torsdag 30. april 2020

Bok 29 2020: "Judas-kysset" av Anna Grue

"Den skalla detektiven" er denne gongen med på å løyse ei sak som gjeld eldre kvinner som vert svindla av ein ung mann. I tillegg vert ein ung mann i eit strengt religiøst miljø funnen drepen i eit uthus. Finst det ein samanheng mellom desse sakene? Den som les, får sjå. Eg likte denne boka godt, men den flatar litt ut mot slutten, slik eg synest mange kriminalbøker gjer. I tillegg vert nokre av tilfella av svikne kvinner litt stereotypisk framstilt.

Sjuande koronaveke, dag 4

Arbeidsdagen i dag starta med eit datakurs som tok godt og vel to timar. Etter det var hjernen full, og eg fekk heldigvis ein kollega på kaffibesøk på verandaen, såpass eg fekk småprate litt i dag òg. Eg hadde ikkje undervisning, men fekk unna vurderingsarbeidet for denne veka slik at eg skulle vere klar til å planlegge neste veke. Eg fekk lagt nokre planar, men eg brukte òg ein heil del tid på eit undervisningsopplegg som eg i kveldinga tenkjer vert for vanskeleg for elevane.

Då Minstemann var ferdig med skuledagen, åt vi middag saman, før vi tok oss ein tur til Bjørkedalen og gjekk tur langs vatnet der. Deretter reiste vi ein snartur til Eid for å kjøpe ein skurekost, slik at eg kan få reine flisene på verandagolvet. Eg har att noko såpe eg brukte før eg skulle male huset, og noko av denne tenkte eg å bruke på verandagolvet. I kveld har vi spylt litt og spraya på såpe blanda med vatn, så skal eg prøve å få skura og spylt i morgon.

Sjuande koronaveke, dag 3

Sidan vi venta ein middagsgjest i dag, brukte eg noko tid på matlaging i tillegg til jobben. Vi dekte med ny voksduk (den ser skrukkete ut på biletet, men glatta seg ut etter kvart). På menyen stod lasagne, som er ein tradisjon i slekta mi. Når ein er usikker på kva tid gjestane kjem, er det lettvint å ha ståande ein ferdigsteikt lasagne, så berre varmar ein den opp og legg på ost når ein får vite at dei er i kjømda.

Middagsgjesten var svært hyggeleg, og spesielt hunden uttrykte stor glede over å få besøk. Vi hine fekk oss ein lang og interessant prat, og det er verkeleg kjekt å vere litt meir sosial no.

tirsdag 28. april 2020

Sjuande koronaveke, dag 2

Hunden Charlie fyller seks år i dag, og det måtte han sjølvsagt feire!

Minstemann og eg hadde skule 8.15 - 15.00 i dag, men Veslejenta sette i gang med å skrape maling av gripelista på verandaen og spyle verandagolva. Håpet er at vi dei komande dagane skal få male og beise, og at verandaen skal vere fin til sommaren kjem for alvor.
Før-bilete

Før-bilete


Etter skuletid raka og klipte Minstemann plenane. Der låg diverse smårusk att etter materialdungen eg har bore vekk, og engkarsen stod klar til å sprette ut, så det var godt å få klipt graset no. Vi kjøpte gjødsel i går, og i morgon skal det regne, så det er gode sjansar for at plenen skal bli finare i år enn i fjor.
Etter raking og klipping, der materialen før låg. Mest mose.

Sjølv gjorde eg litt av kvart, som å klippe ned buskar, luke ugras og rake vekk småkvist, og etter kvart sykla eg ein tur med bursdagshunden før eg laga middag. Eg er godt nøgd med innsatsen vår i dag!

mandag 27. april 2020

Sjuande koronaveke, dag 1

I dag hadde eg ikkje anna undervisning enn klassens time frå 8.15-9.00, så eg var tidleg oppe og tidleg ferdig. Alle vekas opplegg er for lengst planlagde, og all vurdering frå førre veke er utført, så eigentleg hadde eg ikkje så presserande arbeidsoppgåver. Dermed tok eg fri litt tidleg, og så for Veslejenta og eg på slyngen. Det var så lenge sidan sist at vi vart heilt øsete begge to, og kortet sat laust - under påskot av å støtte lokalt næringsliv.

På Plantasjen kjøpte vi fem sekkar kugjødselkompost (tilbod), så då var lukta i bilen sikra. Vi fekk òg med oss tre sekkar med vanleg mold og ein sekk plengjødsel. Dermed vart det ikkje plass til så mykje meir i bilen, så solseng og plantar får vi ta ein annan gong. I Ørsta stakk vi innom Alti, der vi kjøpte sengetøy og diverse til hybelen i Trondheim, i tillegg til nye voksdukar.

Endeleg fekk vi besøkt mamma/mormor - det var veldig lenge sidan sist, og veldig kjekt å vere saman "live" igjen.

