onsdag 16. januar 2008

Fridag 2: finst det dårleg vêr?


I helga avtalte eg med borna at vi skulle gå på skitur etter skuletid i dag, slik at dei fekk sjå korleis det er å gå i lysløype. Då storeungane kom heim, år vi middag og sette oss i bilen - trass i at det var sur vind og regn. På Stigedalen var det litt vind med det same, og mykje snø. Det vart gradvis mørkare etter kvart som vi gjekk innover, men lyktene kom ikkje på! Eg sende nummer 2 attende til bilen for å hente ei hovudlykt som låg der då eg såg at vi kom til å mørkne heilt bort, og vi fekk ein litt skummel retur til parkeringa. Nummer 4 og eg var baktropp, og vi grudde oss litt til å gå forbi trollgjerdet utan anna lys enn det flakkande hovudlyset. Men så, akkurat då vi kom til trolla, slo lyktene i alle lysløypene seg på, og verda vart som eit julekort rundt oss. Merkeleg kor forandra perspektivet på omverda vert med litt meir opplysning.

1 kommentar:

  1. Svar på spørsmålet:JA! Men det finst heldigvis gode klær!
    Elles er det merkelig kor ting kan snu seg. Kven skulle tru at du vart ei slik mor som tok ungane med på skitur? Eg hugsar deg i barndommen- ikkje særleg hekta på ski då, nei!!Opp og ned med stolheisen-utan ski t.d.

    SvarSlett