tirsdag 31. mars 2020

Tredje koronaveke, dag 2.

I dag hadde eg ikkje så mykje skulearbeid som skulle gjerast, og eg hadde store planar om å få gjort ein del anna. Dessverre lid eg av ein langt framskriden latskap for tida, så det vart ikkje så effektivt arbeidd som eg hadde håpa på.

Då det vart klart at Storegut kjem heim i morgon, måtte eg ein tur på butikken. Vi har rikeleg mat, men med den bortkomne sonen i huset blir nok menyen litt annleis. Det er frykteleg skummelt å få nye folk inn i huset, men han skal sitte på med ein som han bur i kollektiv saman med, så vi får håpe det går bra.

På butikken var der ikkje mykje folk, men vi som var der fylte handlekorgene til kanten. Eg var inne ein gong til for å kjøpe med blomar heim. Om påska blir noko stusseleg i år, skal det i alle fall vere fargar og blomar å feste auga på i heimen. Så får vi berre håpe at det vert nokre finevêrsdagar, for det er nok å finne på både på tur og i hagen.

Til middag vart det tacorestar frå i går. Matlysta var ikkje på topp i dag, men det gjer ikkje det spor for min del.

Eg kjøpte to slike, dei var på tilbod til 99 kroner per stk. 

mandag 30. mars 2020

Bok 20 2020: "Stormenes tid. Del 6" av Ken Follett

Denne siste delen av den gedigne romanen, som oftast vert delt i to bøker i papirutgåve, er berre på 3 1/2 time, så det er kanskje juks å telje den med, men på Storytel er altså verket delt i seks lydbøker.

Etter mykje drama og melodrama i dei tidlegare bøkene har det no gått nokre år. Det skjer enno dramatiske ting, men kampen mot det vonde vert avslutta og Jack får endeleg vite sanninga om faren sin.

Etter å ha fullført serien er eg no klar for neste serie frå Kingsbridge. Historisk drama er ein favorittsjanger både i bøker og film, men eg rynkar fort på nasen når det blir for mykje melodrama, noko det til dels har blitt i denne serien. Eg får gi neste serie ein sjanse, for no har eg høve til å lese ein del og kan godt ta meg tid til lange seriar.

Tredje koronaveke, dag 1

I dag hadde både Minstemann og eg norsk og engelsk heile dagen, men med ulike opplegg. Mine elevar skulle blant anna jobbe med nokre oppgåver som skulle leverast inn, og eg sat parat til å svare på spørsmål på ulike plattformer. Det vart litt tid til lydbok òg, for noko av arbeidet var rutineprega òg.

Minstemann og eg gjekk oss ein relativt lang tur i retning Bjørkedalen, og då stogga vi ved ei mark der Charlie fekk springe fritt i snøen.

Vel heime att begynte Minstemann med eit nytt prosjekt; denne gongen ommøblerer og vaskar han rommet sitt. Sjølv laga eg middag og rydda litt. I dag vart det taco, noko eg aldri før har laga til to personar. Vi er døgnville og forvirra og veit knapt kva dag det er i veka, men måndagstaco var heilt ok, det.

Bok 19 2020: "Stormenes tid. Del 5" av Ken Follett

Klosteret og landsbyen Kingsbridge har hittil vore utsett for brann og overfall, i tillegg til ei kyrkje som rasar saman. I denne boka kjem det ein storm, som fører til tapte avlingar. Uåret fører til auka uro, og snart herjar bandar av fredlause i området. Våre heltar veit å utnytte situasjonen, og snart tek dei opp kampen mot dei onde personane vi kjenner frå før.

Eg har lese denne boka på kort tid, og det er fordi forteljinga er spennande, om enn noko melodramatisk.

søndag 29. mars 2020

Andre koronaveke, dag 7

Den store nedturen i dag var om lag 15 cm snø over det heile. Etter å ha stilt klokka fram ein time sist natt, kjendest det temmeleg unødvendig med vinter no - vi har tvert imot gledd oss over hestehov og krokus. Men vêret er det lite å gjere med, så det var berre å kle på seg og kome seg ut. Vi gjekk innover bygda, sidan der var relativt snøfritt på vegen, og vi gjekk inn til hyttene. I den tid eg brukte skritt-teljar var det 5000 skritt dit, så det er ein høveleg trimtur.

Elles har vi det rimeleg roleg, og Minstemann og eg regjerer i kvar vår etasje. Oppe hos meg går det i skulearbeid og lesing, i tillegg til lesing på internett og lett husarbeid. Eg har ein del sosial kontakt via diverse sosiale media, telefon og denslags, så det går greitt å vere mykje aleine. Problemet no er at eg ikkje blir rastlaus, men heller dorsk av dette livet. Eg søv langt meir enn eg plar, men geispar mykje likevel. Ikkje får eg gjort all verda heller. Det er vel ein reaksjon.

