tirsdag 27. juli 2021

Bok 45 2021: "Varsleren" av Karin Fossum

Ein ung gut køyrer rundt på mopeden sin og ser på alle menneske som lever fredelege liv. Nokre gonger les han om dei i lokalavisa når han besøker bestefaren. Sjølv har han det ikkje så greitt heime, noko som fører til at han tenkjer ut onde planar for å skremme folk rundt seg på ulike måtar. Spørsmålet er om han vil bli oppdaga før han dreg spøkane for langt, og om pussa han spelar folk er så harmlause som han trur.

Bok 44 2021: "Den onde viljen" av Karin Fossum


Tre unge menn har vore vener sidan barndomen. Då dei er på hyttetur, druknar ein av dei. Det er tydeleg at noko har hendt i fortida som har plaga han, og no bestemmer ein av dei to gjenlevande at dei skal lyge til politiet om kva som skjedde. Denne boka likte eg skikkeleg godt, då dei ulike personane er så godt og grundig skildra.

Bok 43 2021: "Den som elsker noe annet" av Karin Fossum


Det er lenge sidan sist eg las noko av Karin Fossum, trur eg, men på Storytel fann eg mange av bøkene hennar og fekk lyst til å lese nokre eg heilt sikkert ikkje har lese før. I denne boka får ein innblikk i korleis pedofile tenkjer og oppfører seg. Krimgåta er todelt, då det er to gutar som forsvinn. Den eine vert funnen delvis avkledd og død, medan den andre ikkje vert funnen. Det som skil Fossums bøker frå mange andre, er at ein får ei grundig forklaring av motiva til dei som har ansvaret for drap. Det likar eg godt.

Bok 42 2021: "Hevnen er søt A/S" av Jonas Jonasson


Ein ambisiøs mann ønskjer å nå til topps innanfor kunstverda ved å gifte seg med dottera av ein kjend kunsthandlar. Ein afrikansk medisinmann ønskjer seg ein son, og brått dukkar det opp ein 17-åring på savannen. Ein mann får ein idé om å tene pengar på menneske sin trang til å hemne urett dei er blitt utsette for. Alle desse og fleire til hamnar i den same forteljinga, då vegane deira møtest. Resultatet er ei svært underhaldande bok i ekte Jonasson-stil.

søndag 11. juli 2021

Heimveg med omveg


Frå Hjerkinn og heim att tek det om lag 4 1/2 time å køyre, ifølgje Google. Me hadde ein slags tanke om å drikke kaffi på Lom, men det var altfor kort tid etter frukosten. Då me kom nokså nær Lom, begynte eg å tenkje på eit monument eg hadde lese om for nokre år sidan, og som me eventuelt kunne reise for å sjå. Me snakka òg om at det går ein veg i retning Sogn frå Lom, men me visste ikkje noko særleg om den. På rein impuls køyrde me derfor i retning Bøverdalen, der den heilt spesielle Sagasøyla står. Monumentet er kolossalt digert, og det er dekorert med ulike historiske motiv. Årsaka til at monumentet står i Bøverdalen, i staden for sentralt plassert i Oslo, er mellom anna at kunstnaren gjekk inn i NS, noko som gir det nasjonalromantiske preget ein bismak. 

Frå Bøverdalen til Sogn køyrer ein gjennom eit ufatteleg vakkert terreng. Det øvste punktet på vegen er heile 1435 moh, og det er ved "Fantesteinen", der "reisande" skal ha gøymt seg og angripe forbifarande. Det var 13-14 grader i lufta, og folk gjekk på ski på hi sida av vatnet. Også dette var ein stad eg kunne ha tenkt meg attende til, bortsett frå at vegen ned på vestlandssida var grusomt svingete og smal.




