torsdag 25. september 2014

Bok 80 2014: "Innsirkling 3" av Carl Frode Tiller

No har eg endeleg fått lese den siste boka i trilogien til Tiller, men det er litt tidleg å seie om eg likte slutten eller ikkje. Eg treng truleg noko refleksjon og eventuelt diskusjon med andre før eg bestemmer meg.

Serien begynte med ein annonse om ein gut som har hatt hukommelsestap, og som ønskjer at folk som kjenner han skal skrive om han og sende det som brev til han. Både bok 1 og 2 handla om ulike menneske som skreiv brev til David, men som òg fortalde om eigne liv. Tredje bok begynner på same måte, men utviklar seg litt annleis. Eg skal ikkje røpe meir, men både den første og den andre boka inneheldt noko på slutten som overraska. Forventningane mine var skyhøge til avslutninga, men i bloggande stund kjenner eg at forventningane berre delvis vart innfridde.

Eg kjenner at eg har frykteleg lyst til å diskutere boka med nokon som har lese den, så det er berre å ta kontakt! Lese den bør de i alle fall, for dette er eit meisterverk av ein serie.

onsdag 24. september 2014

Fri-onsdag: slapp innedag, men kveldstur på postvegen

Fri-onsdagen starta med høljeregn og ei skrantande helse. Eg kjende meg så slapp og elendig at eg fann ut at eg skulle unne meg ein dag i godstolen med pledd og ei god bok. Ut på ettermiddagen vart eg lokka med ut på tur frå Langedalsbroe til fylkesgrensa, og etter det kjende eg meg mykje betre, ironisk nok.



Kveldens høgdepunkt var semifinalen i idol. Vår lokale stjerne Jeki kom dessverre ikkje vidare til finalen, men ho har gjort ein flott innsats både med song og i intervju. Vi er så utruleg stolte av henne, og neste telefonrekning kan bli noko utanom det vanlege.

mandag 22. september 2014

Bok 79 2014: "Dronningen sover" av Ingvar Ambjørnsen

Denne vesle boka fortel ei historie om eit middelaldrande, overvektig par som er svært alkoholiserte. Ikkje akkurat lystig lesing, men likevel ein tankevekkjande tekst om korleis livet kan endre seg frå å vere ung og fattig til å bli eldre og velståande. Som de skjønar, har suksessen ein høg pris.

Nils Ole Oftebro les boka på ein framifrå måte som gir teksten eit ekstra løft.

søndag 21. september 2014

Presentasjon og pytontur

I dag stod vi tidleg opp fordi Storegut skulle på fotballkamp, medan vi andre skulle i kyrkja der det var presentasjon av dei nye konfirmantane. Veslejenta er ei av åtte som skal konfirmerast i den lokale kyrkja, og vi fekk vere med på både gudsteneste og kyrkjekaffi før vi for heim og såg "Stjernekamp" på tv medan vi åt restemiddag med restar av laurdagsgodt som dessert.

Etter middag hadde regnet gitt seg litt, så vi gjekk oss ein tur i Mjeltvika med hunden. Undervegs vart vi overraska av torevêr og styrtregn, så det var ekstra godt å kome heim, fyre i omnen og få på seg tørre klede.


Bok 78 2014: "Prøvetid" av Edvard Hoem

Med denne romanen frå 1984 vart Hoem nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Handlinga dreiar seg rundt skodespelaren Johannes Bergmann, som verkeleg trur at det meste dreiar seg om han. Han skal øve inn rolla som tenaren "Jean" i "Frøken Julie", og han har allereie spelt inn filmen "Landstrykere" av Hamsun. I tillegg kjenner han fleire kvinner som han har meir eller mindre kompliserte forhold til. Boka er god, spesielt fordi Hoem bruker dei to andre litterære tekstane som eit slags bakteppe for handlinga i sin eigen roman.

Lydboka er svært godt innlesen; ingen les Hoem som Hoem.

lørdag 20. september 2014

Den gamle postvegen

Laurdag morgon vakna eg og høyrde regnet hølje ned ute. Planen om å vekkje ungane og ta dei med på langtur i skog og mark vart dermed skrinlagd, og eg sette meg føre i godstolen med ei god bok og tenkte at det eigentleg var greitt med ein kviledag.