Bok 18 2020: "Stormenes tid. Del 4" av Ken Follett

I starten av denne romanendelen er Tom borte, og sonen og stesonen er rivalar. Sonen ønskjer å bygge kyrkja på ein annan måte enn planlagt av Tom, noko som får katastrofale følgjer. Jack legg ut på reise og lærer nye teknikkar. Mykje skjer av dramatisk art både med hovudpersonane og kyrkjestaden, og denne delen er meir melodramatisk enn dei tidlegare - nesten for mykje av det gode.

lørdag 28. mars 2020

Andre koronaveke, dag 6

Mamma vart 80 år i dag, og ho ønskte seg ikkje besøk, så vi måtte finne andre måtar å markere dagen på.

Like etter midnatt la ungane ut ei helsing dei hadde laga. Dei hadde sunge og spelt inn songen "Yesterday once more", som dei fleste kjenner med the Carpenters. Storegut laga til eit komp som han sende på datafil frå Trondheim, og Veslejenta og Minstemann sende attende filer med song og bassing herifrå. Storegut la på fleire instrument og miksa det heile saman, medan jentene tok seg av avfotografering og samling av foto og sette saman lyd og bilete. Eg synest sjølv det vart veldig fint og rørande, og eg håpar Mamma likte det òg.

Klokka 11 i føremiddag samla vi oss til familieselskap, der 9 av 11 barnebarn, alle tre ungane og to svigerbarn var samla saman med jubilanten. Ho kunne sjå alle oss, men sjølv hadde ho ikkje kamera.

Seinare på dag fekk ho blomar på døra. Vi hadde bestilt blomar både til inne og ute, og fleire andre hadde òg bestilt blomar. Det er viktig med blomar ein slik dag, og vi bestilte noko påskerelatert som kan vare ei stund.

Minstemann og eg hadde elles ein roleg dag, der det store spenningsmomentet var ein tur til butikken. Der var det spriting og hanskar, få kundar og stor avstand. Vi vaska oss grundig etter vi kom heim, så vi får håpe vi slepp sykje denne veka òg. Det var åtte dagar sidan førre handletur, og den tok truleg ikkje knekken på oss. Det blir litt pussig handling, men vi skal i alle fall ikkje svelte.

I kveld har vi hatt reker, loff og rå grønsaker til ein slags middag.

I kveld har vi sett litt vanleg tv, det vil seie underhaldningsprogram på nrk, men elles styrer vi kvar med sitt mykje av tida. Eg les gjerne i ei bok, eller les diverse på nett, og Minstemann har sine musikkprosjekt og er sosial via nettet med venene sine. Kvardagane våre går heilt fint, men i dag skulle vi gjerne ha markert den store 80-årsdagen "live" saman med jubilanten.

fredag 27. mars 2020

Andre koronaveke, dag 5

I dag hadde eg undervisning på føremiddag, men var tidleg ferdig. Vi laga defor tidleg middag, fiskesuppe, og så gjekk Minstemann og eg tur med hunden etterpå. Veslejenta har hatt vondt i ein fot nokre dagar, så ho vart ikkje med, men tok kjøkkenteneste i staden.

Det var surt vêr og regn då skuledagen var slutt, så vi orkar ikkje å vere så mykje ute. Minstemann gjekk likevel ned på grendahuset og heldt fram med prosjekta sine der. Etter kvart vart det òg på tide å køyre Veslejenta på kaia, for ho ville ein tur til faren i kveld. Det er liksom ikkje like stor stas med helg når ein har vore heime heile veka og skal vere heime heile helga òg, men både Minstemann og eg har mange prosjekt på vent og kjedar oss ikkje, sjølv om det kan verte einsformig og einsamt å leve så isolert i lengda.

Andre koronaveke, dag 4

Minstemann filmar til eit fagprosjekt han held på med

Vårteikn i vegkanten

Vårteikn i hagen
I dag skulle eg ikkje ha undervisning, og eg var ferdig med rettearbeidet. Eg tenkte derfor å bruke dagen til andre syslar, men medan eg tenkte på kva, tikka det inn ein sms. Eg vart kalla inn til formannskapsmøte i dag. Då eg sjekka innkalling og sakliste, stod det at møtet skulle vere i Volda, noko eg grua meg litt for. Ei dame frå rådhuset ringde og lurte på om eg hadde fått meldinga, og då fekk eg vite at møtet skulle skje på nett. Dermed slapp eg å forlate bygda i dag òg. Sidan møtet skulle begynne klokka 13, vart det ikkje til at eg starta noko storprosjekt verken før eller etterpå, men då Minstemann var ferdig på skulen, gjekk vi ein tur med hunden. Det var litt sol i dag, og nokre vårblomar har tort seg opp av jorda. Våren er ei fin årstid, når sommaren enno er i vente.

Middagen i dag vart restar frå i går og i forgårs. Eg nekta å lage ny mat før vi hadde ete opp meir av den vi allereie hadde, og det var greitt for ungdomane.

