tirsdag 31. desember 2019

Bok 72 2019: "I morgen var jeg alltid en løve" av Arnhild Lauveng

Forfattaren les sjølv denne lydboka, som er forteljinga om hennar liv som psykiatrisk pasient. Ho skildrar korleis sjukdomen oppstod, korleis den utarta seg, kva behandling ho fekk og korleis ho etter kvart vart frisk og utdanna seg til psykolog. Boka er verkeleg interessant, ikkje minst som ei påminning om at bak kvar pasient finst eit verkeleg menneske.

søndag 29. desember 2019

Siste dag med gjengen for i år

Dagen i dag starta særs dovent. Eg vart sittande med lydbok fram til ungane stod opp, deretter prøvde vi å rydde nokre restar ut av kjøleskapet medan vi såg litt tv og slappa av. Ute regna det forferdeleg, og det vart ikkje lyst i løpet av dagen.

Etter at ungane reiste, sette eg meg til med ein rettebunke. Etter å ha teke heilt fri frå skulearbeidet i ei veke, var det litt hardt å begynne på att. Eg hadde to bunkar att liggande på vent, men no har eg kome langt med den eine. Planen er å kome attende til jobb utan å ha rettearbeid att, og det bør gå bra viss berre arbeidsmoralen held seg oppe.

Husarbeid og denslags fungerer greitt som pauseaktivitet.

lørdag 28. desember 2019

Romjul 2019

Når julaftan var ferdigfeira, vart det seint på natt før ungane hadde spelt frå seg brettspel og kortspel. Første juledag vart dermed noko kort, men vi rakk å gå ein tur før vi varma opp restar frå julemiddagen. Det hadde allereie begynt å mørkne att då vi gjekk ut. Eg laga ei kake, elles vart det lite gjort utanom å ete, slappe av, spele spel og sjå litt serie.

Andre juledag var vi i Ørsta i familieselskap, slik tradisjonen har vore i min familie.

Tredje juledag var dei to mellomste attende på jobb, og Eldstejenta reiste til Oslo att. Ho og eg gjekk oss ein tur før middag, etter å ha køyrt Minstemann på kaia. Han skulle til Ørsta for å besøke nokre kompisar der, og det vart til at han overnatta.

I dag er det fjerde juledag. Dei to mellomste var på jobb i dag òg, så eg vart aleine heime. Då nytta eg høvet til å rydde, støvsuge, vaske klede og liknande, og eg for ein tur til Eid for å handle. Etter kvart kom arbeidarane heim, og då fekk dei servert lasagne med salat, noko som slo godt an.

Etter middag somna vi på sofaen alle tre. Storegut stakk så for å møte nokre kompisar, medan eg og den sovande Veslejenta slappa av vidare, såg litt serie og liknande.

Ute har det vore ein del vind siste døgnet, og eg er svært letta og glad for at Eldstejenta kom seg vel fram på flyturen. Det blir heldigvis ikkje så veldig lenge før ho kjem att denne gongen, og Storegut har òg tenkt å kome heim når Minstemann skal delta i sin første skulemusikal i februar.

Dette er siste kvelden vår saman denne juleferien, og det har vore ei fin ferieveke på alle måtar.

Bok 71 2019: "Resignasjon og portvin" av Jan Jakob Tønseth

I den siste boka i trilogien har Hilmar Iversen blitt middelaldrande, med villa i Fredrikstad og jobb i ein bokhandel, der han mellom anna sorterer konfetti. Iversen spekulerer på om livet hans har noko særleg tyding, men samtidig er han lukkeleg gift og har eit visst sosialt liv. Boka er ein god refleksjon over emnet resignasjon, og serien har fortalt ei god historie om nokon som trudde livet skulle bli noko stort og historisk viktig, men som endar opp med eit høgst trivielt liv og finn ei slags glede i det.

Bok 70 2019: "Et vennskap" av Jan Jakob Tønseth

I den andre boka i trilogien om Hilmar Iversen har han kome attende til Oslo, der han opplever mykje drama innanfor kommunistpartiet. Sjølv blir han utestengd på grunn av eit ørlite og utilsikta underslag av vekslepengar. Boka er ganske underhaldande, og den tek eit visst oppgjer med kommunistpartiet og gravalvoret i dei krinsane etter andre verdskrig.

