torsdag 26. april 2018

Bok 27 2018: "De skyldfrie" av Gaute Heivoll

Sigrid er ei ung jente som lengtar etter å kome vekk frå mora og systera. Embret er den nye læraren i bygda, og han blir kjend med både Sigrid og familien hennar. Snart blir dei to eit par, og alt ser ut til å bli bra. Men Embret har draumar om å bli noko meir og å bli verdsett, så han blir freista til å seie det er han som har skrive ein bunke dikt han har funne. Dette er berre ei av fleire store løgner som paret lever med, og som innhentar dei etter kvart.

Boka er eigentleg ganske dramatisk, men den er skrive på ein måte som gjer at ein aksepterer løgnene og dramaet på same måte som Embret. Om handlinga er dramatisk, er ikkje språket like fullt av spenning. Ein får heller kjensla av eit lågmælt kvardagsdrama der karakterane ikkje trer tydeleg fram. Eg likte boka godt, men eg stussar litt over skrivestilen.

1 kommentar:

  1. Kan vere samd i det du skriv, men skrivestilen framhever vel på ein måte det at dei har eit traurig og trasig liv. Alt blir liksom så tungt og gledeslaust. Og det er vel den eine personen som pregar alle dei andre....Nei, eg veit eigentleg ikkje kva det er-men noko er det.

    SvarSlett