Minstemann gjekk ned på grendahuset for å styre med prosjekta sine etter middag, medan Veslejenta og eg har kosa oss med å sjå ferdig "Vikingane". Vi såg om att dei to første sesongane før vi såg den nyaste, og det er ein morosam serie. Litt tid til lesing og prat vart det i dag òg, sjølvsagt, men eg har styrt unna mange nyheitssendingar.

torsdag 26. mars 2020

Bok 17 2020: "Stormenes tid. Del 3" av Ken Follett

Dramaet held fram i denne boka. Jack og Alfred er snart vaksne, og kivinga mellom dei held fram. Tom byggjer katedral, vesle Jonathan veks opp i klosteret like ved. Den mishandla ungjenta har slått seg opp som ullforhandlar. Samtidig er det strid om kven som skal vere regent i landet, og krig og konflikt når og fram til Kingsbridge.

onsdag 25. mars 2020

Andre koronaveke, dag 3

I dag vart planane mine endra fleire gonger på grunn av uventa hendingar, det vil seie telefonar og nettmøte. I tillegg hadde eg nettundervisning og prøvde å få retta ferdig bunken eg fekk inn førre fredag mellom slaga. Ungane var opptekne med diverse prosjekt, og brått var det tid for middag, som i dag vart spagetti og bacon. Etter middag fekk eg arbeidsro nok til å ferdigstille stilbunken, men då var det blitt kveld og eg hadde gått glipp av nok ein yogatime. Minstemann hadde teke seg ein tur ned på grendahuset, der han driv med diverse musikkrelatert arbeid, og Veslejenta er i bloggande stund ute og går tur saman med ei venninne og hunden hennar.

I dag vart det bestemt at det ikkje skal haldast skriftleg eksamen for vgs i vår. For 10. klassingar er all eksamen avlyst. Ein ventar med å seie noko meir om munnleg eksamen i vgs, men etter mi meining er det tullete å prioritere det, eller gjere det digitalt. Då hadde det vore betre å få avvikle heildagsprøver for avsluttande fag, slik at ikkje standpunktkarakterane vert sett med utgangspunkt i heimearbeid aleine. Er det noko vi lærarar veit, er det at der finst mange flinke mødrer der ute.

Andre koronaveke, dag 2

I dag hadde eg undervisning 8.15-15.00. Eg legg opp til sjølvstendig arbeid for elevane, så eg slepp heldigvis å undervise med kamera på. Det blir meir å svare på spørsmål, lese tekstar og forklare skriftleg på chat. I den første økta hadde vg1-elevane mine til dømes gruppearbeid om Australia. Dei leverte inn presentasjonar dei hadde laga i grupper, og så var planen at dei skulle framføre som grupper i klasserommet dersom det vart vanleg skule neste veke. No vert det heimeundervisning fram til påske, så då skal dei spele inn ein film av seg sjølve når dei held presentasjon individuelt. Power point-presentasjonane er veldig fine, så då er det berre å vente til dei legg ut nye versjonar med tale og bilete av seg sjølve i ei lita rute på skjermen. I den andre økta skulle Vg3-elevane lese ei bok, sjå ein film eller sjå ein serie frå perioden 1980-2020. Innan fredag ved lunsjtider skal dei ha svara på nokre spørsmål til det verket dei har valt. Det var nokre av dei som leverte allereie i dag, så då får dei fri fram til lunsj på fredag. Eg likar denne måten å jobbe på, men det har mykje med faga mine å gjere og at eg låg uvanleg godt an i pensumet i år. Vg3-klassen er ferdige med alt pensumstoffet, og eg hadde tenkt å bruke resten av skuleåret til repetisjon og øving på refleksjon. Vg1-pensumet er mindre klart definert, men også der følte eg at eg var nesten ferdig.

Vêret var ufyseleg i dag òg, men Minstemann og eg gjekk oss ein tur etter skuletid, medan Veslejenta skrella poteter. Då vi kom heim kokte eg potetstappe og steikte pølser, så det vart god middag i dag. Sidan vi åt vaflar, og dermed ingen grønsaker, i går, varma eg ein pose frosne grønsaker attåt. Eg har ein del slike posar, og det kjem vel med når ein ikkje handlar så ofte.

I kveldinga gjekk Veslejenta tur med hunden og ei venninne, så Charlie har gode dagar. Eg kan ikkje seie eg lid noka naud eg heller, men eg håper eg får betre tid til å gjere fleire praktiske ting framover. Eg har trass alt mykje grønsåpe ståande på vent.

tirsdag 24. mars 2020

Bok 16 2020: "Hadde jeg vinger" av Margaret Skjelbred

Denne boka er ei novellesamling, så eg har lese litt i den no og då, ikkje frå perm til perm. Novellene handlar om ulike menneske, men nokre går att frå den eine teksten til den andre. Ein får innblikk i eigentleg små kvardagsepisodar frå fleire menneskeliv, og alle har dei ein undertone av vemod, lengt og sakn. Fleire av dei handlar om kvinner i ulike fasar, her er religiøsitet og frigjering, oppvekst og intrigar som ein anar mellom linjene. Boka kan anbefalast!

mandag 23. mars 2020

Andre koronaveke, dag 1

Gamla 27, Eldstejenta 2 - Jersey 1995

Eldstejenta 27

I dag er det bursdagen til Eldstejenta, og eg veit ho gjerne skulle ha feira den på ein kjekk og sosial måte. Planane måtte utsettast, og den nye planen var å gå i parken og feire med vener på avstand.

