onsdag 30. mars 2016

Tur i nærmiljøet

I dag var det elendig studievêr, så det var berre å kome seg ut på tur for å ladde batteria. Vi valde å leite etter ein sti som går mellom huset mitt og nabogardane i Søvika, deretter gjekk vi langs hovudvegen til Kile. Frå Kile gjekk vi stien gjennom rasområdet til Mjeltvika. Sola steikte skikkeleg, og ein kunne ha sete i solveggen og kvilt seg i staden, jobba i hagen eller reist på langtur, men behovet var størst for å få mosjon. Og når det er fint vêr, er det verkeleg vakkert her!







mandag 28. mars 2016

Mamma 76

Familien feira "Besta" på laurdag, så i dag har ho feira saman med pappa. På laurdag tok eg ingen bilete, for ein gongs skuld, så eg har ingen ferske bilete av jubilanten. Det blir derfor heller til at eg legg ut tre familiebilete. Ein kan vel seie om oss at vi er familiefolk, i den tydinga at familien alltid har vore tett knytt saman. Mykje av æra for dette skal "Besta" og mannen ha, for dei har alltid opna heimen og dekt bordet for resten av familien. I barndomen kan eg hugse mange livlige samtalar rundt matbordet, og vi har i det heile diskutert mykje. Sjølv om oppgåvene til foreldra mine var noko tradisjonelt delt etter kjønn, har eg aldri hatt kjensla av at den eine var viktigare enn den andre.

Eldstejenta plar seie at ho er glad for at det er så mange sterke kvinner i slekta mi, og det er sant at det er - og har vore. Vi har hatt meiningar og meiningars mot i fleire generasjonar, sjøl om vi ikkje alle har vore like utovervende med desse meiningane. Det har òg vore hardt arbeidande kvinner, kvar på sin måte.

Jubilanten tok gymnasutdanning på to-årig gymnas, og deretter reiste ho til Sula/Solund i Ytre Sogn for å arbeide som lærar, 18 år gamal. For dei som ikkje kjenner til Solund, kan eg seie at det i utgangspunktet er ein noko aude stad. I den tida var det ikkje veg til Trovågen, der ho skulle bu og arbeide. Men der var ein ung mann i nabohuset...

Etter to år som lærar tok mamma lærarskuleutdanning på to år, og etter det gifta ho seg. Nokre år seinare hamna dei i Ørsta, noko tilfeldig, og der har dei budd sidan.

Tre barn, 11 barnebarn og mange yrkesaktive år har det blitt, og no er mamma aktiv i pensjonistlaget. I tillegg bloggar ho og les lydbøker. Ho er høgst oppegåande og kunnskapsrik, har mykje humor og går sjeldan glipp av sjansen til å kaste seg inn i heftige diskusjonar - spesielt om språk.

Vi gratulerer altså "Besta" med dagen, og slengjer på tre familiebilete frå ulike samankomstar gjennom tidene.
Barnedåpen min, 14. juli 1968


I Trovågen, påska 1999
Feiring av Systa sin 50-årsdag, juli 2013

søndag 27. mars 2016

Bok 24 2016: "Hvis du vil" av Helle Helle

Denne boka var nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 2015. Den fortel historia om ein mann som legg ut på sin første joggetur, og går seg vill i skogen. Der møter han ei kvinne som òg har jogga seg vill, og dei finn seg ein gapahuk der dei overnattar og begynner å snakke med kvarandre. Boka har ein sår undertone, men den fortel ikkje ei fullstendig historie. Ein må dikte vidare sjølv, eller i alle fall tenkje gjennom det som står der. Eg likar å utfordre meg sjølv av og til, og dette er ei bok som utfordrar og gir ettertanke.

lørdag 26. mars 2016

Familieselskap i Ørsta

I dag feira vi 76-årsdagen til mamma eit par dagar på førehand. Vi fekk servert god, gamaldags selskapsmat: smørbrød og kaker, og vi var meir fulltallige enn på lenge (Eldstejenta mangla, elles var alle der).

Eg tok ikkje eit einaste bilete av selskapet eller gåvene, men eg knipsa eit bilete før vi reiste, av årets første krokus i hagen. Ingen blomar er så kjærkomne som dei første om våren.

fredag 25. mars 2016

Bok 23 2016: "Paper Towns" av John Green

John Green er blant dei mest populære forfattarane på skulebiblioteket vårt, og eg har lese og likt nokre av bøkene hans før. "Paper Towns" føyer seg inn i rekkja av ungdomsbøker som skildrar venskap mellom ein gut og ei jente, og desse ungdomane er ikkje blant dei penaste og mest populære i skulemiljøet sitt. Det vert også i denne boka, som i fleire andre, snakk om ei reise - nesten som ei danningsreise. Eigentleg er det to reiser, når Quentin følgjer Margo ut på eit hemntokt og når han seinare leitar etter Margo når ho har forsvunne.