Bok 69 2019: "Hilmar Iversens ensomhet" av Jan Jakob Tønseth

I denne første boka av trilogien om Hilmar Iversen møter vi han som ung og idealistisk kommunist som reiser til Spania for å delta i den spanske borgarkrigen. Iversen er ikkje blant dei største heltane, men han overlever opplevingane og fortel om dei på ein ærleg måte, verkar det som. Det seiest at Tønseth var inspirert av forteljinga om sin eigen onkel, som fall i borgarkrigen, då han skreiv denne boka. Eg valde å lese romanen mest fordi eg har lese lite om den nemnde borgarkrigen og ville lære meir.

onsdag 25. desember 2019

24. desember: Julaftan 2019


Julaftan 2019 vart feira på tradisjonelt vis. Vi hadde sein frukost med mykje godt pålegg, varm sjokolade med marshmallows, kaffi og anna. Deretter gjorde alle seg klare til å gå i kyrkja, samtidig som nokre gjorde klar middagen. Ein liten fotoshoot vart det òg tid til før vi gjekk bort til kyrkja.

Gudstenesta var som vanleg hyggeleg og stemningsfull både i ord og musikk, og vi trefte mange kjende både før og etter kyrkjetid.

Vel heime heldt eg fram med middagskokinga, medan ungane øvde inn ein julesong, slik tradisjonen vår er. Etter kvart filma eg dei og la ut med tittelen "Medan potetene kokar", og så var det tid for årets beste middagsmåltid. Vi åt oss veldig mette, noko som gjorde at vi utsette resten av programmet litt, men etter kvart opna vi pakkar. Alle fekk mykje fint, nyttig og morosamt, og alle var nok mest spente på å sjå korleis gåvene dei hadde kjøt vart mottekne. Slik er det når huslyden berre inneheld halvvaksne og vaksne.

I bloggande stund sit avleggarane og spelar brettspel, medan Gamla slappar av i godstolen og nyt godlydane. Det går lite julegodteri og denslags, men ein av dei  spurte etter potetgull og dip, så det fekk dei sjølvsagt.

mandag 23. desember 2019

23. desember: vesle julaftan 2019





Kjøpt på Island i sommar

Eldstejenta og eg tok oss ein siste handlerunde i Volda før vi reiste til Ørsta for å utveksle gåver med Mormora. I Volda var det nydeleg vêr og relativt roleg stemning, og eg fekk supplert dei siste pakkane til å legge under treet. Etter å ha besøkt Mormora handla vi igjen i Volda, etter først å ha sett på peparkakelandsbyen som står utstilt på Spinneriet. Denne gongen supplerte vi matutvalet, og no er vi vi i mål med denslags, trur vi.

Vel heime kokte eg julegraut medan ungane pynta juletreet. Vi hadde deretter tradisjonell markering av vesle julaftan med risengrynsgraut med mandel (som Storegut fekk) i tillegg til konstant inntak av sjukolade og anna ein får lyst på.

I bloggande stund speler ungane kort, medan Gamla får puste på ei stund. Oppvaskmaskina jobbar på spreng, det er stille og fredeleg vêr og livet er slett ikkje verst.

God jul til alle kjende!

søndag 22. desember 2019

22. desember: fjerde søndag i advent

Dagen gjekk med til å rette ferdig bunken med fordjupingsemne - det vil seie eg retta dei ikkje, men skreiv vurderingar på eigne dokument, som eg deretter lasta opp der dei hadde levert svara sine. Ikkje eit ark vart skrive ut denne gongen, men arbeida er skrivne, evaluerte og gjevne attende via læringsplattforma.

Etter utført arbeid heiv eg meg rundt og shina huset før ungane kom. I fjor feira dei jul saman med faren, men i år har dei kome for å feire jul, og dei fleste av dei blir heime ei veke.

21. desember: innspurt til jul

I dag fann eg ut at eg skulle handle på nærbutikken, så sparte eg meg minst ein time med kaos (det vart utsett til veslejulaftan). Sidan eg skulle på butikk, rydda eg med meg store mengder tomflasker/boksar som låg på lagring i buda, der eg trengde å frigjere plass. Etter handlerunden tok eg meg på tak og pakka inn ein del styr eg hadde liggande. Eg er ikkje særleg flink til å pakke inn, men det er no litt hyggeleg dersom ein høyrer på lydbok samtidig. Eg fekk òg kopla opp nokre utelys som låg på vent, rydda litt, rota litt meir og retta nokre fordjupingsemne. Dersom eg set meg til litt i morgon òg, blir eg ferdig med DEN bunken til jul. Dei to siste får ligge nokre dagar, for når ungane kjem, skal eg IKKJE sitte og rette!

