lørdag 16. juli 2022

Genser nummer 32 og 33: islendar "Star"

Bladfyken min hadde lyst på ein islendar, etter hardt press på å ta seg ut eit mønster, og så fekk eg ein idé om at vi kunne ha matchande turgenserar. Irriterande nok er hans mykje finare enn min, for det raude garnet blanda seg med det grå og gav min genser eit rosa preg. Jentene seier den kan fungere som julegenser. Garnet er Viking hobbygarn, som på dei to tidlegare genserane eg har strikka i dette mønsteret. Storleikane i mønsteret er heilt koko, då eg har strikka i Large til meg sjølv og den er trang. Eg har derfor auka ut mønsteret for at det skal bli passeleg til Bladfyken, som ikkje kan tenkje seg ein trang genser. Det står att å sjå om den passar - fin vart den i alle fall.



Solund 2022

For tredje år på rad leigde eg rorbu i Hjønnevåg, Solund i ei vekes tid. I år fekk eg med mine tre yngste pluss eit par svigerborn, og vi hadde ein kjekk tur trass i drittvêr. Det vart litt bading, mykje fisking, ein kveld med krabber på kaia hos tante og onkel og mykje speling og strikking på kveldstid. Alle gjekk på Dyngja, men berre Storegut og eg gjekk på Håfjellet, det høgste fjellet i Ytre Sula (202 moh). Der hadde eg ikkje vore før, så det syntest eg var ekstra stas. 
















lørdag 2. juli 2022

Genser nummer 31: Svartulv til Veslejenta


Eg har kjøpt villmarksbøkene til Lenka Neumann, og der fann Veslejenta ein genser ho likte. Den lokale strikkebutikken hadde ikkje det garnet som stod i oppskrifta, så eg har brukt Sandnes fritidsgarn i staden. Fargane er lys grått og ein slags blygrå farge, og eigaren ville ha einsfarga mørkt brot og hals. 

Genser nummer 30: Aleksander til Storegut


Denne genseren har lege ei stund. Først hadde eg strikka den ferdig før påske, men ikkje festa trådar, og så oppdaga eg at der var eit lysare felt midt på bolen der garnet hadde ein litt annan fargenyanse enn resten. Dermed måtte eg rekke opp heile rundfellingsdelen og halve bolen, men ermane fekk eg bruke om att. Dermed vart det litt ekstra arbeid, men det vart derimot ikkje så frykteleg mange trådar å feste sidan den berre hadde to fargar. 

Modellen heiter "Aleksander", garnet er léttlopi og fagane "black sheep" og "heather".  I dag kom endeleg Storegut heim på ferie, og då måtte han få genser, sjølvsagt. Den sat veldig fint, men vi får håpe han slepp å bruke den mykje i sommar.