I VG3-klassen min held vi på med det moderne gjennombrotet i litteraturhistoria, og då var det spesielt morosamt å lese ei bok der Georg Brandes er ein av bipersonane. Elles har han lite med handlinga å gjere, anna enn som stemningsskapar for å få fram debatten i tida. Romanen handlar mest om kjærleik, og gjerne den håplause, einsidige varianten. Ein får òg sjå nokre tabu frå tida rundt 1875, og verknadene av dei. Romanen er skriven i ein slags sirkelkomposisjon med forfattarkommentarar som illusjonsbrot undervegs. Eg likte romanen svært godt, og takkar hermed ein kollega for lesetipset.
Eg har lese boka for ganske lenge sidan, men sidan hukommelsen min er heller skral, må eg vel slå opp i bloggen for å finne ut kva eg tykte om den-den gongen.
SvarSlettFORDELEN med dårlig hugs er at ein gjerne kan lese om att bøker -fleire gonger.