Bok 68 2019: "De som dreper drømmer sover ikke" av Jan Guillou

Eric er framleis radikal, og han er framleis forelska i Gertrude, som bur i Hamburg saman med sonen og sin homofile ektemann. Ho lever i eit samfunn der det kan vere farleg å vere venstrevridd, ikkje minst på grunn av Bader-Meinhof-gruppa, som utvikla seg til å bli ein berykta terrororganisasjon. I Sverige er det heller ikkje trygt å vere venstrevridd, og Eric er rik, men lever også i kollektiv.

Dette var den åttande boka i serien, og den slutta i 1975. Eg reknar med det kjem ei bok til, viss hundreåret skal dekkast. Bøkene er gode og underhaldande, men det ergrar meg at forfattaren har gjort slekta så frykteleg rik. Det er gale nok at dei gjennomlever alt som skjer historisk, om dei ikkje skal vere eventyrleg rike òg. Elles morar eg meg over at Eric mot slutten av boka møter Hamilton, som er krimhelten til Guillou. Det same litterære grepet vart, om eg ikkje hugsar feil, brukt av Gunnar Staalesen då han skreiv sin millenniumsserie?

lørdag 21. desember 2019

Bok 67 2019: "1968" av Jan Guillou

Dette er den sjuande boka i serien om Lauritzen-familien, og handlinga er lagd til fleire land i Europa som var sentrum for radikale hendingar i 1968. Også i denne boka er Eric hovudperson, men vi er no attende i tredjepersons forteljar. Eric er nyutdanna jurist og får jobb som advokatfullmektig, og på 60-talet får han mellom anna i oppdrag å følgje ei rettssak mot eit firma som har anbefalt farleg medisin til gravide. Medisinen vart anbefalt mot svangerskapskvalme, og mange born fekk misdanningar. Dette er ei sak eg har høyrt om før. Eric møter ei kvinne og reiser til Praha saman med henne, og han møter mange andre interessante radikale menneske.

Bok 66 2019: "Ekte amerikanske jeans" av Jan Guillou

I denne boka følgjer vi Eg-forteljaren Eric, barnebarn av den mellomste broren Lauritzen, som i 1968 set seg føre å skrive historia om sin eigen oppvekst på 1950-talet. Eric veks opp med ein valdeleg stefar og ei mor som slit for å få endane til å møtast. 50-talet er òg tida for det svenske omgrepet "folkhemmet", men mora til Eric er merkeleg høgrevridd og avskyr alt som minner om sosialdemokrati. Erics oppvekst er òg prega av påverknad frå USA, og draumen er eit par ekte amerikanske jeans.

20. desember: siste skuledag

På jobb har vi mange juletradisjonar. Vi plar tilbringe den første timen saman med kontaktelevane på klasserommet, der vi mellom anna spelar "rektors kahoot". Deretter møtest heile skulen i Voldahallen, der vi høyrer på talar, deler ut premiar og ser på eit danseinnslag frå førsteklassen i musikk, før vi går rundt juletreet. I år skulle Minstemann delta i eit utdrag frå musikalen "Cats", noko han ikkje var heilt blid for, men som han greidde med glans. Etter juletregangen kan dei som vil gå ned til kyrkja, der det er frivilleg skulegudsteneste for elevar og lærarar ved vår skule og opplæringssenteret. Musikklinja deltek også der, med korsong, og elevar frå opplæringssenteret deltek med forbøn. Det gjer eit ekstra sterkt inntrykk å høyre flyktningar be om fred på jord.

Eldstejenta kom og vart med i Voldahallen og i kyrkja, noko som var ekstra stas.

Etter kyrkja møtest lærarane til julelunsj på jobb, der vi får smørbrød og kaker. Pensjonistar er òg inviterte dit, og det er alltid kjekt å møte dei att.

Etter arbeidstid tok Eldstejenta og eg oss ein lang handlerunde der vi mellom anna kjøpte inn store mengder mat. Vi skal ikkje svelte denne jula heller.

Det var fantastisk å kome heim og ha ferie, sjølv om det står att ein del arbeid før jula kan ta til for alvor.

19. desember: siste møte i det gamle kommunestyret


Etter jobb denne dagen var det tid for det siste møtet i det gamle kommunestyret, som også er det siste kommunestyret i den gamle kommunen. Frå nyttår av er to bygder lagde til, så kommunevalet i haust gjaldt for ein kommune som talde om lag 1500 fleire innbyggarar.

Det var ingen vanskelege saker på saklista denne dagen, men derimot to gledelege utdelingar av prisar til eldsjeler og innovatørar. Spesielt gledeleg syntest eg det var at Folkestad skule vart heidra med pris for innovasjon.