På veg heim kjøpte vi diverse matvarer, og så var det heim til Minstemann. Han bar all molda (8 sekkar + plengjødsel) oppom huset og la dei på ein pall vi hadde liggande frå då han vann ein pall med ved. Det var fin sol ute i dag, men kaldt viss ein skal styre med bed. Det er uansett greitt å ha liggande det ein treng når ein får ånda over seg og vêret stemmer.
Dette stativet kom i posten i dag

søndag 26. april 2020

Sjette koronaveke, dag 7

Sidan ungane skulle kome i dag, brukte eg mykje av dagen til huslege syslar og til å lese og slappe av. Det var relativt kaldt og overskya, så eg kom meg ikkje ut på nokon langtur. Eg laga ein porsjon pastasalat med kylling og fetaost som vi kunne ha til middag i morgon, og eventuelt til kvelds i dag. Det vart det siste, med pestobaguettar til.

Veslejenta hadde med det nye vedunderet til kjøkkenbenken. Eg hadde tenkt å kjøpe meg ei slik retro Smeg-kaffimaskin, men så var vi redde for at det skulle bli for mykje styr å lage seg kaffi med den. Dermed vart det ei kapselmaskin i staden. Den kosta ein brøkdel av det eg hadde sett føre meg, men kapslane kostar nok ein del. Det viktigaste er at vi kan få eit enkelt alternativ og slepp å drikke så mykje pulverkaffi eller trakte store kanner med kaffi til to personar. Vakker er den ikkje, men hovudpoenget er kaffien, ikkje utsjånaden.

Assortert utval til uttesting


Bok 28 2020: "Dypt å falle" av Anna Grue

Eg var klar for noko lett å lytte til, og på Storytel fann eg ein serie av den danske forfattaren Anna Grue. "Dypt å falle" er den første boka i serien, og vi blir presenterte for ein reklamemann som har hatt eit samanbrot på grunn av stress i jobben. Medan han sit og snakkar med politimannkompisen sin, får denne ei oppringing om at noko kriminelt har skjedd på jobben til reklamemannen. Slik vert desse to medspelarar i oppklaringa av fleire kriminelle hendingar.

Boka er kanskje ikkje den beste romanen eg har lese, og som så ofte før gissar eg mordaren i det denne blir introdusert, men det er heilt grei underhaldning.

Sjette koronaveke, dag 6

Mot slutten av dagen har eg ei kjensle av at eg ikkje har gjort all verda, men eg trur eg har fått utretta ein del likevel.

Den store kraftprøva i dag var ein handlerunde til Eid. Vanlegvis synest eg det er litt stressande å handle inn aleine, og no for tida er det ekstra mykje styr. Eg plar berre handle mat og reise heimatt med det same, men i dag hadde eg diverse anna eg gjerne ville ha utretta. Likevel starta eg med å handle mat, så eg ikkje skulle bli for sliten til å få mat i huset. Eg kan nemne at det var 5 grader meir på Eid enn heime, som vanleg er denne årstida, så eg hadde sjølvsagt kledd meg for mykje.

Eg kom heim med nesten full bil, noko som ikkje er så imponerande med tanke på kva bil eg har. Eg kjøpte mellom anna skrape, grunning, penslar og maling til verandarekkverket, terassebeis og rulle til golvet på verandaen på nedsida av huset - og ein ny solstol som eg kan sitje i medan ungane malar og beisar. Neida, det er vel optimistisk,  men vi er i alle fall utstyrde til diverse arbeid i veka som kjem. Først av alt skal vi kople på høgtrykksspylaren og spyle verandaen fri for grønske og anna skit.

Vel heime brukte eg ein del tid og krefter på å få på plass varene, og så sette eg meg på verandaen og las ut den boka eg heldt på med. Det vert ikkje lese mykje i papirbøker dei dagane eg sit med mykje dataarbeid. Etter kvart tok eg meg ein sykkeltur med Charlie, styra litt her og der, og så var det kveld og eg planta meg sjølv framfor tv-en. Eg lever kanskje som ein 90-åring, men eg kjedar meg ikkje, og dagane går veldig fort. I morgon kjem ungane att, og det ser eg sjølvsagt fram til.

lørdag 25. april 2020

Bok 27 2020: "Hun, han og kvinnekampen" av Kjersti Ericsson

I denne boka møter vi ei kvinne som har brukt mykje av livet sitt på kvinnekamp, spesielt på 1970-talet. Når ho no ser attende på livet sitt, reflekterer ho over kor vidt det var rett å kjempe denne kampen i sitt private liv, i ekteskapet og saman med borna. Ho prøver òg å gi ektemannen ei stemme, og vi skjønar gjennom det ho fortel at han ikkje er i heimen hennar meir. Boka er svært tankevekkjande, både som tidsbilete og generelt, og den er svært godt skriven òg. Ein lever seg lett inn i tankane til eg-personen, men òg til mannen og borna.

fredag 24. april 2020

Sjette koronaveke, dag 5

I dag hadde eg heimekontor til klokka 15. Det var ok vêr ute, så etterpå tok eg meg ei økt i hagen. Der er framleis fjøler og greiner som skal berast vekk, og i tillegg er det alltids eit bed å luke. Det er no kjekt å gjere slikt som syner att.

