tirsdag 17. november 2009

Lillebror på nye eventyr


I dag henta dei to mellomste Minstemann med seg på ferja, så heile flokken var med mora på café på Amfi i Ørsta. Medan Nummer 3 var på ballett, reste vi hine rundt på leiting etter ein felles-tights (ok, det ordet fann eg opp, men de skjønar kanskje kven som skal eige den, og kven som skal låne den), hårstrikk og diverse adventspynt. Plutseleg spør Eldstejenta kvar Minstemann er. Heldigvis kom han rett bak oss i rulletrappa, men det kunne lett ha utvikla seg til ein pinleg episode. Eg gjorde meg så roleg som mogleg, og spurde guten kvar han hadde vore (siste 10, 15 eller 25 minutta). "På leikebutikken", svara han blidt, og vi skunda oss ut før rykta begynte å svirre. Absolutt ikkje ei historie for bloggen...

5 kommentarer:

  1. Så gale har sikkert hendt før, og så lenge han ikkje går ut av bygget,skjer det ikkje så mykje. Hugsar godt den gongen bror din , som skulle vente utanfor butikken mens vi andre var inne,var sporlaust forsvunnen då vi kom ut.Eg sette himmel og jord i bevegelse for å finne han att, og så hadde han gått heilt "heim".Må legge til at dette skjedde på Eid, og han var yngre enn MInstemann er no.

    SvarSlett
  2. Det hugsar eg godt!
    Og eg hugsar han fekk skryt for å ha vit å gå heim att.
    Minstemann var vel så fredeleg at han ikkje var til bry på butikken.

    SvarSlett
  3. Eg reknar med eg ikkje hadde "gløymt" han viss han ikkje var stille. Sjølvkjensla som firebarnsmor var ikkje akkurat på topp ei stund.

    SvarSlett
  4. Bror din ,som no er 45 år, klandrar meg enno for at eg ikkje passa han godt nok då han var liten. Ikkje på grunn av forsvinninga, men for fallet i møkkakjellaren.Vi har alle vårt, og eg forstår han godt.

    SvarSlett
  5. Vittig hvordan små gutter har en peilepinn til nærmeste lekebutikk.....litt skremmende sikkert å oppdage at han ikke var med dere.....men de små er noen luringer til å smette unna også da!
    Ha en fin dag!
    Klem, M

    SvarSlett