Etterpå var det duka for korpskonsert og avslutningsmiddag på turisthotellet. Det vart nokre talar òg, og mange heidra avtroppande ordførar, som no går ut av kommunepolitikken. Det er ikkje mange kommunar som har hatt ein vaskeekte professor i samfunnsplanlegging som ordførar, og vi har nytt godt av hans faste styre og enorme kunnskap i denne perioden. Det er langt meir krevjande å gå inn i den nye perioden, som vi allereie har tjuvstarta på, men vi brettar opp ermane.

18. desember: rettekveld 3

Jauda, det går framover, men med musesteg. Eg greidde tre.

tirsdag 17. desember 2019

17. desember: rettekveld 2

Også i dag vart det til at eg sette meg til med rettebunken, men no har eg avslutta klokka 21 for ikkje å bli altfor gåen i hovudet i morgon. Det tek på å jobbe om kveldane når ein har hatt ein vanleg dag på jobb (8-15) og skal på jobb att neste dag. Trøysta er at bunken minkar dag for dag - eg greidde tre i kveld òg. Målet var to for dag, så eg ligg godt an.

Det er kjekt å ha vg3-undervisning i norsk, men dei fordjupingsemna er svært tidkrevjande både for elevar og lærarar. I framtidas læreplan skal ein ha meir djupnelæring, men ikkje i denne forma, som har gått noko ut på dato. Eg synest likevel det er viktig at vi trenar elevane i å skrive akademiske oppgåver.

16. desember: rettekveld

Etter jobb tok eg meg ei handlerunde i kommunesenteret, som eg har oppmoda mange andre òg til å gjere. Eg måtte òg ein snartur til nabokommunen for å kjøpe noko som ikkje finst i Volda. Julegåvene skal vere nokolunde i orden no, men får eg høve til det, handlar eg truleg litt ekstra. Snart må eg handle inn matvarer òg, det gruar eg meg meir til.

Om kvelden vart det å sette seg føre med fordjupingsemne. Eg greidde tre på tre timar - dei er på om lag 3500 ord kvar og skal skrivast vurderingar til. Det hadde vore fint å bli ferdig med ein av bunkane før jul, men eg fekk inn to heildagsprøvebunkar sist fredag som eg ikkje har tenkt på enno.

søndag 15. desember 2019

15. desember: tredje søndag i advent

Søndag hadde vi ein roleg morgon, før vi gjekk oss ein tur i Mjeltvika alle saman. Også o år greidde eg å få heim Storegut til tredje søndag i advent, slik at vi får halde traisjonen i hevd.

14. desember: konsert med Adam Douglas i Fosnavåg

Laurdag henta vi med oss Mormora og reiste til Fosnavåg, der det var konsert med Adam Douglas. Eg kjøpte billettane tidleg i haust, for dette ville vi ikkje gå glipp av. Konserten var veldig fin på mange måtar, og julestemninga kom sigande på. Douglas hadde med seg eit fantastisk band, i tillegg til eit lite gospelkor, og repertoaret var både variert og stemningsfullt. I tillegg var Douglas morosam og kjekk å høyre på.

Storegut køyrde Mormora i bilen hennar, for bilen min er for liten for seks personar. Vegane var berre, så det var ingen problem med føre eller noko anna på turen, men det vart no mykje køyring for oss som kom heilt heimanfrå.

13. desember: familien samla

Fredag var det to heildagsprøver på jobb, men etterpå vart det tid for julas første høgdepunkt: å hente i hus store born. Først henta eg Eldstejenta på flyplassen, og vi tok oss ein tur til Mormora på besøk før vi for heim. Etter ei stund fekk eg òg henta Storegut, som reiste heim midt i eksamensskrivinga.

Ingenting er så flott som å sjå gjengen sin samla, det er den største gåva ei mor kan få. Huset vart ikkje berre fullt av folk, men også fullt av lysar som musikk, song, roping og herjing. Det vart putekrig i sofaen og jamming i kjellaren, og Storegut tilbragte natta med vidare skriving på ei oppgåve som vart levert i 5-tida om natta.

fredag 13. desember 2019

12. desember: budsjettmøte

Torsdag starta kommunestyremøtet klokka 10, og eg hadde eit håp om å nå julekonserten til musikklinja klokka 19. Det gjekk derimot ikkje slik, for møtet varte til klokka var 20.15. Då hadde vi diskutert mange viktige saker, funne kompromiss og både tapt og vunne litt alle saman.

Kontaktlærarsaka gjekk gjennom, men barnehageoppkjøpet vart omformulert og budsjettert med helvta av det som stod i utgangspunktet. Det resterande beløpet vart ikkje trekt ut av budsjettet som mindre lån, men flytta over til svømmehall-posten. Det er mykje lobbyverksemd på gang, og eg fryktar vi kan gå på ein smell dersom vi no skal slå til med fleire overdimensjonerte byggeprosjekt.

