onsdag 31. oktober 2012

Extremely Loud & Incredibly Close (film 2011)

Eg las ut boka i går, og i dag såg tre av ungane og eg den saman. Filmen er sjølvsagt alvorleg og trist, men vi sat klistra til skjermen alle fire og fekk med oss den fine historia om Oskar som miste far sin i terroråtaket 9/11. Denne kjem eg svært sannsynleg til å bruke i engelskundervisninga når vi har om USA som tema.

Bok 74 2012: "Lukkede rom" av Care Santos

Romanen er skriven etter den oppskrifta som er så populær for tida: fortid og notid vert fletta saman gjennom at ein avslører ei hending frå fortida. I tillegg til forteljarstemma finst her e-postar og brev frå og til ulike menneske i historia, og dessutan omtalar av kunstverk.

Sidan handlinga går føre seg i Barcelona, har boka ein viss verdi som reklame. Elles miste eg interessa for historia fleire gonger undervegs, medan nokre parti var interessante og spennande. Nokre bi-personar gløymde eg fleire gonger, og ein person hadde eg mistolka kjønnet på. Det meste av dette må eg ta på eiga kappe, men ei verkeleg interessant bok fangar merksemda til lesaren 100 %. På ein måte likte eg best etterordet til forfattaren, der ein får høyre om dei historiske hendingane. Den mykje omtala "spiritismen" var svært interessant, og eg skulle ønske forfattaren hadde skrive ei bok som omhandla det, og ikkje rota inn så mykje anna.


Halloween og heksenase

Her i bygda arrangerer vi fest for ungane og feirar såleis Halloween utan å tigge snop på dørene. Festen skal vere komande fredag.



I dag legg eg ut nokre heksebilete frå tidlegare år (2000, 2008 og 2010). Den fryktelege hengenasen på to av bileta arva eg etter mor mi, men no ligg den att hos Barnefaren. Gamla får såleis klare seg med sin nokolunde normale nase, og det blir truleg ikkje utkleding heller, sidan eg ikkje er med i arrangementskomitéen i år.

tirsdag 30. oktober 2012

Bok 73 2012: "Extremely Loud & Incredibly Close" av Jonathan Safran Foer

Berre for å ha sagt det med ein gong: dette er den beste boka eg har lese på lange tider. Eg fekk høyre om den på det engelskkurset eg var på, der Ulla Rahbek mellom anna snakka om amerikansk litteratur etter 9/11.

Oskar er ein ung og svært spesiell gut som har mist faren sin i 9/11-åtaket i New York. Ein dag finn han ein nøkkel blant tinga til faren, og han begynner å leite rundt i byen etter låsen der nøkkelen skal passe.

Romanen presenterer mange lagnader og historier, og heile verket er så lite føreseieleg og spennande at det nesten har vore uråd å legge frå seg boka. Boka er gripande utan å verte sentimental, Oskar er ein av dei beste litterære personane eg har lese om på lenge og heile verket er ei fantastisk reise frå den djupaste sorg til noko som kan minne om eit ordinært liv. Oskars historie blir såleis eit bilete på New York, og kanskje på heile USA.

Eg har lese boka på engelsk, og språket er ikkje så innfløkt. Boka er omsett til norsk under tittelen "Ekstremt høyt og utrolig nært", og den er blitt filmatisert. Filmen står sjølvsagt allereie i hylla mi.


søndag 28. oktober 2012

Together again...

Etter ein stille dag med turgåing, vedbering, husvask, skulearbeid og lesing kom heile rabbegjengen heim til mor. Det vart rotete med ein gong, musisering og speling av spel i fleire rom, fotballkamp på tv og ikkje eit stille sekund.

Vanlegvis er heimen min fotballfri sone, men i dag måtte dei få lov å sjå Molde gruse Rosenborg. Det var stor stas!

På kveldsmatmenyen stod ost og kjeks - dermed er det berre å leite fram att støvsugaren når energien kjem attende. Og oppvaskmaskina er full, sjølvsagt, så det må litt meir innsats til frå mors side før ho kan ta kveld.