Då dei to yngste omsider vakna, foreslo den eine å gå tur på postvegen og den andre å fare på butikken og kjøpe laurdagsgodt. Vi vekte dermed den siste i flokken og for på tur alle saman. Storegut fekk lærekøyre til Eid, der vi mellom anna handla laurdagsgodt. Vidare køyrde vi til Harpefossen, der vi tok feil veg og fekk sett det meste av hyttefeltet før vi køyrde den rette vegen til Brekka, der vi gjekk på Postvegen i pøsande regn.

Det vi kjem til å hugse best frå turen, er då vi møtte på ein saueflokk og nokre folk som skulle sanke sauer. Vi snudde straks, men dei ropte etter oss at vi skulle gå ut av vegbana, noko vi gjorde. Vi gjekk ut på ei utkjørsle der det går ein sti bortover til nokre hytter, og eg tenkte at vi kanskje ville sperre for stien dersom nokre av dyra ville dit. Då sauene kom etter oss, sprang dei rett forbi oss og inn på den nemnde stien. Deretter kom den eine bonden og bante ned i oss for at vi ikkje hadde gått ut av vegen. Eg svara attende at det hadde vi faktisk gjort, og ho hadde ingenting med å banne ned i turgåarar på ein offentleg veg. Vi hadde faktisk ikkje gjort noko gale.

Den bannande bonden gjekk til skogs, men ho hadde med seg ei anna, som heldt fram på same viset. Eg forklarte korleis ting hang saman, og at det ikkje går an å fare slik langs vegane og banne og kjefte på folk som ikkje gjer noko gale. Eg bar til og med hunden, så han ikkje skulle skremme sauene! Det får vere grenser for dårleg folkeskikk. Bonde nummer ein forsvann, medan bonde nummer 2 og mannen i følgjebilen bad om unnskyldning og forklarte episoden ut frå at dei var så slitne og trøytte. Eg klarte å få inn kommentaren "det må no gå an å oppføre seg som siviliserte menneske sjølv om ein er bonde" før dei leita vidare etter sauene sine.

onsdag 17. september 2014

Tur rundt Lisjedalsvatnet

På fri-onsdagen denne veka hadde eg ein del å ta att av skulearbeid og husarbeid. Det er utruleg kor vanskeleg det er å få mobilisert energi til denslags når sola skin, men det gjekk på eit vis. Midt på føremiddagen gjekk eg ein tur med hunden, men elles var det lite spektakulært på programmet.

Ungane kom heim til ferdig middag, som var restar av gårsdagens gedigne panne med blomkålsuppe, og så greidde eg å lokke med meg mine eigne to og ein nabo på tur rundt vatnet i Lisjedalen. Planen var å plukke kantarellar, men det vart det lite av.
Drikkevasskjelda vår




søndag 14. september 2014

Bok 77 2014: "Innsirkling 2" av Carl Frode Tiller

No har eg høyrt denne boka for andre gong, slik at eg skal ha den friskt i minne når eg får tak i bok nummer tre i trilogien. Eg håper det skjer ganske fort!

I denne andre boka om David, som har sett inn ein annonse i avisa for å få folk som kjenner til å skrive til han, blir vi blant andre kjende med eit par vener frå oppveksten og ei eldre kvinne på ein institusjon. Som i den første boka blir vi gradvis betre kjende med David, men minst like interessant er det å lese om livet til taterguten og den eldre kvinna, for å nemne noko. Mot slutten byggjer dessutan spenninga seg opp, og eg er frykteleg spent på korleis Tiller har avslutta denne meisterlege historia.

Fuglehovudet (816 moh)

Laurdag var planen å gå til Blåfelden i Syvde. Vi stogga ved Øverberg og gjekk i flott og slakt turterreng til Fuglehovudet, men då vart skodda så tjukk at vi måtte snu attende same vegen som vi kom. Det vart ein ganske lang tur, om lag 9 km, men terrenget var flott og lett å gå i.




Journalisten og Systa hans på Støylsmannsheida


På Fuglehovudet i grauttjukk skodde

Svartevatnet på Bjørkedalen

Fredag ettermiddag skein sola nydeleg, og vi tok oss derfor ein tur til Bjørkedalen for å gå tur i kveldssola. Frå den gamle postvegen er det skilta ei rås til Svartevatnet, som var eitt av "Ti turmål" i Volda kommune i år. Deifrå gjekk vi i lett terreng oppover til vatnet, som må seiast å vere ein godt skjult idyll. Hit skal vi definitivt gå fleire gonger!








torsdag 11. september 2014

Meanwhile, in Montenegro

Eldstejenta er på tur til Montenegro saman med ei venninne som er derifrå (den same som ho reiste dit saman med i påska). Vi håper dei nyt ferien, som er svært velfortent.

