fredag 25. april 2014

Bok 34 2014: "Bellman & Black" av Diane Setterfield

Ein tiåring skyt ei kråke med sprettert. Seinare i livet opplever han mykje vondt og vanskeleg, men arbeider òg hardt og tener godt på forretningane sine. Dette er handlinga i boka kort skissert, men i tillegg kjem dei mystiske elementa. Kven er Mister Black, og kva rolle spelar kråkene i romanen? Ein kan lese romanen som ei slags spøkelseshistorie, eller ein kan lese den meir symbolsk. Dette er ei slik bok som ein får lyst til å lese igjen med det same, og som gir ein mykje å tenkje på. Eg likte den godt, sjølv om eg er usikker på om eg forstod den heilt.

1 kommentar:

  1. Dette er ei bok som ein kunne hatt nytte av å tolke i lag med andre.Her er nok mykje meir enn det ein først får med seg.

    SvarSlett