Apropos grusomt svingete og mal: då me kom til Luster, kom me til å tenkje på det forferdelege sanatoriet i filmen "Villmark 2". For ei tid attende las eg at Harastølen, som tuberkulosesanatoriet heiter, no skal restaurerast og gjerast om til hotell. Sidan det ikkje er så ofte me reiser til Luster, ville me få med oss dette òg. Men vegen opp var usannsynleg smal og svingete, med grusveg og øydelagd asfalt det meste av vegen. Vel oppe kom me i snakk med ein arbeidsmann som var ein av investorane i prosjektet, og eg sa eg vil kome attende når restaureringa er ferdig. 


Etter stoppet i Luster køyrde me strake vegen til Byrkjelo, der eg åt middag for andre fredag på rad. Ein fantastisk mini-ferie var over, og det var på tide å reise heim til hund og hus. 


Pilgrimsleia/kongevegen til Hjerkinnhø (1210 moh)

Torsdag skulle vi ut på tur på eiga hand, og etter noko rekognosering dagane før hadde vi funne ein passande dagstur på pilgrimsleia/kongevegen mellom Dovre og Oppdal. Turen var passeleg lang, om lag 12 kilometer tur/retur, og vêret var så fint som ein kunne forvente i opp til 1200 meters høgde; om lag 18 grader, lettskya og opplett. Langs vegen fann vi nokre få informasjonsplater, men ikkje så mykje interessant som i Sogn, der vi tidlegare har gått på kongeveg/postveg. Etter det eg forstod, held dei på å restaurere denne vegen, og då håpar eg på fleire slike plater med forteljingar og informasjon på. 

Det er rart å stå på 1200 meters høgde og sjå høge fjelltoppar i horisonten, spesielt med tanke på fjella heime. Det kan godt hende vi vender attende til tilsvarande stader seinare, og eg er veldig glad for at eg endeleg fekk stogge på Hjerkinn, og at vêret vart så godt. 








Moskussafari

Onsdag hadde vi meldt oss på moskussafari - mest for å kome oss ut i terrenget saman med nokon som var godt kjende. Vi hadde nok sett føre oss ei roleg vandring i flatt terreng, men turen starta med å gå opp "Sveittlia", noko som øydela litt av den avslappa stemninga. Då vi først var komne opp, fekk vi gå utanom stien, sjå på blomar, fuglar, dyregraver og anna med interessante forklaringar frå guiden. Vi fekk berre sjå moskus på svært lang avstand, så noko fotoafari vart det ikkje for vår del. Vi fekk derimot sett både heilo og blåstrupe, og det var fint det òg. Etter å ha tilbragt veka før i Solund var det nesten absurd å vandre rundt i dette terrenget. Vi bur i eit fantastisk vakkert og variert land!



lørdag 10. juli 2021

Røros

Frå Hjerkinn er det ein køyretur på om lag 2 1/2 time til Røros, og vi hadde snakka om å reise innom der på "heimveg". Då det var meldt ein del regn tysdagen, vart det til at vi reiste til Røros denne dagen. Der var vi innom kyrkja, som var stengd på grunn av restaurering sist eg var der (2010). 






Etterpå var vi på bergverksmuseet, noko som var svært interessant. Ein annan gong skal vi prøve å skvise inn eit besøk i gruvene òg, men denne gongen vart det rikeleg program.

Nydelege dåpsposar

Fleire avanserte modellar viste korleis gruvedrifta hadde gått føre seg


Eit siste ærend på Røros var å ete softis med molter, noko eg hadde lyst på i 2010, men som då vart nedstemt av ein ungeflokk som heller ville ha pizza. 








Kongsvold fjellstue

Måndag 5. juli reiste Bladfyken og eg på vaksenferie til Hjerkinn - ein stad eg ofte har hatt lyst til å stogge på vegen til eller frå Trondheim. Vanlegvis kan eg ikkje skryte på meg å vere distré, men denne gongen slo eg til. Eg hadde reservert rom på ei fjellstove frå 7. - 9., men vi møtte opp to dagar for tidleg. Dama bak disken ordn opp, og vi hamna dermed på Kongsvold fjellstue i to netter. Det vart eitt av høgdepunkta på turen, sjølv om internettet var elendig og rommet måtte vere såpass. Fjellstua er ein eldgammal skysstasjon som er bygd om med fleire bygningar med rom til utleige. Vi hamna i ein andreetasje med ei smal og bratt trapp, men vi fekk eige bad og eit stort rom. Internettet var som nemnt elendig, og det fanst ikkje tv på rommet, men elles var der fint bad og gode madrassar.


