onsdag 1. juni 2011

Bok 37 2011: "Korset" av Sigrid Undset

I denne romanen er det mykje liding, og ein tek avskil med både Simon, Erlend og Kristin. Simon seglar opp som den verkeleg store helten, men Kristin er òg fast og sterk heilt til det siste. Erlend kan ein diskutere - han er kanskje den mest spennande karakteren av dei tre nettopp fordi ein aldri blir ferdig med han. På den eine sida er han ein irriterande fyr som får Kristin til å kjenne skuld over hans feilgrep, men han er òg den mest menneskelege av dei, med alle sine feil og manglar.

Eg likar denne boka mindre enn dei to andre, mest fordi den er langt meir dyster i undertonen. Kristin er ei gammalmodig kvinne som kjenner seg ferdig med livet før ho er femti. Vi får vite ein del om sønene, men av ein eller annan grunn er det berre eit par av dei som har nok personlegdom til at ein får noko særleg innsyn i tankane og kjenslene deira.

Trilogien er eit fantastisk verk, og eg skjønar godt at Undset fekk Nobelprisen for mellomalderromanane sine. Dei er lettlesne, lettfattelege men har likevel mange lag ein kan drøfte dei ut frå. Og sjølv om her både er sorg og glede, og mykje drama, så vert det ikkje søtladent eller melodramatisk slik eg les bøkene.

Har de lese papirbøkene for nokre år sidan, er det vel verd å koste på seg lydbøkene, der Rut Tellefsen les på ein framifrå måte, med akkurat passeleg mykje innleving.

2 kommentarer:

  1. Har ikkje lese bøkene sidan eg var i 20-åra, så eg skal vurdere å lese lydbøkene no.

    SvarSlett
  2. Ja, gjer det! Du vil ikkje angre, og så kan vi diskutere Simon og Erlend etterpå...

    SvarSlett