Det er mørkt, kaldt, glatt, vått - og av og til snør det. I ei ledig stund i dag såg eg gjennom nokre nettsider med Sydenturar for store og små. Eg kunne så gjerne ha tenkt meg å ta med gjengen eit par veker til garantert sol og varme i sommarferien. Det kjennest som om frosten sit i kroppen frå i fjor vinter, som ein tundra, og eit par veker med total avslapping ved bassengkanten kunne kanskje ha tina opp ei frostig sjel? Det er lov (og gratis) å drøyme seg vekk, i alle fall, og så finst det alltids ei trøyst i at vårsola snart blenkjer i bakkane så vi får hug til vår heimlege strand. Det går mot lysare tider.
Ein tur til Syden gjer godt for kropp og sjel, ikkje tvil om det. Audny m. fam. skal reise i vinterferien. Eg har begynt å trene på hotellet her. Dei har blant anna eit basseng med 34 grader i vatnet. ikkje dumt det heller.
SvarSlettEg skal til London i vinterferien, så eg kan no begynne å drøyme og kanskje førebu meg ...
SvarSlettKvar gong eg lengtar mot sør, skrur eg tankane over på kor eg svetta og fekk soleksem sist eg var i syden(2001) og kor forferdelig ,grusomt det er å reise med fly osb.( Det er eit namn på dette i psykologien, men det har eg gløymt. ) Ikkje har eg pass heller, dessutan blir eg så stygg på passbilda. Men eigentlig kunne eg tenkt meg litt sol og varme.
SvarSlett