Sjølv har eg sete med heimekontor mykje av dagen, då eg mellom anna har retta stilar. Etter kvart gjekk vi oss ein tur i vinden. Vi gjekk etter vegane, for Veslejenta hadde med seg skateboard på delar av turen.

Dagens store høgdepunkt er middagen for tida, og i dag ville ungane ha vaflar. Problemet vårt er at vi ikkje orkar både vaflar og middag, så då droppa vi middagen. Når pannekaker er middag, kan vaflar vere det òg. Så får vi heller knaske ei gulrot og eit eple når det lid på. Vi kan no skulde lettsindigheita på at vi ville feire Eldstejenta in absentia.

Bok 15 2020: "Stormenes tid. Del 2" av Ken Follett

Tom ønskjer å sette opp ein vakker katedral, slik han lova kona før ho døde. Han treng òg fast arbeid og inntekt for å brødfø familien. Munken Philip ønskjer òg å sette opp katedralen i Kingsbridge, men onde krefter vil hindre dette. Ei ung jente og veslebroren hennar blir fordrivne frå heimen etter å ha blitt mishandla. Dei søkjer ly i det same området, og dei same onde kreftene er ute etter dei.

Serien innfrir med ei god blanding av historiske fakta og passeleg stor dose melodrama. 

søndag 22. mars 2020

Første koronaveke, dag 7

Dagen i dag begynte med ei roleg arbeidsøkt og litt romanlesing før ungane stod opp. Deretter spurte eg Minstemann om han ville gå tur eller jobbe i hagen, og han valde det siste. Han har rive ferdig leikarhytta, og i dag bar han vekk materialet til ein stad der det kunne dumpast. Min innsats var å sage greiner og små tre som har vakse opp i utmarka oppom huset. Planen min er å få rydda det området i løpet av sommaren, så kanskje finn eg ein måte å utnytte tomta betre på.

Vel inne att laga eg middag, som i dag var ris, bernaisesaus, steikt lauk, grønsaker og pølser. Eg trur det vart restar i dag òg, det vert det som regel. Eg synest det er kjekt å lage mat når eg har god tid, sjølv om det ikkje akkurat er gourmetmat som vert servert. Vi har handla inn varer som held seg ei stund, og kunsten er å variere.

Då vi var på butikken på fredag, syntest ungane eg kjøpte mykje mjølk, blant anna. Eg forsvarte meg med at det går med mykje mjølk viss ein lagar kvit saus, potetstappe eller risengrynssuppe, til dømes. Veslejenta sa då at eg aldri har laga risengrynssuppe som ho kan hugse, ho nekta nesten på at det er ein rett. Kanskje lagar eg akkurat det ein dag - i alle fall blir det sikkert potetstappe om ikkje så lenge.

lørdag 21. mars 2020

Første koronaveke, dag 6

I dag sov ungane lenge. Det gjorde eg òg, men eg rakk å jobbe eit par timar før dei stod opp.. Då var det strålande sol ute, og vi køyrde til Bjørkedalen og parkerte ved forsamlingshuset like ved hovudvegen. Derifrå gjekk vi innover langs nordsida av dalen. Det er ein tur som eg før brukte å telje som 10000 skritt, så det er ikkje heilt kort, men vegen er flatt og vi stressa ikkje.

Vel heime åt vi middag, som var restane av pastasalaten frå i går. Veslejenta fiksa scooteren sin og køyrde ein prøvetur då ho hadde fått start på den. No har ho ein lang samtale med systera i Oslo. Minstemann har eit musikkprosjekt på gang, så han gjekk ned på øvingslokalet på grendahuset. Eg har leita meg fram ei ny, god bok, har fyrt i omnen og sett på oppvask og klesvask.

Eg har ikkje kjeda meg eit sekund enno, og ungane og eg snakkar ein del om kor viktig det er å oppretthalde den psykiske helsa og å følgje oppmodingane frå myndigheitene. Vi oppfører oss som om vi er smitta, og som om vi er i risikogruppa for å bli smitta. Mot kvarandre oppfører vi oss relativt normalt.