11. desember: møte i SU på Folkestad skule

Måndagen vart eg vald inn i samarbeidsutvala i skulen og barnehagen på Folkestad, og allereie onsdagen var det møte på skulen. Det var kjekt å kome attende dit, og kjekt å vere der som noko anna enn mor. Det var dessutan eit kjapt og greitt møte, så vi fekk tid til å ordne litt meir til jul då eg kom heim. Det vart òg tid til litt tv og prat med Veslejenta, og det er no veldig kjekt med slik kvalitetstid midt i julestria.

10. desember: røyrlegging

Tysdag morgon forsov eg meg litt, og då eg skulle i dusjen, virka den ikkje. Litt av ein start på dagen! Eg rakk å stikke innom ein røyrleggarbutikk i ein fritime, og ut på ettermiddagen kom det ein snill og hjelpsam røyrleggar på besøk. Reparasjonen gjekk veldig kjapt, men det er ikkje dermed sjølvsagt at nokon har høve til å ta turen. Service er veldig kjekt, og det vart etter kvart ein noko roleg kveld.

Planen er å pusse opp bada litt om senn, men det vart sjølvsagt behov for akutt hjelp. Det var blandebatteriet som var gåent, og mannen på røyrleggarforretninga sa eg kan bruke om att det nye dersom eg pussar opp og legg inn dusjkabinett, slik eg har lyst til. Tanken var å få inn badekar på "oppebadet" før eg pussar opp nede, og det står ganske høgt oppe på ønskelista til etter jul.

9. desember: møte i TOK og gruppemøte

Måndag er ofte møtedag, og denne måndagen var det først eit ekstramøte i Tenesteutvalet for oppvekst og kultur (TOK), og det slutta ti minutt før gruppemøtet tok til. Det var mykje budsjettsnakk på begge møta, og det var mange ting ein skulle ta omsyn til. Viktigast for meg i høve til budsjettet var å sikre at ein held fast på som prinsipp at det skal vere to kontaktlærarar i klasser med meir enn 20 elevar. Det var òg mykje tale om kommunal overtaking av ein privat barnehage som helst vil selje bygget sitt. Slik kan kommunen sikre seg ein relativt ny barnehage med ferdig opparbeidd uteområde til ein billeeg penge.

søndag 8. desember 2019

8. desember: andre søndag i advent

Søndagen kom med meir rydding og ordning på programmet. Huset var ferdig vaska ein time før eg skulle hente ungane, og det vart akkurat tid nok til å sprette fordjupingsemnebunken. Eg har ikkje orka å rette denne helga, då juleførebuingane i heimen hastar mykje meir.

Etter at eg hadde henta ungane, kosa vi oss med gamle videoar, litt tv og ein heil del prat og godsaker. Det vert tidsnok stress.

7. desember: pakke, pakke, pakke, pakke

I år har eg hatt som mål å handle det meste av julegåver i Volda, i staden for å reise vekk eller handle på nettet. Særleg det siste er noko eg synest er lettvint og greitt i førjulstida, men i år har eg altså bestemt meg for å støtte lokale butikkar så langt det går. Nokre få turar til andre sentrum vert gjorde unntaksvis, og då tenkjer eg at eg støttar dei lokale butikkane der.

Eg har handla ein del allereie, og laurdag begynte eg å pakke inn det som skal sendast av garde. Det vart til at eg pakka så lenge eg hadde papir, og så vart det rydding og sortering, ommøblering og ordning. Planar skal leggast for komande veke, ikkje minst når helga kjem og mine kjære gull er samla i heimen.

lørdag 7. desember 2019

6. desember: vinklubb

Ei av vindamene kalla inn til vinklubb denne første fredagen i desember, og kveldens tema var avslapping. Det passa godt på mange måtar, og vi fekk ein særs triveleg kveld, ikkje minst fordi vi hadde eit nytt medlem i klubben, ei tjekkisk dame som nyleg har flytta til bygda. Ho har vore danselærar for fleire av jentene i bygda, så mange av oss har kjent henne i fleire år.

Bok 65 2019: "Blå stjerne" av Jan Guillou

Denne romanen handlar om same tidsepoke som den førre, men vi følgjer her døtrene til Lauritz. Dei er på ulikt vis involverte i motstandsrørsla, der dei opplever mykje dramatikk. Mot slutten av boka vert det ein del repetisjon av det som skjedde mot slutten av førre roman, og begge endar i 1945, når det vert fred.

