lørdag 22. juli 2017

Brekkeheida og Kråkenakken

I dag skulle eg til tettbygde strok for å handle mat, så då pakka eg like godt med meg bikkja og gjekk tur ein annan stad enn heime. Planen var å gå opp til Sandhornet, men ein halv liter vatn var for lite, og hovudet var veldig surrete i varmen, så eg snudde ned att like etter Kråkenakken og gjekk ut til vindpølsa på Brekkeheida i staden. Derifrå sende eg melding til foreldra mine og spurte om eg kunne stikke innom, noko eg kunne, og så handla eg store mengder mat på veg heim.
Her omtrent snudde vi (Kråkenakken i bakgrunnen)




Hellevegen

Dikt på minnesteinen

22. juli-markering i heimen

Eg har laga meg min eigen markeringstradisjon, der eg plantar roser 22. juli. Dette passar godt som minnemarkering, og det fell gjerne saman med tilbod. I år var eg innom Hageland-hagesenteret, der det var tilbodet "3 for 2" på hageroser. Eg enda med å kjøpe tre botndekkande roser av ulike slag, og i tillegg kjøpte eg rosegjødsel. Hagejorda her har ikkje all verda til kvalitet.

Denne hadde ein ganske djup raudfarge, og var ikkje fylt

Denne hadde nydeleg gul-rosa farge

Denne var veldig kraftig, med mengder av raude roser

fredag 21. juli 2017

Bok 53 2017: "Lillian B" av Lise Marie Johansson

Johansson debuterte som forfattar 53 år gamal med denne romanen, som er liten av volum men som rommar mykje og bør lesast sakte. Hovudpersonen Lillian står ved ei branntomt i starten av romanen. Deretter får vi lese om små og større episodar gjennom livet hennar, utan at desse er kronologisk framstilt, og ein må sjølv som lesar pusle saman det store biletet.

Eg likte boka godt, sjølv om eg gjetta meg til ein del ganske tidleg. Dette er ikkje ein kriminalroman, men heller eit forsøk på å skildre eit menneske som vert prega av det ho har opplevd. Johansson har arbeidd innanfor rus og psykiatri, så ho har kunnskap nok til å skape eit truverdig bilete av eit skadeskote menneske.

Bok 52 2017: "Uglen" av Samuel Bjørk

"Uglen" er ein oppfølgjar til suksessromanen "Det henger en engel alene i skogen", som eg las i førre veke, og som eg syntest var veldig spennande. Det synest eg "Uglen" er òg, og i tillegg er den langt enklare å følgje med i og har ingen påfallande lause trådar til slutt. Slik sett er dette ei betre komponert bok, men det var kanskje meir hjernetrim i den første.

Ein rik mann testamenterer formuen sin til sonen med atterhald om at han ikkje giftar seg med nokon som har born frå før. Sonen giftar seg med ei tobarnsmor etter å ha sendt borna vekk, og det er historia om desse og andre born med ein trasig bakgrunn som står i fokus gjennom boka.

Ei ung jente vert funnen død på ei seng av fuglefjører, avmagra og med magesekken full av dyrepellets. Ein mann nektar å ta av seg sykkelhjelmen. Jentene på ein barneinstitusjon er begeistra for ein mannleg tilsett. Den nye mannen til eks-kona til Munch har vore lærar på den institusjonen der den drepne jenta budde. Midt i det heile har dottera til Munch forelska seg, og vurderer å bryte ut av ekteskapet. Mange trådar leier fram mot ei dramatisk og spennande løysing på mordgåta.

onsdag 19. juli 2017

Bok 51 2017: "En ganske ubetydelig mann" av Christina McKenna

I denne boka møter vi Jamie, ein 41 år gamal irsk bonde som ikkje heilt greier å ta vare på seg sjølv. Naboparet rådar han til å svare på ein kontaktannonse i ei avis, noko han gjer. Vi får òg høyre om Jamie sin barndom på katolsk barneheim, der han vart mishandla på ulikt vis. Parallelt føgjer vi historia om Lydia, som er einebarn og bur saman med mor si. Sidan ho er i 40-årsalderen, har det begynt å haste litt for henne å finne seg ein mann, og ho får råd av venninna om å setje inn ein annonse i ei avis.