Sjølv om eg ikkje kjedar meg på nokon måte, er eg bekymra og redd for kva pandemien kan medføre både lokalt og globalt. Eg merkar at eg ikkje kan sjå så mange nyhende på tv, og at det er viktig for meg å skjerme meg sjølv og ungane mot reportasjar, spesielt om kveldane. Eg ser på avisoverskrifter i løpet av dagen, men prøver eg å verne oss mot for mykje elende. Det høyrest kanskje feigt ut, men så lenge vi lever som vi gjer, kan vi ikkje gjere stort meir for å betre situasjonen. Ingen vil tene på at vi blir sjuke av angst her vi sit. Tvert imot trur eg det er viktigare at vi held motet oppe og prøver å hjelpe andre til det same.

fredag 20. mars 2020

Bok 14 2020: "Datteren" av Anne B Ragde

Det blir av og til vitsa med at Anne B Ragde skriv ei ny bok om Neshov-familien når ho blir blakk, for desse bøkene sel så godt. Sjølv må eg innrømme at eg synest "Berkunerpoplene" er ei fantastisk god bok, med interessant komposisjon og spennande innhald. Dei følgjande bøkene har hatt underhaldningsverdi, men ikkje den heilt store litterære verdien. Kort fortalt handlar også denne boka om korleis det går vidare med dei gjenlevande personane i familien. Kjekt medan ein les, men utan at historia vert sittande att på minnet særleg lenge, vil eg tru.

Første koronaveke, dag 5

Dagen i dag vart nytta til litt spabehandling, i tillegg til heimekontor. Det er jammen bra elevane ikkje ser læraren sin når ho har på ansiktsmaske og hårkur og er iført pysj og morgonkåpe. Vi slit framleis litt med dei digitale plattformane, og nokre av elevane har ustadig nett, men eg synest vi har kome godt ut av den første veka med heimeskule. Neste veke blir kanskje meir krevjande, for no har elevane kome inn i ein tralt og begynt å kjede seg og bli rastlause. Kunsten er å gi dei passeleg mange og passeleg krevjande oppgåver.

Heile familien (alle tre, altså) tok ein tur på butikken etter skuletid. Vi handla handlekorga full, så no har vi i alle fall støtta den lokale butikken i rikt monn. Det var truleg tryggast å handle der, for der er ikkje så mange menneske innom. Det kjennest uverkeleg, det heile.

Veslejenta henta ein pakke på butikken, og ho hadde kjøpt seg eit skateboard. Det var ein del arbeid med å montere det, og etterpå for ho ut for å prøve det. Ho ville vere aleine.


Minstemann hadde òg eit prosjekt, for i hagen står ei leikarhytte som har fått taket delvis knust i ein vinterstorm. Prosjektet no er å rive denne hytta, så får vi laga til området der med meir plen etter kvart. Det var mykje hardt arbeid med å slå sund hytta, og i kveldinga låg det heile i ein stor dunge. I morgon skal han rydde vekk fjølene.

Sidan begge ungane hadde prosjekt, sette eg meg ned med ei god bok utover ettermiddagen. Minstejenta og eg laga dessutan ein gedigen porsjon pastasalat med pesto og bacon, og seinare såg vi "Ut og stjæle hester" på tv, medan Minstemann møtte kompisar på nett.

Eg finst ikkje rastlaus enno, berre engsteleg og bekymra.

Bok 13 2020: "Stormenes tid. Del 1" av Ken Follett

Eigentleg hadde eg tenkt å begynne på ein annan serie av forfattaren, men så tenkte eg at eg har høve til å lese den første serien om Knightsbridge òg. Eg såg serien "Pillars of the Earth" for fleire år sidan, så noko av innhaldet er kjent, men det er likevel kjekt å lese.

I det første bandet i serien møter vi mellon andre murarmeisteren Tom, som blir driven på vandring saman med familien for å skaffe seg arbeid. Vi møter òg fleire munkar, fredlause og diverse andre som skaper spenning og drama i boka. Handlinga er lagd til Storbritannia på 1100-talet, og forfattaren har gjort seg flid med å få til historisk korrekte detaljar, utan at boka vert keisam av den grunn. Det er seks bøker i denne serien, sju i den neste og fem i den siste, og alle ligg no som lydbøker på Storytel. Eg skal i alle fall lese denne første serien, så får vi sjå om eg går lei undervegs.

torsdag 19. mars 2020

Første koronaveke, dag 4


I dag starta eg dagen med heimekontor, men fleire digitale plattformar svikta slik at eg ikkje fekk gjort alt det eg hadde tenkt. Eg fekk hatt kontakt med ein del av elevane mine, men berre skriftleg hittil.

Etter at skuledagen var over for Minstemann og meg, gjekk vi oss ein tur. Planen var å gå til Mjeltvika og inn til dei ruinane vi har sett på før, men vi enda opp med å gå heile den rasutsette stien/vegen til Kile, for deretter å returnere heim på hovudvegen. Der var lite trafikk, men nokre lastebilar passerer kvar gong det har kome ei ferje.

Til middag laga eg i dag ei meksikansk tomatsuppe (posesuppe) der eg tilsette restane av pasta og saus frå i går. Vi må nok på butikken i morgon, men førebels har vi hatt rikeleg både av mat og drikke. No har det begynt å bli litt keisamt for nokre av oss, så då hadde det vore kjekt å kunne bake litt, til dømes. Andre i huslyden har det langt frå keisamt, men det er klart det er skilnad på å ha heimekontor/heimeskule og å berre vere heime.

