tirsdag 8. desember 2009

8. desember: kinamat og korpsmusikk


Dagens programpost var først og fremst at Nummer 3 skulle spele på konsert i Volda. Og mat må ein ha, så det vart ein restaurantdate for heile familien.

Som ein kuriositet kan eg nemne at eg bestilte kakao til nokre av ungane etter maten (for å rettferdiggjere at eg sjølv kjøpte cappuccino), men dama nekta å servere oss det sidan ho hadde fått klagar frå kundar på kakaoen sin. Slik gjekk det til at eg måtte forklare korleis ein lagar kakao her i landet. Ho såg noko skeptisk ut, og ungane enda opp med banansplit i staden.


Konserten i dag var for elevar ved musikkskulen, og den var delt i to avdelingar. Som vanleg hamna Nummer 3 på same gruppe som dei fleste nybyrjarane på fiolin, og det var langt mellom dei store musikalske opplevingane. Dei to absolutte høgdepunkta var to gjengangarar; gitar-Torfinn og euphonium-Håvard. Og messinggruppa til Nummer 3 gjorde sjølvsagt ein strålande innsats.

4 kommentarer:

  1. Eit apropos til dessert: På kinarestauranten her har dei nydelege frityrsteikte bananar.
    Elles så kunne ho no berre kjøpe ferdig pulver til kakao. Det finst både i pose og boks.

    SvarSlett
  2. Ho trudde vi hadde ei maskin heime hos oss som kokte opp mjølka... Apropos frityrsteikte bananar, så bør du lese/høyre Are Kalvø si bok om kinarestaurantar...

    SvarSlett
  3. Du skulle kanskje ha bestilt varm sjokomelk?

    SvarSlett
  4. Prøvde det òg, men ho hadde ikkje sjokopulver, og ho hadde tenkt å blande det med vatn, i tilfelle... Ikkje kvar dag eg kan belære ein kokk!

    SvarSlett