde inn i kronologisk rekkefølgje, og viser dei skiftande fargane. Eg kan vel, for å ta det heile heilt ned på jorda att, fortelje at det begynte å regne ei lita stund etter det siste biletet vart teke.

1 kommentar:

  1. Vakre bilder. Når eg ser solnedgang-bilda dine,lengtar eg til hytta vår i Kalvåg.

    SvarSlett