Sidan det er lange avstandar her på landet, må særleg dei yngste ungane organiserast og fraktast dersom dei skal ha noko samkvem utanom barnehagetid. I dag hadde Minstemann besøk av sin aller beste kompis, og det har blitt hopping i høy, mating av hestar, gøyme og leite i løda, lego og duplo og gode greier. Nummer 2 og 3 var òg heime, så dei var med i leiken samtidig som dei såg etter smågutane. Vi mødrene fekk derfor ein lang og fredeleg prat medan leiken stod på, og enden på visa var at vi avtalte å bake julemenn saman seinare i haust. Når det gjeld mote her på landet, går det i hatt og pistol, som de ser.
Det er ein herleg alder! Slik har alle tre her gått rundt. Pistolleiken må ut i rette alderen!
SvarSlettMora til den andre guten flira av meg - miljøpåverka som eg er, seier eg nemleg "skytar"...
SvarSlettEller piggstol?
SvarSlett