tirsdag 1. april 2008

Konfirmant på posesal

Barneoppseding er alvorlege greier. Det finst nesten ikkje grenser for kva nybakte femtenåringar må lære. Kva fargar som passar saman med ceriserosa, til dømes, og kva som er skilnaden mellom middags-og kaffiserviettar. Gamla sjølv er framleis novise når det gjeld å pynte fine festbord, så det er ikkje rare undervisninga ho kan bidra med i estetiske spørsmål. Praktisk sans meiner eg derimot at eg er utstyrd med, og det bør overførast til neste generasjon ved slike høve som vi i dag hadde: mor - dotter shopping dag. Posesal bør reknast som ei idrettsgrein, etter mitt syn. Det krev ein viss taktikk, uthaldenheit og styrke. Store plagg må omformast til minimale tøyklumpar nedst i posen, og så fyller ein på med småplagg rundt det heile. Undertøy fyller ekstra fint ut plassen. Eks-bursdagsbarnet hadde fått pengar til dagen sin, og 300 kroner forsvann ned i kassaapparatet på Cubus medan ho nøgd og kry spankulerte ut med diverse antrekk hardpakka nede i posen sin. I neste butikk fann vi fine serviettringar til 70 kroner per stk, og då var det greitt å ha fått eit lynkurs i personleg økonomi på førehand.

3 kommentarer:

  1. Kjøpte de serviettringar til 70 kr stk.????!!!!!!!
    Posesal har eg vore med på to gonger. Den eine gongen kjøpte eg bukser til heile fam. og dei vart brukte.Andre gonge kjøpte eg ein pose full av fine, høghæla besteskor. Dei hamna i eit eller anna fattig østblokkland!Så der går dei vel rundt og spradar enno.

    SvarSlett
  2. Etter 70% salet melder eg pass....
    Kle er mykje billegare enn i vår barndom. Det er kjekt for jenter i alle aldrar å ha litt å velje i.
    I dag var her annonse for Ukrainasending - 50 kr sekken å levere, sponsa av to klesbutikkar!

    SvarSlett
  3. VI KJØPTE IKKJE SERVIETTRINGAR TIL 70 KRONER: DET FÅR VERE GRENSER. Cubus hadde sett opp container utanfor butikken, og det var eit greitt tiltak. Her blir barnekleda utslitne, for å seie det mildt. Når det kjem hol i dei, blir dei opptenningsved.

    SvarSlett