Etter ei stund hadde eg litt vondt av hunden, og så fann eg fram den gamle sykkelen eg har ståande i buda og tok han med på ein sykkeltur. Det var deilig og friskt eine vegen, men så vart det frykteleg kaldt på heimveg, såpass eg fekk frosten i meg. Dermed slutta utelivet litt brått, og utan noko fotobevis.

Sjette koronaveke, dag 4

I dag var det grauttjukk skodde og ganske kaldt, så det vart ein god dag for innearbeid. Vg1-elevane leverte i går inn presentasjonane sine om Sør-Afrika, og mykje av dagen gjekk med til å sjå/lytte til desse. Elles hadde eg norskundervisning med Vg3-elevane, som leverte inn svar på spørsmål om ein tekst dei skulle lese. Dette heldt meg med arbeid i mange timar til saman, og verken eg eller hunden fekk særleg med mosjon utanom små luftepausar i hagen. Med den lange turen i går var det ikkje noko stort offer. Litt lesing og serie vart det tid til, og eg såg eit teaterstykke som skal brukast i norskundervisninga neste veke. Eg er såleis godt nøgd med eigen arbeidsinnsats i dag.

torsdag 23. april 2020

Bok 26 2020: "Moby Dick" av Herman Melville


Eg har høyrt mykje om denne boka, og då vi jobba med filmen "Jaws" tidlegare i år, var dette ein av referansane som eg forstod utan å ha lese boka. Sidan eg no har god tid til å lese gamle klassikarar, tenkte eg det kunne vere på tide å lese denne klassikaren.

Innlesinga på lydbok er på nesten 24 timar, og dei første 18 timane inneheld mykje stoff om kval og kvalfangst generelt, og dei viktige personane vert presenterte mellom utgreiingane. Mot slutten tek forteljinga seg noko opp, rett skal vere rett, men hovudinntrykket mitt er at boka er langdryg. Det er interessant med dei rasistiske og nedlatande framstillingane, som er svært ute på dato, og her er sjølvsagt mange element som vert brukte i den før nemnde filmen "Jaws".

onsdag 22. april 2020

Sjette koronaveke, dag 3

Dagen i dag begynte med engelskundervisning, der elevane spelte inn presentasjonar om Sør-Afrika. Deretter hadde vi møte i norskseksjonen, der vi la planar for resten av våren.

Etter jobb tenkte eg å gå ein tur i Lisjedalen, men då eg kom dit, tenkte eg at eg ville gå i Brundalen òg. Det vart til at eg gjekk rundt vatnet og ned den andre skogsvegen, så det vart ein lengre tur enn først tenkt. Eg vart våt på beina, då det var snø på toppen av skogsvegen til Bjørnesetstøylen, så eg var temmeleg sårføtt då eg kom heim. På turen møtte eg diverse bygdefolk, så heile turen varte i nesten fire timar. Det seier eg meg godt nøgd med, men håpar eg slepp for mykje gangsperre i morgon.

tirsdag 21. april 2020

Sjette koronaveke, dag 2

Nok ein dag med nydeleg sol førte til nok ein dag med soling og hagearbeid, berre avbrote av ein liten rusletur langs vegen med Charlie. 

Den store nyhenda i dag var at munnleg eksamen er blitt avlyst i år. Det var forventa, og det skulle berre mangle, men det er veldig greitt å parkere den arbeidsoppgåva. Det er trass alt ein del arbeid med å lage oppgåver og å førebu elevar med repetisjon og øving, og no kan vi heller konsentrere oss om å sikre dei ei god og grundig vurdering til standpunkt.

mandag 20. april 2020

Sjette koronaveke, dag 1

I dag hadde eg undervisning både før og etter lunsj. Mykje av jobben er no å sette i gang elevane med sjølvstendig arbeid og gruppearbeid, men i dag var det mykje som var uklart for fleire. Det vart derfor ein del chatting før eg fekk inn tekstar som eg kunne lese og kommentere.

Eg rigga meg til med utekontor på verandaen delar av dagen, noko som fungerte greitt. Det raraste var då eg trudde pc'en var gåen, men så var det berre at eg ikkje såg kva som stod på skjermen når eg hadde på solbriller.
Heimekontoret i dag

Ein annan fordel med heimekontor er sjølvsagt lunsjpausen. I dag nytta eg den til å bere vekk meir av fjølene frå leikarhytta. Då eg var nesten heilt ferdig med dungen på plenen, såg eg at der var ein mykje større dunge bak den store steinen. Etter "jobb" heldt eg fram med å bere vekk rusk og rask, sage ned to rotna greiner av syrinen som var delvis øydelagde og sole meg på verandaen. Det vart berre ein liten tur langs vegen for Charlie i dag, men han klaga ikkje.

Bok 25 2020: "Ritualer" av Kristin Hauge

Ally er 30 år og jobbar til vanleg i Afghanistan. No reiser ho heim til Noreg på ferie, der ho mellom anna skal feire 60-årsdagen til faren. Han, på si side, har rota til livet sitt på fleire dramatiske måtar. Mora har vore skild frå han lenge, og ho vil selje huset sitt og begynne å reise meir. Vi følgjer desse tre personane i kvar sine kapittel, og vi kan sjå at den vesle familien framleis ber preg av fortida, men at personane òg tenkjer på framtida. Forskingsområdet til faren er overgangar, noko som går som ein raud tråd gjennom romanen. Eg likte denne boka svært godt.

