onsdag 20. oktober 2010
Snø i hagen, mat i magen
I dag var det snø i hagen då vi stod opp, og etter kvart vart det også nydeleg sol. Vi rakk ikkje å få gjort så mykje før vi reiste til Volda, der Minstemann hadde avtale med tannlegen igjen. Etter det hadde vi eit par timar til overs før ballett-timen til Veslejenta. Det vart nokre dyre timar, for vi dumpa borti "BIG SMILE DAY" på Cubus (= 30% rabatt på alle klede), mange gode tilbod på Europris og diverse meir eller mindre nødvendige småting her og der. I tillegg hadde vi det ærefulle oppdraget å kjøpe snop og pynt til Halloweenfesten.
Storegut hadde reist heim etter skulen, og han fekk i oppdrag å lage middag: ris, bernaisesaus, grønsaker og kalkunkorv. Ungane mine et det meste dersom dei får ris og bernaisesaus til. Gamla stilte som assistent (nesten "sleeping partner"), og resultatet vart veldig bra.
Synest minstemann ser mellomfornøgd ut? Var det ikkje kjekt hos tannlegen i dag? Han forklarte meg at det berre var for vaksne det var låkt å bore! Vi to pensjoane skal til tannlegen fredag i 10-tida.
SvarSlettSer du har funne plass til te-boksane.
Minstemann var superflink hos tannlegen i dag òg. Og alle var nøgde med maten - uttrykket har meir med moras fotoentusiasme å gjere. Ikkje alle likar å vere motiv. Kokken sjølv flykta heilt. Teboksane passar godt, og er fylte til randa med ulike typar te. Godt til kos på mørke haustkveldar.
SvarSlett