I dag gjekk turen til Hellesylt, deretter over Norangsdalen til Union hotell på Øye, der eg var første (og til i dag einaste) gong på konfirmasjonsleir i 1982. På turen fekk eg sjå fleire vakre setrar, spektakulære fjell og den kjende setra som ligg under vatn i Lygnstøylvatnet. Hotellet var flott restaurert sidan 1982, og dei serverte eplekake i stemningsfulle omgjevnader. Attende tok vi ferja over Hjørundfjorden til Sæbø. Ein utruleg innhaldsrik og spennande tur i ein landsdel som har synt seg frå si mest optimale side denne haustferien.
Flotte bilde!
SvarSlettTakk!
SvarSlettNydelege bilde. Det er lenge sidan eg har vore på dei kantar!
SvarSlettJa, eg var på Øye i 1982, som nemnt. Det har vore nokre fantastiske haustdagar i det siste, og eg har vore heldig som har hatt høve til å feriere skikkeleg.
SvarSlettKvivsvegen eller Stigedalen før Norangsdalen?
SvarSlettSå du la merke til at eg ikkje nemnde det? Det vart Kvivsvegen, noko motvilleg frå mi side :)
SvarSlett