Plutseleg har alle lagt seg, og det er relativt stille att. Vi har ei ny hektisk veke framfor oss, med aktivitetar, jobb og skule. Det er fantastisk å ha kyllingane sine under vengene att, trass alt rot, bråk og ekstra arbeid dei medfører. Trass alt er det dei som gir livet mest meining.


lørdag 27. oktober 2012

Finst verbet "å pøssnø"?



Då sola skein så vakkert i nysnøen i føremiddag, la eg ut på tur med kamera for å få teke fleire landskapsbilete. Dessverre kom det ei byge som gøymde utsikta eit par timar medan eg gjekk tur, men eit lite bilete av fjorden vart det høve til. Dessutan fekk eg foreviga nokre av dei stirrigaste blada som framleis heng att på trea, og nokre nydelege gule som hadde gjeve etter og lagt seg føre i snøen.

Det er mange vakre fuglar å sjå no når sikta er betre i skogen, og eg vurderer å setje opp eit kamerastativ og henge opp fuglemat. Sånn viss eg skulle trenge ein hobby, liksom...

fredag 26. oktober 2012

Å leve på kode 6

Dagens happening på jobb var eit teaterstykke om familievald. Eit dystert emne, men eit godt teaterstykke som gjorde inntrykk på elevane.

Stykket er ein del av den kulturelle skulesekken, og denne gongen var det eit godt val. Skodespelarane sat att på scenen etter at stykket var slutt slik at elevane kunne ta kontakt dersom dei lurte på noko.

Les meir om stykket her

torsdag 25. oktober 2012

onsdag 24. oktober 2012

Bok 72 2012: "Agnes i senga" av Heidi Linde

Agnes er ei kvinne på 32 som vert dumpa av kjærasten, og som på grunn av dette er noko nedstemt i byrjinga av boka. Ho fantaserer om si eiga gravferd, og om ex-en, som skal ta kontakt og ville ha henne attende. Utover i romanen får ein vite gjennom tilbakeblikk korleis forholdet mellom henne og ex-en har vore, og ein fyl Agnes gjennom sorgprosessen.

Handlinga er ikkje akkurat uføreseieleg, og den hadde høvd godt som plottet i ein "feelgood-film". Det som gjer denne boka så god, er skrivemåten til Linde. Ho skriv om alvorlege tema på ein lett og nesten lystig måte, og eg trur det er umogleg ikkje å kjenne seg att i Agnes og å ende opp med å heie på henne.

Bok 71 2012: "Begrav mitt hjerte ved Wounded Knee" av Dee Brown

Denne boka vart ein bestseljar då den kom ut i 1970. Mange rekna då med at Dee Brown sjølv var indianar, noko han ikkje var, fordi boka så tydeleg tek indianarane sin synsvinkel. Boka er mykje kritisert fordi kjeldematerialet er tynt og utvalet av stoff noko einsidig, men ein får likevel eit innblikk i korleis dei kvite behandla indianarane på slutten av 1800-talet. Eg synest alltid det er interessant med historiske bøker, sjølv om ein må ta nokre av dei med ei klype salt.

Lydboka vert glimrande lesen av Nils Ole Oftebro.

På tampen av hausten










Vekas fri-onsdag vert brukt til skulearbeid, men det vart sjølvsagt høve til ein lang tur. I natt regna og bles det, så det har minka dramatisk på haustfargane på trea. Nysnøen har kome eit stykke ned i fjella, men etter det eg har høyrt, vil den snart kome heilt ned.

Då ungane mine var mindre, pla vi gå i skogen og sjå på lauvet som dalte i vinden. Det lysegule ospelauvet vart til gullpengar som regna frå himmelen, og det var om å gjere å fange flest mogleg.

tirsdag 23. oktober 2012

Bok 70 2012: "Gå. (Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv) " av Tomas Espedal

Dette er andre bok eg les av Espedal, og den er litt vanskelegare å forstå enn "Dagbok". Ytre sett handlar boka om diverse reiser, spesielt fotturar, i Noreg og Europa elles. Eg-personen er etablert med familie og småbruk, og no lurer han på kva han skal bruke livet sitt til. Då kjem han til å tenkje på dei gamle vandringsmennene i romantikken, og finn så ut at det er dette yrket han vil ha.