Femte koronaveke, dag 7


Søndagen kom med strålande sol, og eg kom meg ut på tur til Lisjedalen. Der gjekk me innover langs vatnet så langt traktorvegen rakk på den sida der parkeringsplassen ligg. På veg ned møtte me ei nabodame, så då hadde me turfølgje heim.

Vel heime enda eg på verandaen og sola meg for første gong i vår. Eg hadde gløymt at eg kasta solsengene i fjor, etter at dei gjekk sund, så det vart til at eg låg på eit pledd på verandaen då eg skulle sole meg på ryggen. Det var hardt, men eg overlevde utan å bli altfor støl eller solbrend.

lørdag 18. april 2020

Femte koronaveke, dag 6

Dagen i dag var kald, men det var sol. Eg tok meg ein tur til Eid for å handle inn ein del, og då fann eg ut at det var ei heil veke sidan sist eg løyste bilen frå tunet. Det gjekk heilt fint å handle, sjølv om det var fleire menneske i butikken enn på påskeaftan.

Vel heime rydda eg på plass varene og denslags, og så kom Storegut på besøk. Han skal reise i morgon, men ville hente nokre vaska klede og seie ha det til si gamle mor før han reiste oppatt. Vi vart sittande og prate ute på verandaen i sola, så då fekk vi starta opp den sesongen. Etter at han var reist, gjekk sola ned, og då gadd eg ikkje gå ut meir.

Det var veldig kjekt å ha Storegut her eit par veker, men han vil til Trondheim att for å fullføre studia sine (ex phil og bacheloroppgåve). Innleveringa av sistnemnde er utsett i eit par veker på grunn av korona, så han skal vere ferdig om om lag ein månad. Eg ser fram til neste gong han kjem heim, og det trur eg hunden gjer òg.

Bok 24 2020: "Tante Ulrikkes vei" av Zeshan Shakar

To unge gutar med innvandrarbakgrunn veks opp i ein drabantby i Oslo. Dei vert med i eit forskingsprosjekt der dei skal fortelje om liva sine, og boka inneheld det dei fortel. Gutane er ulike, men har òg mykje til felles. Ikkje minst er språket deira ulikt, og føresetnadene deira er òg ulike i utgangspunktet. Boka er interessant og tankevekkande på mange måtar.

fredag 17. april 2020

Femte koronaveke, dag 5

I dag hadde eg ein meir hektisk dag enn på lenge, trass i at eg heldt meg heime og inne. Eg deltok på tre ulike nettmøte, i tillegg til at eg hadde undervisning om føremiddagen. Elevane skulle sjå ein kortfilm og svare på nokre spørsmål til den, og så skulle dei levere inn svara så eg kunne godkjenne eller underkjenne dei. Eg har fått tilbakemeldingar frå dei om at denne undervisningsforma fungerer fint, og for meg er det ein fin måte å sjekke at dei gjer det dei skal. Faktisk trur eg at eg skal halde fram med å gjere slikt når vi er attende på skulen att. Denne gongen fekk eg fleire meldingar om at det var ei veldig kjekk oppgåve, så då vart eg glad.

Møta i dag dreia seg om opning av barnehagane i neste veke. Det er spennande å sjå korleis situasjonen utviklar seg, og barnehagane har gjort ein kjempejobb med å planlegge korleis dei skal skjerme borna og halde dei i små grupper og med godt reinhald av leiker og rom.

Etter jobb var eg litt lat, men eg greidde å motivere meg sjølv til å gå ein tur langs vegen, om ikkje anna. Det vart ein lengre tur enn eg hadde trudd, for no er det ein mild vår i anmarsj. Eg gjekk innover bygda, og der såg eg både leikande born og arbeidande menn - to kjekke vårteikn.

torsdag 16. april 2020

Femte koronaveke, dag 4

I dag hadde eg ikkje undervisning, men eg deltok på eit to timar langt datakurs og jobba i tillegg med førebuing av nye undervisningsopplegg. Eg synest det går greitt å lage opplegg for heimeundervisning, men det tek no litt tid.

Etter "jobb" gjekk eg meg ein tur ut med hunden. Det var både sol, regn og hagl i løpet av dei nesten to timane eg var ute, så det var godt  kome seg i hus til haugen med pledd, lydbok og tv. Eg går aldri tom for ting å gjere, men det blir litt late dagar fysisk sett. No er det meldt betre vêr, og då blir det kanskje meir aktivitet ute.

onsdag 15. april 2020

Femte koronaveke, dag 3

Treningssenter
Pøsregn og sterk vind har prega dagen ute, så det var ikkje noko stort offer å jobbe inne i dag. Eg hadde eit møte med elevane på nett før eg let dei jobbe på eiga hand med lærestoffet. På slutten av undervisningsøkta skulle dei levere eit skriftleg produkt, og desse innleveringane brukte eg mykje av dagen til å lese gjennom. Mellom slaga såg eg gjennom diverse stoff som skulle brukast i framtidig undervisning.