I dag kom den første koronapasienten til Volda sjukehus, så no er det heile i gang, tenkjer eg. Vi får gjere vårt beste for å halde oss friske og smittefri, og for å halde motet oppe og kroppen i form.

onsdag 18. mars 2020

Første koronaveke, dag 3

I dag forsov eg meg nesten til første time, så det er greitt å undervise utan å bli sett eller høyrt (eg skriv like pent i morgonkåpe). Eg hadde ein halv dag med engelskundervisning, deretter retta eg stilar  og prata med Veslejenta medan Minstemann hadde matematikkprøve.

Etter "skuletid" gjekk vi tur med hunden. Turen gjekk til Mjeltvika i regn og vind, og eg er framleis overtydd om at vi må ut og få mosjon og frisk luft for å halde ut og halde oss sjølve friske fysisk og psykisk.

Til middag i dag mekka eg ihop ein pastasaus med diverse grønsaker i (eg har visst hamstra gulrøter utan å ville det), og det er faktisk litt kjekt å lage mat når ein har så god tid og ikkje er gørsliten om ettermiddagen. Eg tok litt ekstra kvitlauk i sausen, sidan vi no skal halde folk på avstand uansett.

No har eg omsider retta ferdig stilbunken, men eg manglar ei innlevering før eg kan dele den ut att. Eg er glad eg har retta så mykje på nett før, for det går som ein draum. Det er konsentrasjonen eg slit med, spesielt etter at eg såg "Debatten" i går kveld. Det var veldig skremmande og pessimistisk, og eg vart liggande og gruble ei stund før eg somna. Eg har ingen problem med å leve i isolasjon og fryktar ikkje så mykje for mi eiga helse, men eg er redd for alt som kan skje dersom sjukdomen får breie seg, og eg vil helst vere frisk for å kunne hjelpe mine næraste viss det trengst.

Det er meldt finare vêr i morgon, og då ser ein litt lysare på livet.

tirsdag 17. mars 2020

Første koronaveke, dag 2.

Minstemann og eg var oppe før 8 for å leike skule på nett. Eg hadde eigentleg ingen timar, men eg har ein rettebunke som eg somlar fælt med. Det er dessutan mykje å sette seg inn i og følgje med i. Vi tok oss eit friminutt midt på dag og gjekk tur i regn og vind. Det var ufyseleg, men forfriskande òg. Veslejenta tok ein tur saman med ei venninne i bygda, så får vi håpe at begge er friske og ikkje smittar kvarandre.

Vi løyvde brennsnut i går, så det vart lett å lage middag i dag. No står kvelden for tur - det blir mykje stillesitting og skjermtid, men vi har det eigentleg bra her. Det følest berre som ei fridomsfrårøving når grenser vert stengde til nabokommunen og vi ikkje kan bevege oss fritt, slik vi er vane med. Eg synest biletet av sauene seier sitt om korleis stoda kjennest.

mandag 16. mars 2020

Første dag i første koronaveke: tur, brennsnut og ryddesjau


Treningssenter

I dag starta dagen med heimekontor, der høgdepunktet var då eg som kontaktlærar hadde møte med elevane via datamaskin. Eg tenkjer mykje på dei, spesielt dei eg veit har helseutfordringar eller sjukdom i næraste familie. Nokre av dei er engstelege. No skal vi prøve å ha ein normal skulekvardag, i alle fall.

Etter "skuletid2 gjekk vi oss ein tur etter vegane innover i retning Bjørkedalen. Det var strålande sol, men iskald vind, så det var ikkje fullt så fint som det såg ut då vi sat inne. Minstemann har elles vore oppteken med eit speleprosjekt på rommet sitt, og påstod han hadde komponert sju songar i dag. Veslejenta brukte kvelden i går til å lage seg treningsrom på rommet til storebroren, med tv så ho kan bruke youtube og liknande medan ho trener styrke. I dag har ho rydda og laga til rommet sitt, og det ser veldig bra ut.

Eg sit med ein stilbunke, som vanleg, men det går sakte framover med rettinga. Andre prosjekt er meir freistande, som å lage brennsnut av pinnekjøt og morr som eg fann i frysaren. Det er viktig å leve litt sunt, men vi har rikeleg med annan mat òg. Vi svelt og frys ikkje, vi har vatn, straum og internett og vi har eit stort hus der vi kan trekkje oss attende kvar til sitt når det trengst.

søndag 15. mars 2020

Søndag i isolasjon

Eg lever frivillig i isolasjon på grunn av smittefare, og mykje tid vert brukt til å sette seg inn i nye datasystem og planlegge online-undervisning. Laurdag vart det ikkje nokon lang tur med hunden slik eg hadde tenkt, fordi eg vart sitjande mykje med jobbrelatert dataarbeid og nyhende på fjernsyn. Eg merka at det vart mykje stillesitjing og skjermtid, og at dette fort kan bli eit problem i den nye kvardagen. I dag prioriterte eg derfor først å lytte ferdig til ei lydbok, før eg gjekk meg ein lang tur med Charlie i regnvêret. Det gjorde veldig godt! Etterpå rydda og vaska eg litt, og no sit eg ved skjermen att for å rette nokre norskstilar som kom inn fredag. Eg orkar ikkje å stresse med å rette dei, men er veldig glad for at eg for lengst har gått over til å rette på datamaskina, slik at elevane er vane med å levere og få att tekstane sine på læringsplattforma.

