tirsdag 6. oktober 2015

Bok 88 2015: "Mi briljante venninne" av Elena Ferrante

I denne boka møter vi eg-personen Elena, som ser attende på barndomen sin i ein fattig bydel i Napoli. Ho får i starten av romanen vite at barndomsvenninna Lila har forsvunne, og så begynner tilbakeblikka frå barndomen i kronologisk rekkefølgje. Det er viktig å vite før ein begynner å lese at dette er den første boka i ein serie på fire, slik at ein ikkje forventar noko oppklaring mot slutten. Det får ein nemleg ikkje, men ein får eit inntrykk av miljøet og ei nærheit til karakterane som ein dessverre altfor sjeldan får i romanar. Eg ser verkeleg fram til å lese dei neste bøkene i serien, for eg er nysgjerrig på å sjå korleis det går vidare i livet med vakre Lila og flinke Elena og alle dei andre menneska eg er blitt kjend med.

7 kommentarer:

  1. Eg har lese boka, men må sikkert lese den om att når nummer to kjem. Eg LID av hukommelsetap.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg las denne på papir, i løpet av ganske kort tid. Leseopplevinga blir meir intens då.

      Slett
  2. Eghugsar best dei bøkene eg les på papir. Men når eg ikkje kan sitte, høver det best med lydbøker.

    SvarSlett
  3. look at these guys try this web-site best site basics look at this now site link

    SvarSlett