Planen var å gå tur etter arbeidstid, men i dag orka eg ikkje det. I staden bretta eg klesvask og styra litt rundt om i huset, såg nyheiter på tv og slappa av litt før det var tid for yoga. Det var ei stund sidan sist eg trente, men det gjekk fint å få undervisning på internett (zoom) og trene heime i eiga stove. Kanskje skal eg leite fram treningsopplegg på youtube, slik at eg kan trene litt styrke og tøying. I morgon skal det slutte å regne, og så skal sola skine i ei veke, viss vi skal tru meldingane. Eg drøymer om kaffi på verandaen, hagearbeid og turar i skog og mark. I tillegg til at koronakrisa skal ta slutt, så vi får normale tilstandar og kunne møtast att.

Og apropos møtast: i dag er det bursdagen til Storegut, som er 23 år. Har er i Volda no, men reiser truleg snart til storbyen att. Det vart berre helsing på facebook og pengar på konto som merksemd frå mora, men eg håpar sjølvsagt han er blitt gjort litt stas på. Det skal bli litt av ei feiring når vi er samla alle saman att!

Bok 23 2020: "Tiggerne" av Kristin Hauge

Denne novellesamlinga inneheld fleire skikkeleg gode tekstar, som den om den eldre mora som reiser på spa saman med den vaksne dottera og den om den gravide kvinna som ikkje vil omplassere hunden sin. Der er element som går att i fleire av novellene, så eg har valt å lese dei separat frå kvarandre, ikkje heile samlinga i eitt, slik at kvar tekst har fått festa seg. De to eg nemner er mine absolutte favorittar i samlinga, men der er fleire såre tekstar. Som det vert sagt på omslaget: vi er alle tiggarar som ber om noko eller treng noko. Tekstane handlar om slike menneske.

Bok 22 2020: "Den evige ilden" av Ken Follett

Denne boka er den tredje "mursteinsromanen" (den innbundne utgåva har over 800 sider) i serien om Kingsbridge. Det har igjen gått 200 år, og handlinga i romanen er lagd til det turbulente 1500-talet. Dette er den perioden i britisk historie eg har lese mest om, så mange av dei faktiske hendingane var kjende for meg på førehand. Eg visste til dømes mykje om monarkistridane og om konfliktane mellom katolikkar og protestantar. Follett har igejn greidd å skape litterære karakterar som opplever mykje dramatikk knytt til dei historiske hendingane, og det er både spennande og interessant å lese, trass i at her er ein del litterære klisjéar. Follett viser gjennom heile serien at utsjånad og eigenskap er arvelege i ei grad som kan bli parodisk, og han har ei enorm tru på at kjærleiken sigrar og overvinn alt. Eg har sett pris på denne blandinga av historiske fakta og personleg melodrama, men no trur eg at eg har fått nok av denne sjangeren for ei stund.

tirsdag 14. april 2020

Femte koronaveke, dag 2

I dag var det på tide å gå attende på jobb. Eg hadde undervisning frå 8.15-15.00, men elevane styrte seg sjølve det meste av tida. Etter å ha sete online i alle dei timane var eg ganske sliten, og eg greidde heldigvis å kome meg ut på ein liten luftetur i pøsregnet. Veslejenta reiste attende til Volda, så då vart eg sittande mykje med lydbok resten av dagen, i tillegg til at eg såg gjennom eit par tv-program som eg kanskje skal bruke i undervisning framover.

mandag 13. april 2020

Femte koronaveke, dag 1

I dag er det 2. påskedag, og altså fridag. Veslejenta kom hit etter ei bursdagsmarkering i går kveld, og i dag var vi såpass innesnødde at ho vart verande.

Føremiddagen brukte eg til å førebu undervisninga eg skal ha denne veka. Dette arbeidet hadde eg begynt på tidlegare i påska, men det måtte skrivast inn i alle planar og gjerast avtalar om innlevering av arbeid av ymse slag. No får vi berre håpe eg vaknar tidsnok i morgon tidleg.


Utsikt frå kjøkenglaset

Vi gjekk oss ein tur til marka innanfor Kile, der vi sleppte laus hunden og kasta snøballar til han. Det var skikkeleg ufyseleg ute, med vind, snø og litt hagl, men vi fekk no nok frisk luft og ein del mosjon.

Vel heime kosa vi oss med pesto-pizza-baguettar og serien "Tudors", som eg begynte på for fleire år sidan, men gav opp. Den er frå same tidsperiode som eg les om for tida.

søndag 12. april 2020

Fjerde koronaveke, dag 7

I dag er det første påskedag, og vêret har vore relativt trasig, med hagl, snø og vind. Eg brukte derfor føremiddagen til å vaske huset, men eg gjekk etter kvart ut på ein tur etter vegane.

Eg er framleis aleine i huset, men har snakka med begge døtrene i telefon og vore i familieselskap på nett. Mellom gjeremåla sit eg og kosar meg med lydbok medan eg ser på diverse nettsider og liknande.