Eg får ei "déjà lu"-kjensle av denne romanen, for den minner om fleire andre YA-bøker eg har lese av john Green og andre populære, amerikanske ungdomsbokforfattarar. Dette er hovudgrunnen til at eg ikkje let meg heilt rive med av denne boka, for den er slett ikkje dårleg. No står det att å sjå om eg vil like filmen, når eg får tak i den.

Bok 22 2016: "Veien til verdens ende" av Sigurd Hoel

Denne klassikaren er frå 1933, og eg har tidlegare lese ein del utdrag frå den i antologiar brukt i undervisning.

Hoel skildrar episodar frå barndomen til guten Anders frå han er tre til han er femten år. Sentralt står bygdelivet, meir og meir etter kvart som guten vert eldre, men eg likar best skildringane frå då Anders er svært liten. Forfattaren får til eit truverdig perspektiv, og nokre av episodane er veldig sterke. Ein spesielt sterk episode, som eg har lese utdrag om tidlegare, er då Anders blir med på å drukne ein geitekilling, eigentleg mot sin vilje. Den episoden viser korleis born kan gjere grusomme ting utan eigentleg å ville det, berre fordi dei vert rivne med av kvarandre. Episoden kan brukast som utgangspunkt for å diskutere mobbing eller andre brotsverk.


Astrup Fearnley og Vigelandsparken


Siste dag i hovudstaden vart noko kald og sur, og Eldstejenta var noko forkjøla. Dagen vart derfor delvis tilbragt innandørs, på Astrup-Fearnley muséet. Der er ein del moderne kunst som var interessant og rar å sjå på, blant anna klyvde kyr, krossfesta sauer og Michael Jackson som porselensfigur.





Etterpå tok eg med dei tre yngste i Vigelandsparken. Det vart ein rask rundtur, for det var surt og kaldt.







Bussen vår gjekk klokka 22, og naboen heimanfrå var sjåfør. Turen gjekk heilt flott, og i bloggande stund har vi fyrt i omnen og ete frukost. Det er godt å slappe av litt inne no, så får vi sjå om vi livnar til i løpet av dagen.

torsdag 24. mars 2016

Uten mat og drikke...

Kake til jubilanten med familie vart servert på Espresso house på Majorstuen

Middag tok vi på Gandhi restaurant på Majorstuen


Holmenkollen

Vi skulle eigentleg berre lufte oss litt, og så hadde vi kort på trikk og T-bane, så det vart ein tur til Holmenkollen. Vi var for seint ute til å kome oss opp i tårnet, men vi fekk i alle fall sett litt av bakken. Dette var det næraste vi har vore å gå på ski i påska...







onsdag 23. mars 2016

Naturhistorisk museum i Oslo

Med fire ungdomar på slep tok eg i dag turn til naturhistorisk museum, der vi såg på utstoppa dyr, steinar, skjelett og mykje anna. Det er spesielt kjekt å gå slike stader når turfølgjet har med seg mobiltelefon med kamera...








Eldstejenta 23 år

Kan ein tenkje seg noko betre på ein bursdag enn å vakne opp på hotell saman med resten av familien, i strålande vêr, og kunne bruke dagen til å kose seg saman?

Vi gratulerer den flotte studenten vår med 23-årsdagen!

tirsdag 22. mars 2016

Popsenteret, Ekebergparken og kinarestaurant

Dag to i Oslo vart litt meir actionfylt enn første dagen, sidan vi fekk ei god natts søvn. Vi starta dagen med ein tur til Popsenteret, som er eit museum for populærmusikk frå 1900 til i dag. Høgdepunktet var då ungane song inn eigen singel, og då vi tok bilete og designa albumcover etterpå.



Etter kvart vart det tid for dagens andre høgdepunkt: møte med ei venninne. Vi tok trikken til Ekebergparken, der vi såg på utsikta og kunsten medan vi prata og tok opp tråden frå sist. Det vart òg ein liten shoppingtur før vi tok avskil og gjekk kvar til vårt.


Ungane og eg kvilte oss litt på hotellet før vi gjekk på kinarestaurant for å ete middag.