lørdag 5. september 2015

Bok 84 2015: "En liste for livet" av Lori Nelson Spielman

Ei mor døyr og etterlet dottera ei liste med oppdrag ho må utføre innan eit år dersom ho skal få arven sin. Slik må dottera røske opp i ein del forhold i livet sitt og prøve ut ting ho eigentleg ikkje trudde ho var klar for.

Søtt? Føreseieleg? Lettvint? Javisst er det det, men likevel underhaldande og spennande lesestoff. Eg likte boka godt, men kjem truleg til å gløyme den ganske fort. Den føyer seg inn i sjangeren "løkkeskriftroman".

1 kommentar:

  1. Denne likte eg kjempegodt! Eg fekk heller ikkje med meg det teite omslaget, så eg plasserte ho meir i "generell chick lit" enn "løkkeskriftroman", noko eg trur var flaks for korleis eg såg på boka - mykje meir glad i det førre enn det siste. Enkel sånn. Eg tykte boka var veldig morosam og vart fort riven med.

    SvarSlett