Dagane inneheld ikkje så mykje action, men slik stoda er, er det heilt ok. Eg har mange kjekke ting eg vil gjere, i tillegg til ein del ikkje fullt så kjekke ting som eg bør gjere. Trass i at livet kan verke einsformig, kjedar eg meg framleis ikkje. Medan eg skreiv master hadde eg ikkje så mykje tid å sløse vekk, så eg set pris på å kunne lese tjukke bøker og slappe av. Faren er at ein kan bli noko doven og lat etter kvart.

Fjerde koronaveke, dag 6

Påskeaftan 2020 brukte eg til å handle, lese og sjå litt tv. Litt husarbeid  og skulearbeid vart det òg, men lite å ta bilete av. Om ettermiddagen, då eg hadde tenkt å gå tur, pøsregna det. Om kvelden slutta regnet, men då gadd eg ikkje gå ut.

Eg hadde grua litt for å fare til Eid og handle, men det gjekk veldig bra. Der var få bilar på parkeringsplassen og få menneske i butikken, og tilsette med vaskeutstyr gjekk rundt og vaska alle handtak. I tillegg hadde dei antibac og eingongshanskar ved inngangen, noko dei har hatt i snart ein månad. Eg bruker sjølvsagt begge delar, sidan eg oppfører meg som om eg sjølv og alle andre har pest. Alt gjekk bra heilt til eg kom i betalingskøen, då nokre andre kundar kom noko nær. Eg heldt pusten så lenge eg kunne. Då eg sette på plass handlekorga, kom ein mann og overtok den, utan hanskar. Dpttera hans forsynte seg med antibac, og han spurte henne "tek du det før du handlar?". Det er tydelegvis ikkje alle som er like hysteriske, og kanskje er det ikkje grunn til det heller. Der er ingen bekrefta smitta i Stad kommune. Enno.

fredag 10. april 2020

Fjerde koronaveke, dag 5


I dag er det langfredag, men dagen har ikkje vore så lang. Eg gjekk meg derimot ein lang tur til Lisjedalen og inn langs vatnet, der det er svært forandra no når dei har hogd ut mykje av skogen på oppsida. På veg opp snakka eg med fire sambygdingar, og på heimveg møtte eg tre til. Det vart litt prating med alle, og turen vart dermed kjekkare og meir langvarig enn eg først hadde tenkt. Eg merka at det har blitt lite sosialt siste tida, sjølv om eg har mykje kontakt via pc og mobiltelefon.

Vel heime har eg ete og sett meg i godstolen med lydboka mi, og så blir det kanskje tv litt seinare. Isolasjonslivet er noko einsformig, men eg kjedar meg framleis ikkje. Mismotet grip meg til tider, og å gå tur er den beste medisinen mot det. Det er ein viss fare for at eg kan ende opp som ei gal hundedame, men det tek eg med knusande ro. Å ha ein turkompis betyr mykje for meg i denne spesielle tida.

torsdag 9. april 2020

Fjerde koronaveke, dag 4

Etter å ha starta dagen med å lese ut den spennande boka eg har vore oppslukt av i dei siste dagane, erstatta eg turen i skogen med ein tur i hagen. Det var surt og kaldt med snøbyger, og eg tenkjer at eg heller vil gå fine turar og jobbe i hagen når det ikkje er så fint.
Før

Etter. Framleis nok å gjere.

Dagens prosjekt var først å flytte vekk noko av materialen frå leikarhytta Minstemann reiv for eit par veker sidan. Den har blitt liggande under snø og var blitt veldig sleip og våt, men eg fekk vekk det grøvste. Kanskje ber eg vekk resten i morgon, og i tillegg haugane med greiner og småtre som eg har klipt og saga vekk i det siste.

Eit mindre krevjande prosjekt reint fysisk var å rydde nokre grøfter slik at vatnet renn der eg vil ha det til å renne, røske vekk nokre visne planterestar frå i fjor og legge nye planar for årets hagesesong. Får eg vere frisk, får eg rikeleg med tid og mulegheiter til å styre i hagen i vår. Eg berre håper det skal kjennast trygt å handle på plantesenter etter kvart, for eg kjem til å trenge diverse utstyr, mold, plengjødsel og kanskje noko utstyr til å så urter. Hagearbeid er noko av det kjekkaste eg veit, sjølv om hagen min ikkje ser slik ut.

Ettermiddagen brukte eg til å høyre/sjå på presentasjonar som elevane mine leverte inn før påske. Eit par dagar før skulen vart stengd, sette eg i gang eit gruppearbeid der elevane skulle lage presentasjonar om ulike tema som hadde med Australia å gjere. Målet var et dei skulle halde desse presentasjonane for kvarandre, men no vart det altså innlevering av filmar til meg ("Screencast-o-matic"). Når opptaka er på 10-15 minutt, og der er 27 elevar i klassen, seier det seg sjølv at det tek tid å høyre gjennom alle, men eg greidde 23. Eg trur eg lærte ein heil del om Australia òg.

I kveldinga kosar eg meg med den australske (!) serien eg ser for tida, "Et sted å høre til". Den ligg på Nrk og er slett ikkje verst.

Bok 21 2020: "I all evighet" av Ken Follett

Denne boka er opprinneleg på 1100 sider, og den er delt inn i fleire delar på Storytel. Eg vel likevel å telje den som ei bok, så ikkje nokon skal synast at eg juksar (noko eg kanskje gjorde med den førre bokserien).

