Eg kan enno hugse kor sterk "Huset med den blinde glassveranda" var for meg då eg las den i tidleg ungdom (den kom ut i 1981, då eg var 13 år). Etter den tid har eg lese mange Wassmo-romanar, og "Dinas bok" var på pensumlista då eg studerte norsk i 1990/91. I "Hundre år" kjenner ein att både personar og hendingar frå desse bøkene, men prosjektet er òg delvis sjølvbiografisk. Det har i dei siste åra vore populært å skrive si eiga forhistorie basert på fakta og fantasi, og Wassmo skriv om sine formødre og seg sjølv. Boka er interessant og spennande, sjølv om den verkar springande i komposisjonen utan at det vert eit stort poeng mot slutten.
Lar denne boka for nokre år sidan, og eg likte den. Ei god fortelling har verdi i seg sjølv anten den er "sann" eller ikkje. Det var vel i denne boka ho tilstod at det var ho sjølv som var Tora?
SvarSlettJa, og sonen til Dina var dokter.
SvarSlett