Spenninga ligg i om desse to einsame menneska vil møtast, og kva kjensler som vil oppstå. Boka er både humoristisk og alvorleg, og det er ei fin forteljing som ikkje er heilt føreseieleg.Eg lånte den fordi den handla om Nord-Irland på 1970-talet, men den er heilt fri for politikk.

tirsdag 18. juli 2017

Bok 50 2017: "Carry on" av Rainbow Rowell

Sidan eg likte så godt "Eleanor & Park" av same forfattar, hadde eg håp om at denne boka ville falle i smak. Skepsisen vaks då eg såg at boka handla om ein trolldomsskule som i Harry Potter-bøkene (som eg ikkje har orka å lese, og som eg har somna på kino under filmar av), og dette er definitivt ikkje ei bok eg kjem til å hugse handlinga i. Likevel er det mykje positivt å seie om boka.

Simon Snow (som visstnok var ein karakter i boka "Fangirl", som eg ikkje har lese) er "den utvalde", og har mange magiske evner som overgår dei andre på skulen. Han deler rom med vampyren Baz, som han hatar, og er bestekompis med ei jente og kjærast med ei anna. Kjærasten er, på si side, forelska i Baz. Forviklingane står i kø, noko fiendar på utsida også gjer. Alt dette kunne ha funne stad i ei meir realistisk verd, men så er det krydra med litt magi òg.

Humoren til Rowell er ganske spesiell, og i denne boka er det dei magiske trylleformulara som skil seg ut som særs artige. I staden for poetisk klingande fraser bruker dei i denne boka meir normale fraser som trylleformular, som til dømes "U can't touch this" og "come out, come out, wherever you are". Det blir litt komisk å sjå føre seg ungdomane svinge tryllestaven og rope ut slike trivielle fraser.

For dei som liker sjangeren er dette sikkert ei heilt grei bok, men eg ser at eg ikkje er i målgruppa og har derfor ikkje heilt lov å uttale meg, synest eg.

Bok 49 2017: "En sjøens helt. Skogsmatrosen" av Jon Michelet

Denne boka er første del av ein serie som Michelet har skrive, og det er uansett kva ein elles meiner ein enorm arbeidsinnsats som ligg bak. Lydboka er på meir enn 43 timar, og det har teke si tid å høyre den ferdig.

Handlinga dreiar seg rundt unge Halvor, som mønstrar på eit skip i 1939. Utover i boka følgjer vi skuta jorda rundt, medan Halvor møter kvinner og lærer mykje geografi og historie i tillegg til meir og mindre dramatiske opplevingar.

Det eg liker minst ved boka, er dei i mine øyre oppkonstruerte dialogane mellom Halvor og andre, der poenget er å få fram historisk og geografisk kunnskap. Halvor er litt naiv og uvitande, og samtalepartnarane ausar belærande av sin kunnskap. Elles har han lese både Hamsun, Fønhus og Homer, og han har med fleire bøker av høg kvalitet på ferda. Noko anna eg misliker, er kvinnesynet som til tider skin gjennom. Kanskje er dette meint å skulle vere Halvors vrangforestillingar, men det er noko klisjéprega og usannsynleg når dei prostituerte er oppegåande og frigjorde, og ikkje minst er dei asiatiske kvinnene skildra som fantastisk frigjorde, utan nokon motførestillingar eller hint om at livet faktisk var hardt for kvinner som ser seg nøydde til å selje kroppen sin for ein pakke sigarettar og ein rest maling.

Det eg likte med boka, var dreiinga av handlinga då krigen begynte å kome nærare inn på skuta, for å seie det slik. Eg synest boka då skifta over til å bli ei langt meir interessant historie enn det lærebokpreget den hittil hadde hatt.

Meiningane mine om boka er delte, og eg har ikkje lyst til å lese serien vidare heilt med det same, i alle fall.

mandag 17. juli 2017

Slektstreff i Ørsta

Bror min med familie er på besøk i Ørsta, og i dag tok eg meg ein tur dit saman med tre av borna. De kan lese meir på mamma sin blogg - eg ville mest av alt dele det koselege biletet (som eg tok sjølv med mamma sitt kamera).

Regn og ryddevêr

Det er nesten haustleg ute, med ti grader og pøsregn. Men eg har mange oppdrag som har lege på vent frå travle vårmånader.