Fysisk aktivitet og frisk luft gjer underverk, så det skal vi prioritere så lenge vi er friske. Her i bygda nyttar ein ofte uttrykket "lufte vetet", og eg fekk  lufta både vet og hund. Eg tenkjer det skal vere lett å finne nye stader å gå tur viss det blir for keisamt i nærmiljøet, og det ligg ingen fare i å ta seg ein biltur til ein ny stad å gå tur heller, dersom ein blir rastlaus.

Eg har tenkt ut mange aktivitetar eg vanlegvis ikkje har tid og høve til å utføre, både ute og inne, så eg skal nok halde humøret oppe. No har eg akkurat funne eit par bokseriar av Ken Follett på Storytel, og det ser eg veldig fram til å få tid til. Då tenkjer eg meir på unge og gamle i storfamilien, i tillegg til alle andre, sjølvsagt. Lat oss håpe dette ikkje blir så dramatisk, og at solidaritetsdugnaden hjelper til med å bremse sjukdomen. Eg fryktar òg store og alvorlege følgjer for mindre heldige land enn Noreg, for ikkje å snakke om flyktningleirar og område med stor folketettleik kombinert med fattigdom. Det heile verkar absurd og totalt uverkeleg.

Bok 12 2020: "Æresordet. Haakon og Maud V" av Tor Bomann-Larsen

I denne boka kjem vi fram til aprildagane 1940, og det er veldig interessant. Boka kan verte veldig detaljert til tider, men eg tenkjer det er viktig at Bomann-Larsen har gjort eit så grundig arbeid, slik at boka er så fullstendig som mogleg. Samtidig tenkjer eg at forfattaren let sine eigne tankar om einskildpersonar skine veldig mykje gjennom til tider, så nokre får passa sine påskrivne for framtida.

lørdag 14. mars 2020

It's Coronatime

Etter mange veker med nyhende om koronavirus, vart det brått teke affære i Noreg. Torsdag fekk vi melding om at skulen skulle stengast frå og med fredag, og det same skjedde over resten av landet. Alle barnehagar, skular, kinoar, rådhus og anna er stengde, alle konsertar avlyste, dei fleste møte er avlyste og frisørsalongar og anna er òg stengde. Det verkar nesten utruleg medan eg skriv dette, men slik er det altså no. Fredag møtte vi gruppevis på jobb for å diskutere korleis skulen skal organiserast framover, og same dag hadde den eine klassen min norsk innlevering heimanfrå. Eg tenkjer at i mine fag blir det få og små problem med å halde det gåande, så lenge elevane held motet oppe og er friske.

Denne helga skulle det vere basar i bygda, og i neste veke skulle eg på eit langt møte i kommunestyret. Vi heldt òg på å arrangere ein fest til ære for tre i personalet som er ferdige med masteroppgåvene, inklusiv meg sjølv. Alt dette er no avlyst, og eg får mykje meir fritid framover enn eg har hatt.

Då meldingane kom om nedstenging av det meste, skunda mange seg på butikk for å hamstre inn varer. Butikkane vart dermed ein oase for virus, men framleis er det få sjuke her i området. Sjølv handla eg litt i den lokale butikken, men reknar med at eg har rikeleg liggande på vent i skuffer, skap og frysar, så vi skal ikkje svelte med det første.

Eg plar seie eg aldri kjedar meg, og eg trur denne situasjonen skal gå bra for min del. Eg har ein stabel med bøker, fleire abonnement på strøymetenester og ein hund eg kan gå turar med. Det er dessutan mykje rot som skal ryddast, rom som burde ha vore nedvaska og ein hage å stelle viss dette blir langvarig. Så lenge vi held oss friske, skal nok dagane gå heilt fint. Då har eg meir attelet for dei som blir sjuke, og for dei som er redde. Mange får dessutan store økonomiske bekymringar på grunn av manglande inntekter.

All ære til dei som ikkje går i hi, men som held samfunnet gåande med varelevering, straumforsyning, internett, matvarehandel og ikkje minst helsearbeidarar. Vi hine får gjere vår innsats frå godstolen og håpe dette går fort over, og at vi snart kan kome sterkt attende.

Eg ser fram til å gå på restaurant, gå på konsert og reise vekk, men enn så lenge er det altså unntakstilstand.

mandag 9. mars 2020

Bok 11 2020: "Krater" av Marlen Ferrer

Bo vaknar opp saman med ei kvinne han nyleg har møtt. Han gå ut for å kjøpe kaffi, og når han kjem attende har leiligheita hans blitt sprengd. Det viser seg at naboen i etasjen under er ansvarleg. Etter dette må Bo vandre rundt i Oslo, heimlaus, og han opplever og minnest ting som skjer og har skjedd i fortida, slik at vi dannar oss eit bilete av kva som har skjedd.