Bok 64 2019: "Ikke ville se" av Jan Guillou

Familien Lauritzen vert råka av den andre verdskrigen. Dei har røter både i Noreg og Tyskland, men oppheld seg for det meste i Sverige i denne romanen. Vi følgjer for det meste eldstebroren Lauritz, som innleier eit forhold til ei kvinne og opplever mykje drama både i eige liv og i familien. Eldstesonen Harald vert SS-offiser, kona Ingeborg vert sjuk og døtrene opplever òg mykje dramatikk. Romanen er vel verd å lese.

fredag 6. desember 2019

5. desember: rettebunke

Torsdagen måtte eg ta meg på tak og rette ein heil del, sidan eg hadde hatt tre kveldar med tett program. Det er høgsesong for rettebunkar, og eg kom nesten i hamn med heildagsprøvene frå førre fredag. Det hender at eg ønskjer meg ein annan jobb.

4. desember: juleavslutning i Hornindal

Onsdag var det juletapas på menyen då Arbeidarpartigruppa skulle ha juleavslutning på Grodås. Vi var 14 til bords og hadde ei triveleg stund med god mat og mykje diskusjon. Sjølv om vi var einige om partiprogrammet då det kom i trykken, er vi ikkje fullt så samstemde no når vi må til å gjere prioriteringar på grunn av økonomien.

Eg likar ikkje å køyre Geislida når det er vêrskifte, så det vart ein lang tur over Stigedalen begge vegar. Neste dag vart vegen i Geislida stengd på grunn av steinras, så eg var ikkje redd utan grunn.

3. desember: Folkemøte

Tysdag var det folkemøte om kommunebudsjettet for neste år. Salen var full, og tonen sakleg, vil eg påstå. Alle dei frammøtte fekk ein del å tenkje på, både politikarane og folk elles. Det er spesielt nybygga som er planlagde og oppkjøp av ein privat barnehage som er sakene folk er opptekne av.

mandag 2. desember 2019

2. desember: juleavslutning med Utdanningsforbundet

I Volda har Utdanningsforbundet ein tradisjon der siste styremøtet før jul vert avslutta med juletallerken på hotellet. Til middagen vert også vara inviterte, og dermed vart det skikkeleg middag på meg i kveld, men ikkje noko møte.

Ein kan lure på kva poenget med å møtast slik kan vere, men mi erfaring er at ein får meir innsyn i kvarandre sin kvardag i slike uformelle samanhengar. Etter at eg kom inn i Tenesteutvalet for oppvekst og kultur, synest eg det er ekstra viktig å høyre dei tillitsvalde sine synspunkt og erfaringar når det gjeld saker som opningstider, prisar, feriestenging og liknande.

Bok 63 2019: "Mellom rødt og svart" av Jan Guillou

Etter første verdskrig endar brørne Lauritz og Oscar opp i Stockholm. Lauritz fordi sonen vart mobba i Bergen, og Oscar fordi han som del av den tapande part i krigen i Afrika fekk konfiskert all eigedom der. Sverre har mist kjærasten sin i krigen, og buset seg i Berlin. Heile Europa trur at det no vert ein periode med fred i Europa, men etter kvart hardnar det til med nye politiske strøymingar. Dette vert sjølvsagt tema i familiane, og vi får dermed innblikk i hendingar frå ulike ståstadar.

Som meir enn middels interessert i framvoksteren av nazismen var dette sjølvsagt ei svært interessant bok.

søndag 1. desember 2019

1. desember: Første søndag i advent

Minstemann tenner første lyset
I år vart det ein travel start på desember. Det meste av dagen var eg på grendahuset, der det var julemesse. 14 utstillarar tok del, og vi hadde i tillegg kafé og utlodding. Arrangementet var ganske vellukka - det var i alle fall konklusjonen til styret.

I løpet av dagen måtte eg òg køyre ungane til Folkestad, for korpset der skulle òg ha julegrantenning. Den begynte såpass seint at eg fekk med meg mykje av dette arrangementet òg.

I kveldinga vart det tid til litt stilretting - det er tida for denslags adventskos i lærarheimar.

Frå julemarknaden på Straumshamn

Korpset på Folkestad

lørdag 30. november 2019

Jubileum på Kaihuset

Tysdag kveld var det 20-årsjubileum på Kaihuset i Ørsta - eit ungdomshus som mange bygder kan misunne dei. Migraine har ein av øvingskveldane sine der, og dei var inviterte til å spele på jubileet både aleine og saman med Egil Olsen. Det vart ei kjekk stund, med talar i tillegg til musikkinnslaga.

