tirsdag 14. april 2026

Bok 11 2026: "Parissyndromet" av Heidi Furre


Ei ung kvinne bryt med kjærasten og livet heime i Oslo og reiser til Paris. Der møter ho nye menneske, heng opp eit verdskart på kjøkenveggen og får eit heilt nytt liv, samstundes som ho saknar delar av sitt gamle liv. Syndromet det er tale om er vonbrotet ein kan føle når ein kjem til Paris og byen ikkje lever opp til forventningane, og byen er verkeleg ikkje slik eg-personen hadde trudd. Boka handlar mest om å finne ut av kven ein er, og reisa og verdskartet er brukt som metafor på ein artig måte. Nokre av karakterane i boka er heilt herlege, til dømes Anna, som eg-personen bur saman med i Paris. Ho tek dramautdanning og kan brått kome heim utkledd som klovn, til dømes. Eg likte boka godt!

søndag 12. april 2026

Leivdalen

Eg har omsider begynt på jobb att, og i tillegg har eg hatt mi første kiropraktorbehandling etter det idiotiske fallet for snart seks veker sidan. Laurdag var det nøyaktig seks veker sidan sist eg var ute på tur, anna enn eit par besøk i Ørsta og nokre handlerundar når eg har hatt privatsjåfør. Eg hadde time på fotpleie, noko eg hadde bestilt ein dag eg tykte synd i meg sjølv som sleik med å få på meg sokkane. Bladfyken køyrde meg og gjekk tur med hundane medan eg var på behandling, og så gjekk vi ein tur saman etterpå. Vi gjekk på ein skogsveg i retning Hjellesetra, men snudde før vi var framme. Ikkje nokon kryssa i skogsvegen var merka, så vi gjekk litt på lukke og fromme. Vi kom til ei bru over Leivdalsfossen, bokstaveleg tala, men elles var der inga utsikt på turen, berre tett skog. På returen gjekk vi derfor ned ein sti nær sjølve fossen, og då fekk vi fin utsikt. Turistar frå cruiseskip vert guida til denne fossen, og den er meir spektakulær enn fotoet syner.



Etter turen var det framleis ettermiiddag og sol, og vi hadde lyst på fleire eventyr. Forma mi er elendig, men ein biltur til Stryn var sjølvsagt flotte greier. Vi åt røykt blåkveite på café, kaker og kaffi til dessert og så køyrde vi attende til Eid for å handle mat. 

Det var veldig kjekt å kome seg ut, men eg var totalt gåen etterpå. Det var det same med jobb òg ; frykteleg kjekt å møte att kollegaer og elevar, men totalt utmattande. Eg søv framleis dårleg om natta på grunn av smerter i skuldra, men eg har håp om at det vil gå over på sikt. 

Bok 10 2026: "Mordene i Rue Morgue" av Edgar Allan Poe


Den vesle boka er ein klassikar som eg har lese før, men det er mange år sidan. Poe er den mest klassiske av alle krimforfattarar, og det var kjekt å lese denne midt i all påskekrimmen på tv.

mandag 6. april 2026

Bok 9 2026: "Narsissisten" av Erling Simon

 Storytel skriv:

 I tiden før den første store utstillingen med fotografier av musikktalentet Jim og hans eldre bror Mattis, i scener fra en barndom preget av sjalusi og kamp om farens gunst, havarerer forsøkene på refleksjon rundt måten bildene fremstiller de to sønnene på. Mattis forlater Jim på trappen foran galleriet på åpningskvelden. I kjølvannet av utstillingen oppnår farens kunstnerskap internasjonal anerkjennelse. Samtidig slutter Jim helt å spille. På vei gjennom et ferietomt landskap noen år senere, får Jim tid for seg selv for første gang i sitt liv. Farens arbeidsmetoder har begynt å plage ham. I lav hastighet, på svingete veier med gamle kassetter på stereoen, trer minner Jim ikke visste han hadde ut fra skyggene av farens fotografier fra den gangen. Hva var det egentlig som skjedde mellom ham og Mattis? Inspirert av den norske virkelighetslitteraturen fra 2010-tallet, reiser Narsissisten spørsmål som alle en dag stiller seg, om hvor mye du er villig til å ofre for å bli den du ønsker, og ikke minst hvem du er villig til å ofre.

Bok 8 2026: "Opprørerne" av Kristin Gjesdal

 


Denne boka har eg hatt liggande ei stund, men det var greitt å ha noko litt meir meiningsfullt å lese når ein var sjukmeld. I denne boka møter vi forfattaren, som er professor på eit universitet i USA. Ho skriv ein del om jobben sin og studentane, men aller mest om dei kvinnene som gjerne får for lite fokus i filosofifaget. Eg lærte mykje av å lese denne boka, og eg fekk òg ein del tips til tekstar eg kan lese av nokre av dei. Boka er ikkje tung å lese, men eg las fort gjennom dei delane som handla om studentane.