Eg har nyleg undervist om nyare litteratur, der skittenrealisme er ein sjanger. Eg trur vi trygt kan plassere denne romanen innanfor denne sjangeren, for her er det menneske som fell utanfor det er snakk om, og deira vanar når det gjeld sex og narkotika, blant anna.

søndag 8. mars 2020

8. mars 2020

I år var eg invitert til å vere med på ein slags paneldebatt på kvinnedagsmarkeringa, og dei siste par dagane har eg arbeidd med å skrive eit innlegg - først på data og deretter for hand, sidan eg ikkje har skrivar. Eg øvde gjennom eit par gonger for å sjekke at eg ikkje brukte meir enn dei tilmålte fem minutta, og eg var litt spent på korleis det heile ville gå.

Feiringa begynte med tog frå Rådhuset i Volda til Geiranger bakeri, der det var ein heil del program før den delen eg skulle vere med i. Det viste seg at vi skulle sitje på litt høge krakkar medan vi snakka, og så skulle vi halde mikrofonen i den eine handa medan vi snakka. Med tanke på at eg var litt ekstra spent, tenkte eg at det kunne bli for mykje for meg å halde styr på ark som måtte snuast i tillegg til mikrofonen, medan eg i tillegg sat stille på krakken, så eg enda opp med å snakke utan manus. Eg trur eg var innom dei same emna eg hadde skrive manus om, og at eg kom frå det heile med æra i behald, men eg er ikkje heilt sikker verken på kva eg sa eller korleis det gjekk. Bodskapen min var uansett at kvinnerepresentasjonen i kommunestyret er eit felles ansvar for kvar einskild kvinne til å engasjere seg, for partia til å nominere og for veljarane å stemme på kvinner.

Laurdagstur til Ørsta

Laurdag (7. mars) tok Veslejenta og eg oss ein tur til Ørsta, der vi mellom anna besøkte mormor/mor. Sidan vi hadde med Charlie, vart vi freista til å gå ein tur på det nye fonnvernet på Vallabøen - ein tur Mamma har skrive mykje om på sin blogg tidlegare, og som vi har hatt planar om å gå.

Turen var fin, den, og utsikta fantastisk. Som betringsforslag til Ørsta kommune vil eg foreslå bossbøtter ved benkane, eller ved startpunkta til turen. I Volda har ein ved nokre turvegar montert stativ med hundeposar og dessutan sett ut nokre søppeldunkar, og det gjer det litt kjekkare å vere hundeeigar. Å gå heile vegen heim med ein brukt pose i handa er ikkje noko særleg, og "problemet" er truleg større dess større hunden er.

Dei to damene på biletet er begge jubilantar i år. Den eine blir 80 og den andre 20. Nyleg vart to av nevøane mine 30 og 10 år, og snart ventar vi ein ny verdsborgar i storfamilien som òg blir jubilant når det er heilt tiår. Det er vemodig at tida går, men samtidig skjer det mykje hyggeleg òg.

Årsmøtetid

Denne tida på året er det høgsesong for årsmøte. I lokalpartiet måtte eg bidra med årsmelding for kommunestyregruppa, men på Utdanningsforbundet sitt årsmøte kunne eg lene meg attende og la andre legge fram dei ulike sakene. Eg vart attvald som vara for representanten for jobben min, og det er i grunnen passeleg engasjement for min del. Eg beheld ein fot innaanfor døra, men slepp å anstrenge meg. Sidan eg sit i tenesteutvalet for oppvekst og kultur, er det viktig for meg å følgje med i arbeidstakarsida på dei kommunale arbeidsplassane innanfor opplæring.

Bok 10 2020: "Min historie" av Michelle Obama

Vanlegvis les eg ikkje så mange biografiar og sjølvbiografiar, men denne boka tenkte eg at eg kunne lese. Den var langt meir interessant enn eg hadde tenkt meg, for den tidlegare presidentfrua har hatt ein heilt annan oppvekst enn ein kunne tru, og ho har såleis stige i gradane ved å streve på skulen, kome inn på prestisjefylte universitet og bli oppbacka heimanfrå. Livet saman med politikaren Barack er òg interessant, og ikkje minst korleis ho brukte dei åtte åra i posisjon til å utrette viktige ting. Eg skulle sjølvsagt ønske ho hadde stilt som presidentkandidat...

UKM 2020

Laurdag 29. februar deltok Migraine på UKM for andre gong. Det var 15 ulike sceneartistar i år, og svært høgt nivå. I år skulle den lokale juryen nominere kven dei meinte skulle gå vidare, men nokon på fylkesplan skal bestemme det endeleg når alle lokalmønstringane er over. Migraine var mellom dei tre nominerte frå Volda, så får vi sjå om det blir fylkesmønstring i år òg.

Vinklubb februar 2020

Fredag 21. februar var det tid for vinklubb hod nabodama. Det var veldig kjekt, og vi fekk servert nydeleg pastasalat og vin.