mandag 30. juni 2014

Sommar og sol på Straumshamn



I dag hadde vi ingen planar, og sola skein frå skyfri himmel. Minstemann fekk sove til han vakna av seg sjølv, og då hadde eg allereie fått unna eit par klesvaskar og sola meg ei heil stund. Seinare gjekk Minstemann, Kompisen og eg tur ned til småbåthamna, der gutane bada. Ingen av dei fekk behov for livberging, takk og lov, for det var ikkje akkurat freistande å hoppe uti.

Resten av dagen tvinga eg dei til å vere ute, eg klipte litt plen og laga mat til storesøskena kom heim frå Trondheim.

søndag 29. juni 2014

Bok 51 2014: "Berts dagbok" av Anders Jacobsson og Sören Olsson

Mange vil nok hugse tv-serien om Bert, ein slags svensk versjon av Adrian Mole, som var populær på 80-talet. I denne første boka møter vi Bert, snart 12 år, som gjer noko så utypisk som å skrive dagbok, sjølv om han er gut. Romanar i dagbokform er ofte populære, og denne er ikkje noko unntak. Vi får ta del i Bert sine tankar om livet, hans daglegdagse bekymringar og kjensler på ein humoristisk måte. Gode barnebøker skal vere gode for vaksne òg, og dette var ei perle av ei lydbok å ha med seg i bilen.

lørdag 28. juni 2014

Kvalitetsnerdetid i Trondheim for mor og son

Laurdag morgon var Minstemann og eg på plass i byen då muséa opna. Vi hadde valt ut "NTNU Vitenskapsmuseet" og "Vitensenteret i Trondheim", og etter fem timar hadde vi verkeleg fått ulysta oss på historie og naturfag i alle tenkjelege variantar. I byen var det mykje som skjedde av musikalsk art, men Minstemann var mildt sagt uinteressert. I staden for å sjå på folkelivet og høyre på korpsmusikk i gatene, gjekk vi derfor tur opp på Kristiansten festning og såg på utsikta over byen derifrå.













fredag 27. juni 2014

Korpskonsert og Rockheim

No er berre Minstemann og eg att på hotellet, og vi stakk inn til sentrum for å vere publikum i føremiddag òg. Denne gongen var det korpset vi skulle høyre på, og det var sjølvsagt kjekt. Etterpå skulle vi til Rockheim, det store muséet for pop og rock som ligg ved Pirbadet. Det var umogleg å vite på førehand kor lenge vi kom til å vere der, men det tok oss om lag 3 1/2 time å gå lei. Dei to siste timane tilbragte vi på eit rom der ein kunne spele ulike instrument, og eg kan røpe at det var mora som gjekk lei først.

Litt byvandring og junkfood vart det sjølvsagt tid til i dag òg, men etter den hektiske og lange gårsdagen var det greitt å kome seg tidleg "heim".





Torsdag i Trondheim






Vår Frue kirke




Opning av den store korpshelga i Trondheim
Torsdag fekk vi meir tid til sightseeing og byvandring, men det viktigaste var sjølvsagt å få med seg landsmønstringskonserten i Olavshallen. Korpset vart for seine til å få med seg den hendinga, men dei fekk høyrt gutane spele på caféen "Coffee Annan" om kvelden.

onsdag 25. juni 2014

Bok 50 2014: "Skammarens dotter" av Lene Kaaberbøl

Denne boka er første del av ein dansk fantasyserie som er omsett til nynorsk. Lydboka er lesen av Mari Maurstad, og det er den versjonen eg har lese saman med ungane. Maurstad les godt, og boka er underhaldande. Handlinga er lagd til eit mellomalderliknande samfunn, og hovudpersonen Dina er dottera til ei "synsk" kvinne som kan vite kva ugagn menneske har gjort ved å sjå dei inn i auga. Mora blir skulda for å vere trollkvinne, og Dina vert kjend med ein ung gut som er skulda for å ha teke livet av fleire slektningar. Sjølv er han usikker på om han er skuldig, men hugsar ingenting.

Eg likte boka, men den manglar skikkeleg slutt, sidan den er første del i ein serie.

Bad og byvandring

Pirbadet






Første dag i byen brukte vi til eit herleg og oppfriskande opphald i Pirbadet, og deretter ein tur i Nidarosdomen. Litt byvandring fekk vi òg tid til, og sjølvsagt nokre matstopp. Vi tok tog til og frå sentrum, og det var både enkelt og behageleg.

tirsdag 24. juni 2014

Miniferie til Trondheim

I dag tok dei to minste og eg av og køyrde like til Trondheim. Første stopp var Lom, der vi vandra litt rundt og enda opp med verdas beste bollar på det lokale bakeriet. Neste stopp var Oppdal, der vi inntok middagen ("kylling rullekebab"). Turen gjekk radig, og vi enda opp på hotellet vi fekk booka i siste liten. Eg hadde bestilt for lenge sidan, men det viste seg å vere bestilt til feil dato, noko eg fann ut søndag. Derfor ligg vi på hotell ved flyplassen, med utsikt over landande fly i horisonten. Kvelden har vi tilbragt med Tv, internett og laging av diverse produkt tilsett kokande vatn.

