søndag 4. januar 2015

Bok 1 2015: "Fargeløse Tsukuri Tazaki og hans pilegrimsår" av Haruki Murakami

Tsukuri er ein av fem i ein vennegjeng på vidaregåande. Sidan dei andre fire har fargar som del av etternamna sine, får dei kallenamn etter desse fargane. Tsukuri. derimot, manglar farge i namnet sitt, og han opplever seg sjølv som fargelaus. Då han brått vert utstøytt av vennegjengen, går han inn i ein depresjon. Mange år seinare slit han framleis med seg sjølv, og han legg ut på ei reise for å oppsøke dei fire andre i gjengen for å finne ut meir om si eiga fortid.

Dette er ei befriande realistisk bok samanlikna med 1Q84-trilogien, men boka er likevel gåtefull og ikkje heilt enkel å kome til botnen i. Det er ein av kvalitetane ved forfattarskapen til Murakami, slik eg ser det. Ein blir sitjande att og undre seg på kva ein eigentleg har lese. Når ein kjenner til forfattaren, har ein ikkje forventningar om at alt vert klart og greitt oppklara, og då fungerer boka godt. Nokre hendingar vert ståande att som noko ein aldri vil få svar på, og det kan føre til litt frustrasjon dersom ein ikkje er budd på akkurat det.

6 kommentarer:

  1. Eh kom aldri så langt at eg las siste boka i Q-trilogien, eg orka ikkje å lese dei to første om att, noko som var nødvendig for meg om eg skulle få noko ut av den tredje. Elles er eg heilt samd i det du skriv om denne boka. Sat også att med ei kjensle av at det var noko eg ikkje hadde fått med meg; noko eg ikkkje hadde forstått.

    SvarSlett
    Svar
    1. Og så får ein lyst å lese den ein gong til...

      Slett
    2. Ja, eg har siste året lese mange bøker to gonger. Først les eg dei for å få med meg handlinga. Og så må eg lese dei ein gong til for å forstå kva dei eigentleg handlar om.Og for ev.nyte språket. Like mother like doughter og v.v.

      Slett