Eg er heldig som også i år har fått innvilga onsdagsfri. Denne veka var det berre Minstemann som hadde fri, og vi drog fram sykkelen for å sykle til butikken for første gong sidan eg fekk ny bil. Ærendet var å handle inn til kakebaking, men butikken mangla ein vesentleg ingrediens: kvit sjokolade. Mange butikkar manglar denne nesten livsnødvendige vara, så seinare på dag kjøpte eg rikeleg. Ein kan aldri vite kva tid ein får lyst til å bake! På heimveg måtte eg nesten le av meg sjølv: eg sykla 12 kilometer for, ironisk nok, å kome heim med ein pakke margarin og ein kartong fløyte.
Ja, ja, du skal vel ikkje ete alt sjølv ...
SvarSlettI dag kom eg heim med ein pakke fløyte som eg absolutt ikkje har lagt i korga sjølv. Skal tru om ein kvan annan leitar etter den fløyten dei er sikre på at dei kjøpte?
SvarSlett