fredag 13. november 2009

Ny hobby: Google map

Broren min sende meg ei lenkje eg ikkje kunne motstå, med følgjetekst om at eg no kunne gå rundt i gatene i London utan å bli sliten i beina. Hittil har eg halde meg rundt Paddington Station og opp og ned Regent Street, utan at det har gjeve utslag på skritt-teljaren.

3 kommentarer:

  1. Dette blir vel einaste måten eg kan komme meg "rundt" på, når eg forstår korleis eg skal gjere det.

    SvarSlett
  2. Du må peike på den gule mannen, "Besta", og så er det berre å flytte han dit du måtte ønskje å gå. Eg jogga nettopp ned Regent Street til Piccadilly Circus. Før i dag har eg spasert rundt i Paddington og sett dei hotella eg har budd på der.

    SvarSlett