I år har vi begynt med "fagdagar" på jobb, slik at ein anten har 8, 4 eller 0 timar i eit fag på fredagane. Hittil har eg berre jobba to fredagar med 8 timar kvar, og elles har eg hatt studiefri. I dag var eg tidleg oppe og las eit par artiklar før Veslejenta stod opp (ho hadde òg fri). Deretter gjekk vi på tur i Mjeltvika med hunden, og no er vi klare for oppvarma fårikål frå i går. Eg har vore superhusmor denne veka og servert både heimelaga kjøtkaker og pannekaker - i tillegg til fårikål. Eg lagar framleis rikeleg store porsjonar, så det held ofte i to dagar. Minst.
I går fekk eg levert ein pall med ved på døra, og i dag viste det seg at vi hadde fått eit nytt husdyr som stortrivst på toppen av vedsekkane. Han var ganske pen.
Kan det vere ein øyenstikker?
SvarSlettMinstemann var så imponert over biletet/kameraet, men han trudde det var ein mygg. Det er ein stor augestikkar.
Slett