fredag 23. desember 2011

22.desember: siste innspurt

I dag hadde eg eit par julegåver att som skulle kjøpast. Dessutan skulle eg handle litt mat og diverse, sjå litt i interiørbutikkar og andre koselege ærend. Det enda som vanleg opp med at eg fekk meg middag, denne gongen i Starevegen.

I dag er det 18 år sidan vi flytta inn i nytt hus i Ulsteinvik med Eldstejenta som 9 mnd gamal baby. Det er litt rart og vemodig, for mykje har skjedd sidan den gong både av godt og gale. Uansett er eg glad for at eg ikkje har stresset med å flytte akkurat no, for desse bonusdagane før jul er nødvendige for å roe ned til høgtida.

I morgon begynner det tradisjonelle juleopplegget i familien, og vi kan senke skuldrane når det gjeld aktivitetar og innkjøp.

2 kommentarer:

  1. Eg hugsar godt då Rasmus og eg køyrde utover i Jettaen, og eg vaska i Bugarden. Eg synest alltid at tida går for, man når eg ser tilbake,er det mykje som har skjedd i åra som var. Som du seier, både av godt og vondt. Men det viktigaste er at vi framleis ER her, alle saman.

    SvarSlett
  2. Ja, vi ER her, og fleire er komne til!

    SvarSlett