For den vakne blogglesar er det ikkje noko nyhende at blomsterpottene stod tomme på kjøkenet (sjå kakebiletet førre søndag). Potteplantane der hadde tydelegvis sakna meg då eg var i Polen, og det har teke litt tid før eg "fekk ånden" til å kjøpe nye. Eigentleg ville eg ha hatt noko oransje no, men så fall nummer 3 og eg for dei plommefarga blomane i staden. Og så måtte vi ha matchande lys. Telyslyktene var ein presang frå ein kollega på bursdagen min, og dei passa fint til. Eg var litt skeptisk til å innføre lilla allereie no, men butikkdama strålte mot meg at "de e no snart advent uansett"...
Eg kjøpte meg lilla telyseglas i fjor på denne tida, men vil heller seie at når denne blomsten er avblomstra, er det enno ei stund att til advent......
SvarSlettSat akkurat og tenkte på det i dag at det hadde vore kjekt med nokre lilla puter o.l. sidan lilla er motefarge i år. Men så var det det med advent som slo meg.......Får nok klare meg med den lilla jakka eg kjøpte i Sverige for å markere at eg er up to date.Men lilla er ein fin farge uansett årstid!
SvarSlett