Nesten til Geitemjølkeggja (om lag 1200 moh)

Planen var å gå til Trollvasstind, men det vart både for langt og for skummelt denne dagen. Vi hadde ikkje med nok mat og drikke, turen eigna seg ikkje for hund, eg fekk fleire anfall av høgdeskrekk og det er dessutan inga skam å snu. Eg stogga like før oppstiginga til Geitemjølkeggja, trur eg, medan Journalisten gjekk til topps utan sekk, kamera, hund eller hysterikar på slep. Turmålet var trollvasstinden, men målet for dagen var å ha ein fin dag i haustsola. Det målet nådde vi.

When the going gets tough, the dog gets carried

Kvartsberg

Trollvasstinden til venstre, Geitemjølkeggja til høgre. Gamla bak kamera.

Herleg dag på fjellet for folk og dyr

Hit kom eg

Frå turen ned att. Dalsbygda til venstre i biletet.



lørdag 6. september 2014

Debut i utstillingsringen

Matmora var nervøs på førehand, men forventningane var på eit lavmål då vi kom på kvelpeshow i Ørsta laurdag morgon. Charlie har ikkje fått trena så mykje utstilling enno, og i alle fall ikkje saman med andre hundar. No skal eg ikkje seie at vi oppførte oss fantastisk i ringen nokon av oss, men vi var godt nøgde med kritikken og godt budde på plasseringa som nummer 3 av 3. Ei viss trøyst var det at den eldste vann, og at den mellomste kom på andreplass.

Dagens kritikk:
  • Korrekt bitt
  • Velskåret hode
  • Velplasserte ører
  • Godt vinklet foran og bak
  • God pelskvalitet
  • Ren tricolorfarge
  • Velpresentert
Det siste punktet tok eg på eiga kappe, og eg prisar meg lukkeleg over at mi rolle er å vise fram hunden, ikkje å få kritikk sjølv. Det skulle ha tatt seg ut!

fredag 5. september 2014

Charlie på Krumsvikneset - og i badebaljen

I dag var eg rask heim att frå jobb, så eg var heime like før ungane kom heim. Middagen var allereie klar: restar av lasagne varma i mikrobølgjeomnen, og så hadde eg tenkt at vi kunne gå ein lang tur med hunden. Gitartimen til Veslejenta hadde eg heilt gløymt, men vi nytta då høvet til å gå tur på Folkestad medan ho spelte. Etter timen gjekk ho etter oss ut til Krumsvikneset, og så gjekk vi saman heim att.

Vel heime bada ungane utstillingsdyret. Det var ikkje særleg populært, men han likte godt å bli frottert med handduk etter badet. No luktar han fantastisk, og vi kryssar fingrane for at han held seg appetitteleg til morgondagen er vel overstått.


Bok 76 2014: "Innsirkling" av Carl Frode Tiller

I og med at Tiller har kome med ei tredje og avsluttande bok i serien, fann eg det føremålsteneleg å lese om att dei to første. Eg les så mykje at eg ikkje hugsar alt like godt, og eg les så mykje halvdårleg litteratur at eg like godt kan lese gode bøker fleire gonger.

Utgangspunktet for "Innsirkling" er at ein mann har lagt ut ein annonse om at han har hukommelsestap og vil oppfordre alle som kjenner han til å skrve til han for at han skal få vite meir om seg sjølv. I den første boka møter vi ein ungdomsven som han har hatt eit seksuelt homofilt forhold til, stefaren og ei kvinne han var kjærast med i ungdomen. Desse fortel alle om sine eigne liv i notida, samtidig som dei fortel om tida dei har hatt saman med mannen i annonsen.

Eg sette stor pris på å lese boka ein gong til. Der er mange interessante tankar og hendingar, og den er lettlesen, men likevel ganske djup. No ser eg fram til å lese nummer to ein gong til, og så håpar eg at det ikkje går lenge før eg fåt tak i den siste boka i trilogien.