torsdag 11. august 2011

Bok 60 2011: "Clean Cut" av Theresa Monsour

Eg er ikkje heilt sikker på om eg ikkje har lese denne boka før, men då hugsar eg i tilfelle svært dårleg. Den har stått i bokhylla lenge, som eitt av fleire røvarkjøp. Forfattaren har skrive tre bøker om den overjordisk vakre Paris Murphy, som i tillegg til å vere vakker også er sporty, dyktig i politijobben og flink til å lage mat. I denne første boka jaktar ho på ein seriemordar som valdtek og drep kvinner med langt hår. Vi får tidleg vite kven han er, og det meste av boka handlar om Murphys jakt på mordaren, med tilhøyrande farlege scener. Det heile er så spekulativt og urealistisk at romanen nesten kan kategoriserast som fantasylitteratur, men den er like fullt ein "pageturner". Eg las den på engelsk, og det var perfekt lektyre på stranda, på flyet og i godstolen heime.

1 kommentar:

  1. Og du les og les, mens eg knapt kjem av flekken i bøkene mine, fordi eg berre les på senga .....

    SvarSlett