Utsikt frå rommet


Det som derimot var av topp klasse, var middagane. Første dag fekk vi servert skogsoppsuppe, svinekam til hovudrett og panna cotta med bærsaus til dessert. Vinen var òg upåklageleg, og servicen så god at den nesten var påtrengande. 

Då vi seinare kom på den "rette" fjellstua, var måltida meir som forventa, men vi fekk ei flott leilegheit med både tv og internett. Eg er glad for at vi fekk oppleve begge delar, og det kan godt hende i stoggar på Kongsvold seinare òg.

søndag 4. juli 2021

Bok 41 2021: "Epidemier - en natur- og kulturhistorie" av Jan Brøgger sr.


Denne boka er ei slags kronologisk framstilling av ulike epidemiar, kva folk har trudd om smitte og korleis ein har fått bukt med sjukdomane. Boka er interessant,  spesielt ut frå dagens situasjon. I framtida kjem det kanskje nyare bøker om Covid 19.

Bok 40 2021: "Leksikon om lys og mørke" av Simon Stranger

Forfattaren fekk vite at konas jødiske familie hadde flytta inn i huset der Rinnanbanden hadde hatt sitt hovudkvarter under andre verdskrig. I denne boka fortel han o denne familien og om Henry Rinnan, og forteljemåten er spesiell fordi den nyttar alfabetet som utgangspunkt for framstillinga. Eg har kjøpt denne boka i papirformat tidlegare, men høyrde den no på lydbok. Den kan anbefalast, sjølv om eg synest noko av forklaringa av Rinnan vert enkel. Ingen kan vel forstå kva eller korleis han tenkte.

Reise til Solund

Fredag 25. juni pakka eg med meg born og mor og reiste til Solund. Eg hadde leigd same rorbu som i fjor, då berre gutane vart med. I fjor hadde broren min med familie leigd nabororbua, og overraskinga i år var at dei kom på søndagen og var til torsdagen. Både ungane og eg visste det, men Besta fekk seg ei overrasking. 

Også i år var vi veldig heldige med vêret, og dagane vart nytta til bading, fiske, familiebesøk (blant anna eit krabbeselskap på Nåra), båtturar, fjellturar, sightseeing og mykje prat og mat. Vi hygga oss både på tur nedover og heimover, og vi fekk sanka nye minne for livet. 

I bloggande stund har eg ikkje tilgjengeleg alle bileta frå turen, så det vert nok lagt ut litt hulter til bulter. 










Bursdag

På min 53. fødselsdag samla eg alle borna, eit svigerbarn, mamma og Bladfyken til ein spasertur nedover Elvadalen i Volda, før vi åt sushi og dessert på restauranten "My Kitchen". Det er ein god gjeng eg har!





Første feriedag: Panoramavegen

Då laurdagen kom, var vi brått fulle av utferdstrang. Minstemann var på besøk, men vi andre tok turen til Panoramavegen mellom Lote og Blakset. Vi stogga først ved skulen i Randabygda, der vi gjekk innover til Tvinnefossen. Ingen av ungane hadde vore der før, og berre Veslejenta hadde prøvd å gå bak ein foss. Det er ei spesiell kjensle å sjå dei kreftene som finst i fossande vatn. Etterpå køyrde vi til Nordsida kyrkje, ei av dei tre kyrkjene i distriktet som er teikna av arkitekt Apelseth frå Ørsta. Dei andre ligg i Kilsfjord og Berle, og ungane kjenner godt til Kilsfjord kyrkje.