Romanen hoppar i tid og rom, og eg-personen møter mange ulike menneske på reisene sine. Som døme kan eg nemne ei prostituert kvinne i Paris og ein gresk-ortodoks prest i Hellas. Sistnemnde begynner han forresten å tulle-bokse med.

Alle reisene og turane er metaforar for livet, såpass forstår eg. Her er mykje filosofering over "meininga med livet" mellom linjene, og forfattaren drøftar òg frykta vi menneske har for døden. Han gir, så langt eg kan sjå, ikkje noko svar på dei viktige problemstillingane sine. Svaret må i tilfelle vere at ein skal "gå nye turar" når livet vert trasig.

Eg likte boka godt, sjølv om eg ikkje skal påberope meg å ha forstått den fullt ut. Eg kjende meg mellom anna att i det å ville gå langt og lenge når rastløysa tek overhand.

Forfattarbesøk på jobb: Arnfinn Kolerud

Kolerud skriv bøker på nynorsk for born og ungdom. I dag og i morgon snakkar han til elevar på skulen eg er tilsett ved, og i dag hadde eg med ei klasse for å høyre han lese frå bøkene sine og snakke om livet som forfattar. I morgon kveld skal han lese og snakke på Aasentunet, og då er det høve for alle interesserte å høyre på. Eg har ikkje lese noko av forfattaren tidlegare, men eg likte det eg høyrde i dag så godt at eg har tenkt å plukke opp nokre av bøkene hans etter kvart.

Les meir her

mandag 22. oktober 2012

Praksisrettleiar? Moi?

I år har eg teke på meg å ha ein praksisstudent frå PPU-studiet i nokre veker. Det er mange år sidan sist eg hadde student, og eg merkar at det gjer godt å få litt inspirasjon. Studenten har teke over undervisninga i tre av faga mine, og det er interessant å reflektere over korleis han møter elevane og lagar faglege opplegg. Heldigvis er min utvalde skugge ein ressursperson både fagleg og personleg, så dette blir kjekt - også for frøken Kontrollfreak...

søndag 21. oktober 2012

Sløv søndag

Etter å ha laga ei norskprøve som eg skal plage elevane med i morgon, tok eg med meg gjengen ut på tur. Eldstejenta hadde photoshoot med Storegut, som hadde fått på seg dåpskleda. Endeleg skal vi få bestilt takkekort vi òg! Dei to små fann ein ny leikekamerat, og vi gjekk rundt og såg på graver på den lokale kyrkjegarden.



Til middag laga eg svinekotelettar, noko Minstemann nekta å ete fordi han er så glad i griser. Han seier at når han blir vaksen, skal han ha ein gris som kosedyr. Den skal heite Fridtjof, fordi den skal gå fritt rundt i huset. Resten av familien åt maten utan protestar.

lørdag 20. oktober 2012

Photoshoot i Mjeltvika



Gravplassen på Eid

Sidan eg var så trøytt etter veka at eg ikkje orka å handle fredag ettermiddag, vart det tvingande nødvendig å bunkre litt i dag. Det var dessutan eit par born som mangla vinterjakker, så eg kunne like godt drage med meg heile gjengen (minus musikanten, som er oppteken på anna hald).







På heimveg stakk vi innom gravplassen på Nordjordeid, der ungane kan besøke gravene til tippoldeforeldre, to sett oldeforeldre og ein kjær grandonkel. Dei to yngste og eg var innom gravplassen i sommar, men det er ei eiga stemning ved å gå på ein gravplass om hausten.

torsdag 18. oktober 2012

Bok 69 2012: "De krenkede" av Åsne Seierstad

Dokumentarbøker er ein fin måte å lære på, og i denne boka av Åsne Seierstad får vi eit godt innblikk i konfliktane i Tsjetsjenia frå forfattaren kjem dit som nyutdanna journalist 23 år gammal i 1995, til ho kjem attende ti år seinare og opplever landet øydelagt av krig. Ho blir kjend med mange interessante menneske undervegs, og det er verkeleg gripande lagnader ho fortel om.