I denne boka er vi framleis i Kingsbridge, men det har gått om lag 200 år. Ein flokk born møtest i skogen utanfor byen for å prøveskyte med ein boge. Der vert dei vitne til eit dramatisk opptrinn, og fleire ting skjer som får følgjer for framtida deira. På grunn av årstala er det lett å gisse at Svartedauden kjem til å spele ei viktig rolle, og elles handlar boka om intriger i klosteret, hekseskuldingar, utvikling av industri, lover og reglar - i tillegg til dei private intrigane i liva til dei ulike personane vi vert kjende med. Det er både drama og melodrama, men òg mykje interessant historisk stoff. Eg er ofte kritisk til melodrama, men denne sjangeren krev ein del feider og drama for å halde spenninga oppe. Det er òg ein stor fordel å lese boka over kort tid, så ein hugsar alt undervegs. Follett har ein tendens til å repetere og forklare noko som har skjedd tidlegare i boka på seinare tidspunkt, noko som kan vere irriterande. Likevel ser eg at dette kan vere nødvendig viss ein ikkje "sluker" boka.

Eg ser på internett at også denne boka er blitt filmatisert, så den må eg skaffe meg på eitt eller anna vis. Kanskje skal eg sjå om att "Stormenes tid" også. Heldigvis har eg ei bok til gode òg.

Fjerde koronaveke, dag 3

I dag tok eg meg ein heilt roleg dag med innesyslar som skulearbeid og lesing. Det regna skrekkeleg på føremiddagen, og eg greidde ikkje å opparbeide motivasjon til å gå ut. Eigentleg hadde eg planlagt å jobbe i hagen, men det freista absolutt ikkje. Kanskje det blir betre i morgon.

tirsdag 7. april 2020

Fjerde koronaveke, dag 2


Også i dag gjekk eg i Lisjedalen. Denne gongen var det ikkje noko snø på vegen, så det var lettare å gå. Eg skrudde òg opp tempoet litt, for å trene kondisjon. Skogsvegar er kjekkare og billegare enn tredemøller. På veg heim møtte eg ein hund som nyleg flytta til bygda. Den var skikkeleg skjønn, og det må vere kjekt for familien å ha ein kvelp å stelle med i koronatida.

Eigentleg hadde eg tenkt å jobbe ute i hagen då eg kom heim, men det var sur og kald vind ute, og eg var litt frostig. Det vart derfor til at eg retta ein bunke i staden - det vil seie, eg retta ferdig ein bunke eg hadde begynt på i førre veke.

Det store spenningsmomentet i dag var pressekonferansen til statsministeren. Planen no er å opne opp barnehagar 20. april og  skulen for 1. - 4. klasse og VG2 og 3 yrkesfag den 27. april. Livet her i huset kjem såleis til å halde fram med heimeundervisning i nokre veker til.

For eit par veker sidan erta ungane meg fordi eg hadde kjøpt for mykje mjølk, og eg svara at eg trengde mykje mjølk viss eg til dømes skulle lage risengrynssuppe. Det påstod Veslejenta at eg aldri har laga, og at det høyrdest ekkelt ut. Det er ein av mine mange favorittar i matvegen, og i dag hadde eg ein liter mjølk som går ut på dato i morgon. Dermed hadde eg ei årsak til å koke suppe berre til meg sjølv. Eg var dessutan litt låk i halsen, så det frista med noko varmt.

Det er tidleg kveld, eller sein ettermiddag, og eg trur eg kjem til å kose meg med lydbok og tv resten av dagen/kvelden. Fordelen med å vere aleine, er at ein kan velje heilt sjølv kva ein vil sjå og høyre, kva ein skal ete og kva tid. Det kan vere litt einsamt, sjølvsagt, men førebels kosar eg meg.

mandag 6. april 2020

Fjerde koronaveke, dag 1

Sidan eg no er isolert med hunden, tenkte eg å bruke tida til å jobbe litt med kondisjon. Når ungane får velje turmål, vil dei helst gå der det er flatt. Det er sjølvsagt hyggeleg, fordi det er mogleg å prate og slappe av medan ein går, men det blir ikkje mykje kondisjonstrening på den måten. Etter at eg begynte å studere og kom inn i kommunestyret, gjekk eg opp 15 kilo på eitt år, og forma har vore dalande. No har eg høve til å gjere noko med dette.

Etter ein roleg frukost gjekk eg derfor innover bygda og opp skogsvegen til Lisjedalen. Om sommaren går det an å køyre heilt opp, men no er der bom ved vassverket. Det var litt snø på vegen oppom bommen, men den forsvinn nok fort i det plutselege mildvêret. Vegen ligg i skuggen det meste av dagen, men det var 17 grader i lufta i dag.

Turen var veldig fin, og eg gjekk roleg i oppoverbakke for ikkje å måtte ringe etter ambulanse undervegs.