I morgon er det boshenting, og dunken min var knapt halvfull. Dette inspirerte til opprydding i boder og på "kontoret", sjølv om det der mest vart snakk om papirbos. Det er utruleg kva ein samlar på! Vedomnen fungerer fint som makuleringsmaskin, og dunkane er snart breddfulle. Charlie hjelper sjølvsagt til og har dessutan lært seg å posere for mobilen, ikkje berre kameraet...
Denne bunken med papir skal resirkulerast etter at eg rydda EI hylle. Ein heil del vart brent òg...

Stemningsbilete frå hagen

søndag 16. juli 2017

Bok 48 2017: "Ismael" av Roy Jacobsen

Eg har tidlegare lese nokre bøker av same forfattar, og favoritten er "Seierherrene". Denne boka er heilt annleis, i og med at den handlar om etterretning og denslags, ikkje kvardagshistorie. Sentralt er også den merkelege og noko direkte skildringa av eit kjærleiksforhold mellom ein mann og ei kvinne som bur på eit nedlagt småbruk på grensa til Sverige.

Mysteriet ligg i kven Ismael er, kva som har skjedd i fortida under den kalde krigen og kva som vil skje når alt kjem fram i lyset - viss det då gjer det.

Boka er ganske komplisert, men òg ganske god.


lørdag 15. juli 2017

Bk 47 2017: "Hjertet er en ensom jeger" av Carson McCullers

Forfattaren var berre 23 år då denne romanen kom ut i 1940 under tittelen "The Heart is a Lonely Hunter". Boka er ein sørstatsroman som kan minne om Harper Lee sine bøker, men som har eit gamalklokt vemod over seg som er beundringsverdig og uventa med ein så ung forfattar. I Noreg har boka blitt bestseljande etter nyutgjevinga i 2016.

Boka er ein samtidsroman som først og fremst skildrar raseskilnader og fattigdom i Sørstatane i USA på 1930-talet. Ein døvstum mann mister sin nære, døvstumme ven, og tilbringer mykje tid i einsemd på ein café. Av ein eller annan grunn begynner menneske rundt han å betru han sine inste tankar, og han blir dermed ein viktig person i liva deira. Vi får innblikk i arbeidsforhold, raseproblem, økonomiske forhold og mykje politikk, sidan ein av personane er glødande oppteken av denslags. Mest av alt handlar boka likevel om den einsemda menneske kan føle når dei ikkje har nokon nær ven, eller ikkje kjenner seg heime i det livet dei lever.

Eg likte boka godt, men angrar litt på at eg ikkje like godt las den på engelsk. Eg reagerer også på at somme afro-amerikanarar blir skildra som ganske einfaldige, men det har eg sett i mange bøker frå liknande miljø.

fredag 14. juli 2017

Bok 46 2017: "Det henger en engel alene i skogen" av Samuel Bjørk

Denne kriminalromanen har vore mykje omtala i ulike facebookgrupper, og eg har lenge tenkt eg skulle lese den. Det angrar eg ikkje på! Boka er lang og har eit stort persongalleri, men den er berre utruleg spennande. Nokre lause trådar vert ikkje nøsta opp til slutt, historia er ikkje særleg sannsynleg men likevel er dette ei bok det er vanskeleg å legge frå seg.

Kriminalgåta dreiar seg om småjenter som vert funne døde, utkledde og med skuleransel. Mordaren legg att spor og kodar for å leike med etterforskarane. Ei enke får ein minnepinne med ein film laga av den døde mannen, men vel å kaste den fordi han ikkje var nokon god ektemann. Ei politikvinne planlegg å ta livet av seg. To gutar lever i eit dårleg familieforhold. ei gruppe religiøse fanatikarar samlar seg i skogen. Historiene er mange, men eg greidde å halde tråden gjennom heile, noko eg ser som eit kvalitetsteikn.

Borgund stavkyrkje, Galdane og Seltunåsen

Eg har køyrt forbi stavkyrkja i Borgund tallause gonger utan å gå inn, men torsdag tok vi oss ein snartur innom både kyrkja og museet i besøkssenteret. Det moderne bygget frå 1995 står i ein artig kontrast til den gamle kyrkja. Til slutt vandra vi sjølvsagt over kyrkjegarden og las på steinar - ei sær interesse vi heldigvis deler.