Det er forfattaren sjølv som les, og det fungerer veldig godt. Ho inkluderer ein del russiske frasar i boka, og det gir eit autentisk preg på stoffet når ho les dei med flytande uttale og forklarer kva dei tyder. Dette var ei god bok som eg godt kunne ha lese fleire gonger.

onsdag 17. oktober 2012

Pakke i posten

Det kan bli dyrt å fare på kurs. I alle fall når det er eit inspirerande engelskkurs. I dag kom ein pakke i posten med bøker som vart nemnde på kurset eg var på for ei tid sidan. Eg ser fram til å lese dei, alle fire, i tillegg til diverse anna eg har liggande på vent. Netthandel er vanedannande. Lesing også.

På jakt i Mjeltvika








Minstemann og eg er aleine heime på fri-onsdagen, og vêret er fint. Det inneber sjølvsagt at vi har gått tur. I dag har Minstemann jakta på diverse imaginære dyr og andre vesen, medan Gamla har prøvd ut den andre linsa til kameraet. Vi er nesten like nerdete og einspora begge to.

tirsdag 16. oktober 2012

Min sønn Judas

Minstemann og eg måtte innom biblioteket i Ørsta måndag, då vi begge nesten hadde gått tome for lydbøker, og då utvalet på det lokale biblioteket etter kvart har begynt å bli lite. Inne på biblioteket hadde dei stilt ut eit utval nynorske barnebøker, i høve "Nynorsk barnebokveke" 15. - 18. oktober, og følgjande dialog utspelte seg:

Mor: "Sjå på alle dei fine bøkene! Det skal visst vere nynorsk barnebokveke..."

Son: "Nynorske barnebøker? Det høyrest gørr ut!"

Mor: "Synest du det? Det er vel flott det, med barnebøker på nynorsk?"

Son: "Ej HATA nynorsk! Det skulle ikkje ha funnest nynorsk! Nynorsk e stygt, og me burde heller skrive på bokmål, eller på stavangersk"

Mor: "Jaja... Men det er no fine bøker, uansett. Kanskje du kunne ha tenkt deg å låne ei til å lese sjølv?"

Son: "Ej ekje en sånn som lese - ej e en som blir lest for"

søndag 14. oktober 2012

Saman på søndag

Føremiddagen i dag gjekk med til rydding, husvask og skulearbeid, slik det ofte blir siste feriedagen. Då eg hadde fått unna alt eg skulle gjere, gjekk eg meg ein lang tur etter vegane. Det var overskya i dag, så eg gadd ikkje gå ut i naturen for å fotografere.

Vel heime sette eg meg til med ei bok og skulle slappe av ein times tid til ungane kom, men så kom dei ein time for tidleg fordi faren hadde eit presserande ærend. Det var sjølvsagt berre kjekt, for det har vore litt rart å ha ei heil veke fri utan dei.

No har vi sett til livs ein stor porsjon steikte eple og is til kveldsmat, og ungane styrer med forskjellige aktivitetar i heimen.

Storegut kontakta meg her ein dag og sa han ønska seg ei bok, og då var eg lett å be. Boka kom i posten fredag, og no sit guten i godstolen med nasen ned i "Jeg er Zlatan". Slikt varmar eit morshjarte, i alle fall når mora er lesehest, norsklærar og ivrig oppteken av leselyst.


lørdag 13. oktober 2012

Langtur på laurdag
















I dag gjekk turen til Hellesylt, deretter over Norangsdalen til Union hotell på Øye, der eg var første (og til i dag einaste) gong på konfirmasjonsleir i 1982. På turen fekk eg sjå fleire vakre setrar, spektakulære fjell og den kjende setra som ligg under vatn i Lygnstøylvatnet. Hotellet var flott restaurert sidan 1982, og dei serverte eplekake i stemningsfulle omgjevnader. Attende tok vi ferja over Hjørundfjorden til Sæbø. Ein utruleg innhaldsrik og spennande tur i ein landsdel som har synt seg frå si mest optimale side denne haustferien.