Ungane var usannsynleg kjekke på bilturen, og vi kosa oss med lydbok mykje av turen. Eg var mykje oppteken av vegen, sjølvsagt, men noko fekk eg sjå på turen. Vi bur i eit fantastisk vakkert land, og favorittane på reisa er Oppstryn og Dovrefjell. Eigentleg burde ein ha stogga mange gonger og sett på naturen, men då måtte ein ha sett av meir tid.





mandag 23. juni 2014

Alle mann i arbeid på første feriedag

På grunn av planane framover har dagen i dag hittil gått med til handlerunde, husarbeid og utearbeid. Veslejenta valde som sitt ansvar å vaske bilen innvendig, medan Storegut har klipt plenar og raka. Mor i huset styrer mest med klesvask, men planlegg ein tur ut for å luke litt før det vert kveld. Noko jonsokfeiring blir det ikkje med oss, anna enn at vi kanskje lagar oss graut når det lid på.
Når ein ikkje har trillebår


Var det nokon som lurte på kva arbeidsoppgåve Minstemann hadde valt? Han var så heldig å få besøk av ein kompis, så det vart lite gjort av nyttige gjeremål.

søndag 22. juni 2014

Bok 49 2014: "Rapsgubbene" av Karin Brunk Holmqvist

Boka sorterer i sjangeren "lett sommarlektyre", og eg sit att med litt av same kjensla som då eg las "Potensgiverne" av same forfattar. Karakterane er godt skildra, og innhaldet er engasjerande. Når det går mot slutten, flatar historia ut, og boka taper seg veldig.

Det positive med boka, er hovudpersonane. Denne gongen er det to eldre brør som er i sentrum, ikkje systrer, som i "Potensgiverne". Brørne opplever at det einsformige livet deira vert totalt endra då det brått vert sett ut rykte om ufoar i rapsåkeren. Skildringa av dagleglivet deira er kosteleg, men historia om dei manglar altså eit godt sluttpoeng slik eg ser det.

lørdag 21. juni 2014

Bok 48 2014: "London" av Tor Åge Bringsværd

Eg er glad i London, derfor plukka eg med meg denne lydboka frå biblioteket. Bringsværd deler her nokre av sine inntrykk frå byen, og fleire av stadane han fortel om har eg opplevd sjølv. Nokre nye tips om reisemål har eg òg plukka opp undervegs i boka. Her er ein del spennande historie og historier, sjølv om forfattaren kanskje ikkje har heilt dei same interessene som eg. Mest av alt stadfestar boka at byen har noko å by på for dei fleste, og den er skrive på ein lettfatta og engasjerande måte.

Svipptur til Bergen

På grunn av mykje ekstraarbeid siste tida har det blitt lite fjas og fanteri. Eit par dagar i Bergen fekk rette opp den situasjonen. Det vart både shopping, restaurantbesøk, byvandring (ok, eg gjekk meg vill) og galleribesøk. På veg til og frå hotellet Scandic Ørnen gjekk vi forbi nokre hus merka med "Kode 1", "Kode 2", "Kode 3" og "Kode 4". Eg vart nysgjerrig, og enda opp med å bruke eit par timar på kunstutstillingane der. Dette kan verkeleg anbefalast for dei som ikkje allereie har vore der. Eg likte best avdelingane med målarkunst, men òg brukskunstutstillinga med blant anna monterar med servise frå ulike epokar og ei samling gamle dåpsluer.

Lysande ørnebilete over senga

Utsikt frå ein benk

Rasmus Meyers samlinger (Kode 3)

Utsikt frå benk 2
Meir informasjon finn ein på http://kodebergen.no/

tirsdag 17. juni 2014

Bok 47 2014: "Potensgiverne" av Karin Brunk Holmqvist

Dette er ei lettlesen, lita bok om to eldre systrer som lever eit stilleståande og føreseieleg liv. Så får dei ein ny nabo, og brått begynner eit nytt kapittel i liva deira med postordresal av potensmiddel.

Ei morosam bok, kun for underhaldning, og heilt ok lesestoff i bilen når ein treng noko å lese som ikkje fordrar særleg tankeverksemd. Den litterære verdien er heller skral. At dette skal vere "boken alle snakker om!", er noko uforståeleg, om eg skal vere ærleg.