Levert

Tysdag tok eg sjansen og leverte oppgåva mi, etter først å ha fått hjelp av eit par kollegaer til å ordne sidetala ein siste gong. Kjensla er ikkje god, for det er ganske spesielt å levere ei masteroppgåve utan å ha fårr rettleiing det siste halvåret. Kanskje har eg gjort noko ubegripeleg dumt  som eg ikkje har sett, kanskje er nivået for lavt, kanskje har eg vore meir fokusert på eiga forsking enn på teori - mange tankar går gjennom hovudet, men eg visste med meg sjølv at eg ikkje orka å vente eit halvt år til. Eg føler meg veldig ferdig.

Demonstrasjon mot kutt i skulesektoren i fylket

Den siste tida har det vore ei trasig stemning på jobb. Fleire kutt truar skulen vår, og samla sett vil dei mest kreative linjene som kunst, design og arkitektur og musikklinja bli svært skadelidande.Måndag aksjonerte vi derfor, som så mange andre i fylket. Alle organisasjonane på skulen stod samla i denne aksjonen.

Dagen etter vart det klart at eit fleirtal på fylkestinget står saman i ei innstilling som skal stoppe dei fleste kuttforslaga. Vi er forsiktig optimistiske.

søndag 24. november 2019

Minstemann 16 år

Etter å ha lege strak ut med forkjøling det meste av helga, stod eg i dag opp for å bake kake til ungane kom. Minstemann fyller nemleg 16 år i dag, ein månad før jul. Det er dermed slutt på å kjøpe barnebillettar på ferja, og på tide å skaffe seg ungdomskort.

Då eg spurte han om kva kake han helst ville ha på bursdagen, ville han helst ha klissete sjokoladekake. Eg visste kva for ei han meinte, sjølv om det var fleire år sidan eg fann oppskrifta på nett. Her på bloggen søkte eg på "kjapp og klissete sjokoladekake".

Minstemann har funne seg godt til rette på skulen no, og det er ingen tvil om at musikklinja er det rette for han. Han har mange jarn i elden både på skulen og i fritida, og dei handlar alle hovudsakleg om musikk. Elles er han på alle måtar kjekk å ha i hus; han styrer seg mykje sjølv og er lett å be om diverse tenester. Vi kan òg ha gode samtalar om mykje anna enn musikk, og vi er nok litt nerdete på kva vi er opptekne av av historiske fenomen og liknande. Det er derfor kjekt å ta han med i museum, galleri og liknande, sidan han tenkjer mykje og er interessert, sjølv om han ikkje alltid gir tydeleg uttrykk for det.

Minstemann har nytt det privilegiet som familiens yngste at han har fått utvikle seg akkurat i den retninga han vil, med alle idéar og "femer" det har ført med seg (lat meg igjen minne om cowboyhatten, slipsa og dei sjølvbygde trommene). Det vert spennande å følgje han vidare.

Gratulerer med dagen!

Bok 62 2019: "Dandy" av Jan Guillou

Den andre boka i serien handlar mest om den yngste broren Sverre, som rømde til England saman med sin mannlege kjærast. Der blir han del av eit kunstnarmiljø, med fleire kjende namn, og han lever eit greitt liv til verdskrigen endrar mentaliteten til folk rundt dei når det gjeld homofili.

Serien skal truleg plassere fiktive karakterar saman med ekte menneske og i faktiske hendingar, noko eg har sett blitt gjort i diverse filmar og tv-seriar med varierande hell. Så langt fungerer det heilt fint, og eg har likt denne boka svært godt. Den er dessutan ei viktig påminning om korleis homofile er blitt behandla i samfunnet.

Bok 61 2019: "Brobyggerne" av Jan Guillou

Sidan heile serien om 1900-talet no ligg på Storytel, tok eg meg tid til å lese dei to første bøkene i serien om att. I denne første boka møter vi tre brør som har mist faren sin i ei ulukke, og som vert sende til Bergen for å gå i lære. Der viser det seg at dei har uvanleg gode evner, og dei blir påkosta utdanning av ein veldedigheitsorganisasjon. Til gjengjeld skal dei etter endt eksamen arbeide med brubygging på Bergensbanen, men ikkje alt går etter planen.

Det var veldig kjekt å lese denne boka om att, og eg fekk - som sist - lyst til å ta toget til Finse og gå Rallarvegen til Flåm.

lørdag 16. november 2019

Bygdles

Denne helga er det ei storhending på Folkestad. Bygdefolk frå Folkestad, Straumshamn, Kile og Bjørkedal har, i tillegg til innleigde krefter frå Volda vore opptekne med konsertteaterstykket "Bygdlesfeber" i lengre tid, og denne helga er det to utselde framsyningar. Veslejenta deltek som vokalist på i alt fem nummer, og Minstemann speler slagverk gjennom heile stykket.

