I dag var meldingane gode, men skyene hang tunge på himmelen fram til klokka var halv to. Eg la meg ut i bikini klokka 11, men kledde fort på meg. For å få varmen i meg, klipte eg like godt plenen, såpass eg kunne flate ut med godt samvet då sola endeleg braut gjennom. I løpet av dagen greidde eg å bli litt solbrend - sanneleg på tide, no når vi har gått inn i juli månad. Det vart ein tur i kveldinga, men ingen bilete for min del. Eldstejenta gjekk seg ein tur på Gamlegjerdet med kamera for å ta bilete av den vakre solnedgangen, og eg knabbar eitt som illustrasjon. Det har vore ein nydeleg dag, og vi tek gjerne imot fleire slike!
Det var eit veldig fint bilde, må du helse henne og seie.Sjølv lurer eg på å kjøpe nytt kamera, men då må eg også ta bryet med å lære meg å bruke det. Det var utrulig fint då vi køyrde over Eidet i går, og hadde det ikkje vore for at vi var ulyste av å farte på, så hadde det vore den ultimate kvelden til å fotografere på Flø. Nils og Hassan skal ut og fiske no klokka 10.
SvarSlett