Grav over ein ung mann som døydde under krigen

Stavkyrkja med besøkssenteret i bakgrunnen til høgre

Etterpå køyrde vi til Seltun, der vi starta vandringa opp Kongevegen på vegen forbi Galdane. Første stopp var husmannsplassen Seltøyni, som vart rydda i 1745 og drive som sjølveigande bruk i 1932. Det seiest at ein av husmennene stelte plassen så dårleg at bonden måtte få med seg lensmannen for å kaste han ut. Dei tok med seg utedøra for å gjere huset ubebueleg.
Seltøyni (Fjellheim)
 Ein stor del av vegen ligg i steinur langs elva. Eit par stader fann ein restar etter tyskarane sin bruk av området under andre verdskrig, då dei ville stogge ferdsel opp gjennom dalen mot Austlandet.

Militært minne frå andre verdskrig, då hovudvegen gjekk på hi sida av elva

 Hovudattraksjon på vegen er husmannsplassen Galdane, som vart fråflytta så seint som i 1947. Elles budde der folk i 1660 (og truleg før), men huset var noko nyare. Ein familie med 11 born hadde budd der, mellom anna, og det var mange frå denne staden som utvandra til Amerika. Det forstår eg godt.


I bakgrunnen, oppom berghammaren, ser ein vegen over Seltunåsen


Denne brua er ny, og dessutan rekonstruert etter gamle skildringar, og sherpaer har vore ansvarlege for steinarbeidet






Den stusselegaste husmannsplassen vi såg, var den som låg under ein hellar.


"Olavsklemma" er ein fjellformasjon som truleg er forma av elv og is, men som segna fortel at Olav den heilage kom ridande gjennom. Då sprekka i fjellet var for smal, bad kongen hesten sette baken mot eine sida og sparke ifrå slik at fjellet opna seg. Jettegrytene er altså kanskje merke etter baken til ein hest. Under andre verskrigen hadde tyskarane ein post her òg, og dei har sprengt ei hole i fjellet. Det er inga segn.


Tyskarane sitt verk
 Då vi kom tilden store parkeringsplassen der turen til Galdane "skal" begynne, gjekk vi eit lite stykke på den gamle hovudvegen på hi sida av elva, før vi begynte på turvegen over Seltunåsen.
Elva sett frå området ved brua

Denne hellaren var brukt som smie og lager
 Husmannsplassen i Gravdalen låg rett ved eit gjøl, der ei nydeleg bru var mura opp. Eine løda på plassen var bygd rett under fjellhammaren. Det vert sagt at bonden kom på besøk til husmannen andre juledag for å krevje inn den årlege leiga for husmannsplassen. Leiga var ein bolle med øl.

 På vegen over Seltunåsen er mykje av utsikta skjerma av skog, men i ei lysning har ein flott utsikt over til hi sida, der ein ser husmannsplassen Galdane og den store fossen like ved.

Kongevegen over Filefjell: frå Kyrkjestølen til Maristova

Onsdag var den store fjelldagen. Vi køyrde til Kyrkjestølen på Filefjell, like ved Tomaskyrkja (frå 1971) og parkerte bilen der. Planen var å gå over til Maristova, om lag 10 km, og ordne skyss derifrå. Vegen over fjellet er berre heilt utruleg. På 1200 meters høgde ligg rette strekningar med veg som har vore brukt til transport. Vi las informative plater undervegs der det stod om soldatar som var utstasjonerte for å bygge veg og om bønder som hadde skyssplikt i byte mot redusert skatt. Terrenget er svært ulikt fjellterreng på Sunnmøre, og utsikta er derfor mindre spektakulær på eit vis. Opplevinga av å gå på ein veg så høgt oppe var aldeles fantastisk, og det vart ein fin trimtur med opplevingar både når det gjeld natur og kultur.

Då vi kom til Maristova, var den øyde og nedlagd, og der fanst ingen spor av skyss. Heldigvis hadde vi møtt ein del folk undervegs på turen, og nokre damer vi hadde snakka med hadde sagt at dei vart henta på Maristova. Sidan dei gjekk bak oss, rakk vi å få sendt med Bladfyken opp til Kyrkjestølen, medan Charlie og eg venta ved Maristova.


Tomaskyrkja (1971)

Første motbakke, gjennom ein nydeleg bjørkeskog

Utsikt attende mot Kyrkjestølen


Fylkesgrensa Oppland - Sogn og Fjordane

Høgste punkt: 1250 moh





Charlie storkosa seg!