Eg såg framsyninga fredag kveld og vart mektig imponert, underhalden og lattermild. Det var rett og slett fantastisk kjekt!

Kaldt og effektivt

Medan ungane har vore opptekne med øving og denslags, har Gamla sprengretta stilar for å rydde tid til sluttføring av masteroppgåva. Fredag hadde vi fri frå jobb og skule alle tre, og eg tok meg tid til å gå ein tur med hunden i finevêret på eit kritisk stadium i skrivinga. Haldninga til oppgåva vekslar mellom å synest den er elendig og til å tenkje at dei umogleg kan stryke meg. Sidan eg ikkje får rettleiing, får eg ikkje vite noko om oppgåva før den er vurdert, og då er det for seint. Dette har vore mildt sagt spesielt, men eg har bestemt meg for ikkje å la meg trakke på.

fredag 8. november 2019

Folkevaltopplæring


Denne veka har eg vore to dagar på folkevaltopplæring i Loen. Det vart to lange og innhaldsrike dagar med mange presentasjonar og gruppearbeid som skulle gjere oss betre budde til å delta som folkevalde. I tillegg fekk vi god tid til å bli kjende med kvarandre utanom kommunestyresalen, og det er òg verdifullt.

På Alexandra pynta dei til julebordsesongen, noko som gjekk føre seg stille og diskret. For kvar pause hadde det kome fram fleire nissar, og i spisesalen var den fine, kvite utstillinga på plass.

Bok 60 2019: "Den andre kvinnen" av Therese Bohman

Ei ung jente ønskjer å bli forfattar, men arbeider i staden i ei kantine medan ho drøymer om eit anna liv. Der vert ho interessert i ein eldre mann, og dei innleiier eit forhold. Boka er langt meir spesiell og interessant enn tittelen og min korte handlingsintroduksjon tilseier.

Bok 59 2019: "Kongens råd" av Ørjan Nordhus Karlsson

I denne boka går vi òg attende i tid, då nokon vart torturert til døde på grunn av mistanke om spionasje. I notida vert ein ambassadør drepen, og Kyrre Kaupang får oppdraget med å oppklare drapet.

Bok 58 2019: "Hauges direktiv" av Ørjan Nordhus Karlsson

I denne andre boka i serien om Kyrre Kaupang jobbar etterforskaren for Stiftelsen, og han får i oppdrag å forhindre ei rekkje drap på personar som er trua på grunn av hendingar tidlegare i historia.

Kommentaren min elles er som for den førre boka i serien: underhaldande, men forvirrande.

Bok 57 2019: "Gerhardsens testamente" av Ørjan Nordhus Karlsson

I denne kriminalromanen møter vi kjende norske arbeidarpartipolitikarar frå fortida som utfører lyssky handlingar, ikkje minst i organisasjonen Stiftelsen. Kyrre Kaupang er ein tidlegare kriposetterforskar som slit med migrene og angst, og han viklar seg inn i eit nettverk det kan bli vanskeleg å kome seg ut av.

Boka er underhaldande, men eg synest det er forvirrande år faktiske personar opptrer i romanar på denne måten.

tirsdag 29. oktober 2019

Bok 56 2019: "Håndbok i husstell for leiemordere" av Hallgrimur Helgason

Tittelen på denne boka var såpass sær at eg vart nysgjerrig, og eg tenkte det kunne vere noko Paasilinna-liknande i denne boka. Det var dessutan kjekt å finne ei bok med handlinga delvis lagd til Island.

Hovudpersonen er ein leigemordar som ved eit uhell hamnar på Island. Leigemordaren er eigentleg ein kroat busett i USA, og hans møte med sagaøya vert artig fordi han ser landet utanfrå og kommenterer på ein humoristisk måte. Han skildrar til dømes blokkene utanfor Reykjavik som noko som minner om kommunisttida, noko eg kan seie meg einig i. I tillegg har han eit fælt kvinnesyn, som òg er noko underhaldande og ironisk. Det er først og fremst skråblikket på Island eg synest er interessant, og kanskje den ironiske tonen som han held gjennom heile boka.

Boka ligg på Storytel.

Basarsøndag

Denne helga var det basar på grendahuset, og det vart både baking og øving før basaren tok til Migraune stilte med basarrock, som takk for at dei får øve gratis på grendahuset kvar veke. Bygdefolket møtte opp for å prate, kjøpe årer og ete kake, og basaren vart såleis ein såpass stor økonomisk suksess at vi fekk eit godt bidrag til å drive grendahuset vidare.