fredag 8. april 2022

Bok 14 2022: "Løvetemmeren" av Camilla Läckberg

Denne boka inneheld mange komponentar. Ei kvinne som ikkje vil fortelje om fryktelege hendingar ho no er i fengsel på grunn av, unge jenter som forsvinn og ein fæl, gamal mann som tyranniserer kona si. Ei spennande bok!

Bok 13 2022: "Englemakersken" av Camilla Läckberg


I ein omtale av boka las eg at den kanskje er Läckbergs sterkaste bok, og så langt eg har lese kan eg vere samd i det. På ei øy vert ei lita jente funnen aleine i huset, medan heile resten av familien er forsvunnen. Mange år seinare vender den same jenta attende til øya saman med ektemannen sin, og mystiske ting begynner å skje. Som i dei andre bøkene i serien må ein leite i fortida for å finne ut av notida, og dette kan igjen kaste nytt lys over uløyste mysterium i fortida. 

Genser nummer 27: traktorgenser til ein liten venn


Eg fekk lyst til å strikke ein genser til ein liten gut eg veit om, og valet fall på denne traktorgenseren. Sidan garnet er tynt, vart det like mykje arbeid som å strikke ein vaksengenser med tjukt garn, men resultatet vart veldig koseleg, synest eg. Det tek kanskje litt tid før genseren blir passeleg, men kanskje blir han glad for den.

Genser nummer 26: islendar til ?

Eg bestilte ein strikkepakke etter ønske frå ei jente eg kjenner, og eg tenkte at størrelse medium ville passe. Den blei mykje trangare enn forventa, og slike genserar skal no helst vere "baggy", så eg er i gang med ein ny. Det blir alltids nokon som kan bruke denne òg. Garnet heiter "Viking hobbygarn", og det var veldig mjukt og behageleg å strikke med. Dessverre er der nokre skøytar i tråden som rett og slett er knutar, noko som var irriterande. Fargane eg valde var svart og naturkvitt, og eg synest det var eit supert fargeval. 

I fjortenårsalderen skrikka eg to genserar, og den eine hadde raglanfelling. Det er om lag førti år sidan, og eg hadde inga aning om korleis det skulle gjerast. Det viste seg å vere veldig enkelt - og veldig kjekt.