torsdag 8. september 2011

Bok 66 2011: "Alle tiders torsdag" av John Steinbeck

Denne romanen er ein frittståande oppfølgjar til "Cannery Row", som eg ikkje kan hugse om eg har lese tidlegare. Det er mogleg eg blandar den saman med "Dagdrivergjengen", for miljøet minner ein heil del. Vi er i ein småby i California rundt 1950, i ei gate der alle kjenner alle. Ein av dei som bur der er Doc, som er deprimert utan synleg grunn. Kompisane hans gjer ein heil del for å få opp humøret hans, og det heile er velskrive og med ein lun humor. Eg fekk lyst å lese meir Steinbeck, men då vil eg lese på engelsk for å få med fleire språklege element.

4 kommentarer:

  1. Eg har sjølvsagt lese Øst for Eden, som er ein god gammaldags roman. Dagdrivergjengen etc. har eg også lese. Og den mest "klassiske" og heilstøypte av alle (meiner eg):" Om mus og menn".Mange av bøkene har eg i papirutgåve-men på norsk

    SvarSlett
  2. Eg har lese "Dagdrivergjengen", "Of Mice and Men" og "Grapes of Wrath". Fekk lyst å lese Eden-bøkene + kjøpe filmen...

    SvarSlett
  3. Såg filmen første gong rett etter at James Dean var død. Eg var 16 år! Say no more!
    Skal eg leite fram bøkene. Du kan gjerne FÅ dei.

    SvarSlett
  4. Ja, eg les dei gjerne på norsk òg, eg!

    SvarSlett