tirsdag 30. januar 2024

Vest nummer 1: Twisty Akita til Storegut


Ein gong Storegut var heime, fekk han ta seg ut eit par mønster på nett. Eg hadde lyst til å prøve å strikke vestar. Denne vart veldig mjuk og god, og mønsteret var greitt å følgje. Den blå tråden heiter Dale Older og var veldig mjuk og hadde ein nydeleg blåfarge, medan den andre tråden heiter Twisty Air og var loden og fleirfarga. Mønsteret var litt vanskeleg å memorere til tider, men sjølve oppdelinga i fram- og bakstykke, V-hals og kantar var veldig lett å få til ut frå forklaringane i mønsteret. I og med at tråden er dobbel på heile plagget, vart det ein mjuk og varm vest som poden skal få neste gong eg ser han. 

Genser nummer 58: "Fanagenser" til Veslejenta.

Slik er fargane eigentleg

Her er genseren ferdig, men den ser grå ut på biletet.

Eg hugsar at mor mi i min ungdom strikka ein grå og kvit fanagenser til meg, og ei raud og kvit fanakofte til systera mi. Etter kvart enda kofta opp i mitt klesskap den òg. Eg kan finne på å bli nostalgisk, og eg tenkte på desse plagga då eg søkte etter ei oppskrift med rundfelling. Neste dag kom det eit tilbod på facebookfeeden min, så algoritmane gjorde jobben sin. Eg bestilte den mosegrøne strikkepakken som eg fekk tilbod på, men endra frå kvitt til naturkvitt. I tillegg bestilte eg ein raud og naturkvit som eg skal ha sjølv. Den mosegrøne skulle eg strikke til Veslejenta, og det vart brått litt stress då ho skulle i praksis og ville ha den på på første dag. Mora måtte droppe det meste av huslege syslar og berre sitje pal og strikke (ikkje svært motvillig), og jammen vart den ferdig. Ho måtte ta den med våt då ho reiste til faren, så eg får vente med bilete av genseren på eigaren. Den vart rett fin, sjølv om eg likar best isette erme. Det ligg utanfor min kompetanse, så vi tek til takke med rundfelling. Den var skikkeleg kjekk å strikke, og eg er i gang med den neste, sjølvsagt.

fredag 26. januar 2024

Bok 5 2024: "Sverdsang" av Bernard Cornwell


Året er 885, og Uthred har sverga truskap til kong Alfred, sjølv om han på mange måtar held med danane. Uthred er sjølv saksar, men vaks opp blant danane og har lite til overs for den kristne trua. I denne boka har brørne Sigfred og Erik kome til London, og det blir Uthred si oppgåve å stanse dei. Dette er den mest sentrale konflikten i boka, men i tillegg er der ei forteljing om kongsdottera som blir gifta vekk og deretter røva av danane. 

Bok 4 2024: "Alt som skranglar" av Erlend Skjetne

Dette er ei diktsamling frå 2022, så den burde vere ny nok til å kunne representere nyare norsk poesi. Skjetne sine dikt er relativt kvardagslege til tider, men dei har òg ei interessant djupn. I utgangspunktet handlar mange av dikta om farsrolla, men òg om eit barn som faren ikkje forstår, og kanskje skjemmest litt over til tider. Eg likar måten forfattaren fangar kvardagen på, som i diktet "Dørskilt":




Bok 3 2024: "Søkk" av Hilde Myklebust

I denne diktsamlinga finn ein mange fine dikt som viser stemningar i naturen. Forfattaren er fødd i 1979, men dikta verkar på ein måte svært gamle. Eg likte dikta for min eigen del, men dei var litt for kompliserte til å kunne fenge elevane, noko som sjølvsagt ikkje seier noko om kvaliteten på dikta. Nokre dikt passar til å bli analyserte og samtala om i plenum, andre passar betre til å bli lese ei stille stund i godstolen og gi nokre ord til ettertanke. Dette var ei slik samling, og den var fin å lese. Eitt av dikta syntest eg var så kort og enkelt at eg skal bruke det i undervisninga. Det fekk meg til å tenkje på Olav H Hauge.






fredag 19. januar 2024

Bok 2 2024: "Ein far til overs" av Sondre Hallvardson Bjørgum

Det er ikkje ofte eg set meg ned og les ei heil diktsamling. Årsaka til at eg gjorde det no, var at eg ikkje likte dikta i norskboka for vg1, og at eg ville finne noko nytt som kunne kjennast relevant for elevane. På skulebiblioteket fekk eg med meg nokre samlingar, og denne vart eg sitjande med til eg hadde lese heile. Her var mange fine dikt som var lette å relatere til, både om farsrolla og om mobiltelefonbruk. Eg valde ut nokre av dei korte dikta og skreiv dei inn i ein power point presentasjon, slik at det var eitt dikt på kvart lysbilete. Slik kunne vi undre oss over tekstane i samla klasse, utan å tolke dei sønder og saman. Poenget var å gjere elevane litt positive til lyrikk - å avmystifisere det, på ein måte. Dei dikta eg valde var blant dei som var enklast å forstå, men heile samlinga er veldig fin og lett tilgjengeleg.  



Eit døme på eit dikt eg tok med i presentasjonen:





set telefonen på lading

seier god natt til døtrene våre

det viktigaste først


Albert og Dennis 8 månader

Det har vore mykje kulde og snø den siste tida, noko som kan vere fint dersom vegane ikkje er for glatte og turvegane er moka. Det er ikkje så lett for små hundar å buksere seg rundt i knehøg snø, men førre helg kom vi oss ut på tur til Mjeltvika i nokre få cm nysnø. Det var perfekt både for to- og firbeinte. Det var ikkje sol den dagen, men det er håp om å få sjå meir av den òg framover. Bileta er tekne og redigerte av kjærasten til Veslejenta.

Dennis

Albert



Bok 1 2024: "Jarlene fra nord" av Bernard Cornwell

 

Denne boka handlar mykje om strid mellom sksarar og vikingar. Uthred, forteljaren, har eit ambivalent forhold til "danane", sidan han vart oppfostra av danane som tok livet av faren hans. 

Bok 40 2023: "Den hvite rytteren" av Bernard Cornwell


Storytel skriv: "Den hvite rytteren (tittelen refererer til Bibelen, Åpenbaringen 6.8) er bok nummer to i serien om Uhtred, Lord av Bebbanburg, og hans innviklete forhold til Alfred den Store, konge av Wessex i det 9. århundre. Historien begynner dagen etter hendelsene som avsluttet Det siste kongeriket, og fortsetter beskrivelsene av det skjebnesvangre året vikingene kapret Alfreds kongerike og drev ham på flukt. Det kan synes som Wessex, og England, er tilintetgjort, men Alfred er fast bestemt på å gjøre et siste desperat forsøk som muligens kan redde kongeriket hans."

Etter at handlinga er slutt, kjem eit etterord som eg syntest var svært interessant. Det handla mellom anna om dei kvite hestane som ein kan sjå nokre stader i det engelske landskapet.