

Minstemann
går
siste
året
i barnehagen
, og
i kveld
var det
julefest
med dramatisering
av "Rødhette
" og
song av "Nede
på
isen
" og
diverse julesongar
. Minstemann
var ein
dyktig
jeger som berga Rødhette og bestemora ut av magen på ulven
, han svinga
rundt
i dans
med diverse jenter
og
fekk
vere
nissen

som
delte
ut
godteposar
til
borna. Han var kjempeflink! Gamla hadde trudd at dei tre
eldste ville verte heime i år, men då alternativet var å vaske romma sine, vart dei to midterste med på festen i staden. Der var fleire på deira alder, så det er tydeleg at god mat, brus og herjing i gymsalen enno har ein viss appel
l.
Minstemann er litt av ein sjarmør som alt har draget på damene, ser det ut til.Kjekt så lenge ungane vil vere med foreldra på diverse tilstellingar. Frivillig! I dag såg vi frå 1975 på TV-året då Flåklypa Grand Prix kom. Det har vore ein del diskusjon om kva år vi såg den.Det var også året for Bohemian Rhapsody-the greatest song ever made!Og det store KVINNEÅRET.
SvarSlett