fredag 10. mars 2023

Genser nummer 46: "Afmæli" til meg sjølv

 


Sidan eg har mange små restar av garnet léttlopi, tenkte eg at eg kunne strikke meg ein genser i mønsteret "Afmæli". Eg har ein frå før, men mønsteret er lett og kjekt å strikke, trass dei i alt ni ulike fargane. Eg gjekk innom strikkebutikken for å sjå om dei hadde nok nøster til botnfarge i ein eller annan variant, og det vart ein lys beige farge med mørkare beige som farge til brota. Genseren vart svært ulik min andre "Afmæli", sjølv om fleire av fargane var felles, og eg må seie eg likar den andre betre. Fargane kjem ikkje godt fram på biletet, men dei var fire ulike grønnyansar, orange, raudt og brunt, i tillegg til lys beige og beige, altså. Det var kjekt med ein ny genser då måndagen kom - etter at eg hadde festa den siste tråden klokka 22 søndag kveld. Vanlegvis vaskar eg genserane før bruk, men denne gongen gjekk eg i den ein dag først. 

lørdag 4. mars 2023

Genser nummer 45: "Djásn" til Kollegavenninne


Ei av mine kollegavenninner har hatt eit ønske om å få ein genser i islandsull, og til slutt gav eg etter og sa ja til å strikke til henne. Ho bestilte garn (léttlopi) og mønster, og så hadde vi nokre seremoniar med å måle, diskutere alternativ lengd og lengd på ermane. Eg var sært nøgd med resultatet då eg strikka genseren ferdig, men var redd den kom til å bli for liten. Då eg overrekte genseren var eg derfor noko spent på ein litt fryktsam måte, men den sat som støypt og var veldig fin til henne. Så fekk vi litt ekstra glede på kontoret denne veka òg!

Dei som er facebookvener med meg eller kollegavenninna, kan sjå bilete av henne med genseren på der. Eg er usikker på om ho ville like at eg la biletet ut her, så det berre droppar eg å gjere.

Vinterferie i Trondheim

To av avleggarane studerer i Trondheim, og det i tillegg er ein triveleg by, vart bartebyen eit naturleg reisemål for vinterferien. Vi reiste oppover med bil og overnatta på Scandic Solsiden, ein svært praktisk stad å vere når ein har bil sidan det var parkering i kjellaren. 

Tysdag kveld kom vi fram, og då vart det middagsdate med Veslejenta på ein restaurant like i nærleiken. Solsiden er ein fin bydel med mange restaurantar, eit lite kjøpesenter rett ved hotellet og til og med eit område med is for skøytegåing.

Onsdag møtte vi både Veslejenta og Storegut ved Rockheim, der vi tilbragte ein del tid. Vi enda opp med å køyre til Tyholttårnet og ete middag der. Det var noko uklart vêr om morgonen, men utsikta frå tårnet var fin. Egon-restauranten i tårnet har god mat og ok meny.

Ny genser til Storegut




Torsdag oppsøkte vi eit museum som var nytt for oss alle, og som var overraskande interessant: Sverresborg. Der var ei innandørs avdeling med utstilte ting frå kvardagslivet til folk, og i tillegg ei utandørs avdeling med ulike hus der ein kunne gå inn og sjå butikkar, apotek og tannlegekontor, til dømes. Ikkje alle husa var opne, men det var rikeleg å sjå både inne og ute. Middagen denne dagen tok vi som buffet på "Sabrura" på Bakklandet, der vi fekk sett ein av stamstadane til Storegut før restauranten opna. 


Snødekte ruinar av Sverres borg








Fredag vart Veslejenta med i Nidarosdomen, i tillegg til to av musea i Erkebispegården. Etterpå tok ho og eg ei lita runde i byen og såg i butikkar, før vi enda opp med å ete middag på same restauranten som vi var på første dagen. Storegut vart med på middagen, og denne kvelden slo vi til med biff. Vi var der tidleg, og var vel eigentleg heldige som fekk bord i det heile. Lokalet var stappfullt då vi gjekk.







Laurdag køyrde vi ned att, denne gongen over Hjerkinn og Romsdalen, for å variere litt. Vel heime venta Minstemann og Svigerdotter, som hadde vore hundevakter. Eg møtte dei faktisk på ferja, då dei hadde vore på Haddal, der Charlie hadde møtt tre hundar i storleiken Bichon Havanaise, Collie og St Bernhard, så han fekk no litt avveksling i ferien han òg.


fredag 3. mars 2023

Bok 9 2023: "Hvil i fred" av Sofie Sarenbrant


Det er alltid kjekt å oppdage ein ny krimforfattar og dermed ha ein heil serie av bøker framfor seg. Denne romanen handlar om ulike mystiske dødsfall på eit spahotell i Sverige. Det er ikkje den beste boka eg har lese, og løysinga er noko spesiell, men det var god underhaldning.

Bok 8 2023: "Belle Gunnes, massemordersken fra Selbu" av Hans Melien


Eg hadde høyrt om Belle Gunness tidlegare, men i denne boka får ein grundig innsyn i fakta og konspirasjonsteoriar om kvinna som utvandra til Amerika, der ho samarbeidde med mafiaen om å gøyme unna lik, i tillegg til å drepe friarar som ho lokka til seg gjennom kontaktannonsar. Sidan ho var produsent av pølser, vart det mellom anna spekulert i om ho brukte menneskekjøt i desse. Av og til overgår røyndomen all fantasi!

Bok 7 2023: "Dyp rød 315" av Helene Uri


Gina Beck går til psykolog og fortel om si store interesse: seg sjølv. Ho elskar å spegle seg, har filma seg sjølv og planlegg åtferda si basert på det ho har sett og faste rutinar. Det heile er eigentleg meir irriterande enn interessant, men så utviklar boka seg til å bli noko meir. Eg likte denne boka godt.