onsdag 3. desember 2014

Bok 98 2014: "Den klønete skytsengelen" av Arto Paasilinna

Gleda var stor då eg fann ei bok av Paasilinna som eg ikkje hadde lese enno. Eg har stor sans for den heilsprø handlinga og humoren i bøkene hans, og "Den klønete skytsengelen" føyar seg fint inn i rekka. Tittelen viser til hovudpersonen, som er ein død religionslærar som har blirr engel. I forsøka sine på å gjere gode ting skjer det svært mykje negativt, og på eitt tidspunkt får engelen tilbod om å skifte side og bli djevel. Han avslår, mykje fordi den avdøde kona hans er på den andre sida.

God underhaldning frå ende til annan, men ikkje særleg meir. Ei fin bok å kose seg i desemberstresset.

1 kommentar:

  1. Då eg las denne boka var eg komen til eit punkt då eg var metta av Paasilinna sine bøker. Men no er han visst ute på dato, så det kjem neppe fleire. Synest han hadde lita evne til fornying på slutten.

    SvarSlett