Vel heime sette eg meg på verandaen og myste mot sola og høyrde lydbok. Etter kvart skya det over, så no sit eg inne med pc, lydbok og altfor kort veg til matskapet. Eg tvilar på at det blir nødvendig å handle på nokre dagar, for eg har mykje på lager.

søndag 5. april 2020

Tredje koronaveke, dag 7

I dag er det palmesøndag, og vi har hatt ein svært roleg dag. Nokre sov veldig lenge, og vi brukte dagen til å rydde og ordne litt, for ungane skulle reise til faren.

Den gledelege meldinga om at Nevø 3 og sambuar fekk ein son tikka inn i løpet av dagen, og vi gledde oss over bilete som vart delte i familiegruppa på Facebook. Vi har lurt på om faren fekk vere med på fødselen, og det fekk han altså. Det blir nok ei stund til vi får sjå den unge familien "live", men det er ei viss trøyst i bilete òg. Verst er det sjølvsagt for dei aller næraste, som ikkje får halde vesleguten.

Etter å ha køyrt ungane på kaia, ordna eg litt i huset og trilla ned bosdunkane, etterpå sette eg meg ned med lydbok og tv. Latskapen tok litt overhand i dag, men i morgon skal eg skjerpe meg og kanskje gå ein lengre tur. Elles har eg mykje eg vil lese og sjå, så eg lid inga naud og kjedar meg framleis ikkje.

lørdag 4. april 2020

Tredje koronaveke, dag 6

I dag var det ein nydeleg vinterdag med sol og nysnø. Gutane ville trene med rullebrett, men Veslejenta og eg gjekk tur med Charlie inn til hyttefeltet før Bjørneset.


Vel heime brukte vi litt tid på å stelle hunden, og så begynte eg på middagen. I dag laga eg fløtegratinerte poteter, kjøt og grønsaker, og det tok si tid før den vart ferdig. Etter middag var det tid for tv-kveld med ulike realityseriar vi ser på. Det er hyggeleg å vere fleire ilag, og det fyller dagane med gjeremål. Snart blir eg her aleine, og då satsar eg på å trimme, lese og kanskje få gjort litt i huset. Eg plar seie eg aldri kjedar meg, og i år kjem det vel med at eg stortrivst i eige selskap og i eigen heim.

fredag 3. april 2020

Tredje koronaveke, dag 5

Fredagen innebar ein halv dag undervisning for min del, klokka 12-15.00. Etter det gjekk Minstemann og eg ein tur med hunden. Storegut las filosofi, medan Veslejenta låg på sofaen med hovudverk. I dag var det ganske mykje snø i hagen, noko hunden likte betre enn vi andre.

Til middag laga eg pizza, noko eg ikkje gjer så ofte, og så var det tid for Storeguts ex phil-eksamen. Han grua seg til den, for det var ein 45-minutts fleirvalseksamen med 30 spørsmål, og dermed ein del stress. Eg tilbaud meg å hjelpe, og det gjekk veldig bra.

I kveldinga feirar vi eksamensresultat med is, kaffi og skulemusikal på tv.

Det er påskeferie, og det kjennest veldig spesielt når ein allereie har vore heime tre veker, og når ein ikkje kan gjere all verda eller reise nokon stad. Vi har det etter måten bra.

torsdag 2. april 2020

Tredje koronaveke, dag 4

Eg starta dagen med jobb og møte, framleis utan å forlate stova. Etter kvart stod dei hine i husstanden opp, og det vart etter kvart utarbeidd ei handleliste som Veslejenta og eg tok med oss til butikken på Folkestad. Der venta òg eit par pakkar med diverse som ungane hadde bestilt - mellom anna eit rullebrett til Storegut. Veslejenta kjøpte seg eit rullebrett sjølv for eit par veker sidan.
Utsikta mot Mek i dag

Legg til bildetekst

Etter vi kom heim, ville eg ut på tur. Gutane tok med seg rullebretta, trass i snøkave, så vi enda opp med at Veslejenta og eg gjekk med hunden inn til hyttefeltet nær Bjørneset, medan gutane triksa og herja der dei fann det for godt, til dømes på parkeringsplassen ved kyrkja.

Vel heime att laga eg middag: biff, lauk og sopp i fløtesaus, saman med ris og brokkoli. Då middagen var eten, var det brått blitt kveld. Det er lyst såpass lenge at ein blir litt døgnvill midt i alt saman.

Tredje koronaveke, dag 3

Sosial distansering? (Biletet er arrangert)
I dag hadde eg undervisning om morgonen, deretter to møte etter lunsj. Det høyrest meir hektisk ut enn det føltest, sidan alt gjekk føre seg i same rom, framfor same PC. Mellom slaga fekk eg tid til å ordne og styre litt i heimen, så då Storegut og Veslejenta kom, kunne eg servere lasagne og salat. Eg var raus med kvitlauken, så vert det lettare å oppretthalde sosial distanse.

Det var veldig kjekt å få heim dei to mellomste, og vi får berre krysse fingrane for at ingen av oss har drege smitte inn i heimen. Storegut har levd rimeleg isolert i Bartebyen, og han køyrde privatbil saman med to av kollektivkompisane heim. Veslejenta har heller ikkje utagert ute blant folk, og vi her heime lever svært isolert. Eg føler at eg oppfører meg som om både eg og alle andre har pest, og det er vel like greitt.