fredag 30. mars 2018

Familietreff på Hareid

I dag var bror min og eg med familiar inviterte til Hareid, der vi fekk servert nydeleg middag og prata mykje saman. Det er ei tøff tid for familien, og ein set derfor ekstra pris på slike hyggelege treff.

torsdag 29. mars 2018

Bok 22 2018: "Biter av lykke" av Anne Ch. Østby

I denne boka møter vi ein gjeng med aldrande kvinner som busett seg i kollektiv på Fiji. Dei har ulike bakgrunnar og utfordingar, og vi følgjer dei gjennom nokre år der fleire av dei tek oppgjer med sine tidlegare liv. Boka kan minne ein del om serien om "Tirsdagsdamene", berre at denne boka handlar om eldre kvinner og manglar noko av humoren som kjenneteiknar serien. Heilt grei underhaldning, men ikkje særleg mykje meir heller.

onsdag 28. mars 2018

Feiring av mamma

I dag vart mamma 78 år. Det er litt spesielle tider for familien, men vi bestemte oss for å feire saman ved å gå ut på Tandori Mix i Ørsta og ete pizza. Det vart ei hyggeleg stund, og etterpå for vi opp i barndomsheimen og drakk kaffi. Vi var 16 rundt bordet, og alle som var i nærleiken kom (to av barnebarna mangla, sidan dei ikkje er på Sunnmøre i påska).


mandag 26. mars 2018

Bok 21 2018: "Berge" av Jan Kjærstad

Ein journalist, ein dommar og ein drapstiltalt er stemmene som utgjer denne romanen. Sentralt står drap på fleire personar knytt til Arbeidarpartiet, og handlinga er lagd til 2008. Ein får nokre assosiasjonar til Utøyamassakren, men boka handlar ikkje om den i det heile.

Det er ein spennande roman på mange måtar, men eg vart litt forvirra òg. Det har vore mykje snakk om Utøyamassakren i media i det siste, og då vart det rart å lese om eit fiktivt angrep på det same partiet. At ein av personane vart kalla "Tåkefyrsten", er eit døme på korleis boka gir gjenklang av røyndomen, men utan å vere dokumentarisk.

Konklusjonen min er at det er ei god bok, men at eg ikkje heilt var i modus for å lese den no. Best likte eg den siste delen, men den skal eg ikkje røpe for mykje om.

søndag 25. mars 2018

Palmesøndag 2018

I gryotta kom Eldstejenta heim på nattbussen, og eg henta henne på kaia. Vi sov litt, og deretter gjorde gjengen seg klar til å fare til Ørsta. Der besøkte vi Mormor, og Eldstejenta fekk besøke Morfaren før vi tok oss ein tur på indisk restaurant for å feire at ho no er 25. Maten var nydeleg, og servicen upåklageleg.

lørdag 24. mars 2018

Palmelaurdag 2018

Storegut kom heim seint fredag kveld, og Veslejenta sat på med han frå Volda. Laurdag tok vi oss ein tur til Ørsta for å besøke Mormor i Starevegen og Morfar på Ørstaheimen. Eg reknar med mange følgjer med på bloggen til mamma, slik at folk er informert om helsetilstanden. Eg skriv derfor ikkje mykje om det her, sjølv om det pregar dagane for store og små.

Pappa var ganske kvikk i dag, og fekk med seg mykje av det som vart sagt. Innimellom ser vi glimt av den gamle humoren, og det vart ei fin stund.


fredag 23. mars 2018

Eldstejenta 25 år


Gratulerer så mykje med 25-årsdagen til deg
Du som forvandla meg til å bli mor, den største endringa livet baud på
Du som var min største skatt frå du berre var ein murrande kvalme
Du som fylte livet med eit heilt univers av kjensler, gleder og bekymringar
Du som var fødd med ein eigen personlegdom som eg har brukt 25 år til å bryne meg på
Du som er min gode venn, men òg min strengaste kritikar

Vi har vore gjennom mykje, du og eg
Rasande kranglar, gråt og latter, gode samtalar

Eg er så stolt av deg. Av alt du gjer, men mest av alt den du er. Du er eit ekte menneske, med verdiar og haldningar som du kjempar for og forsvarar. Når ein blir mor trur ein at ein kan forme borna sine, men du har nok forma deg mest sjølv. Og eg likar den du har blitt og er glad i deg slik berre ei mor kan vere: uendeleg og utan atterhald  

søndag 18. mars 2018

Bok 20 2018: "Her hos de levende" av Levi Henriksen

Henriksen er ein av mine absolutte favorittforfattarar, spesielt på lydbok. Det er noko med skrivestilen og stemma som gjer tekstane hans så nære og ekte.

I denne boka skriv forfattaren historia om faren sin, men òg om besteforeldre og andre som kvar på sitt vis gjer inntrykk. Livet har ikkje vore enkelt for dei som ikkje passar heilt inn i lokalsamfunna, og eg trur mobbing og utestenging har vore minst like vanleg før som no. Vonde steforeldre, utfrysing og krav til konformitet er heller ikkje nye fenomen, og Henriksen fortel hjarteskjerande, men ikkje sentimentalt om ei tid nokså nær vår eiga.

Det er nesten litt klisjéprega å skrive om eiga slekt no, men Henriksens bok er verkeleg verd å lese. Han skriv òg om seg sjølv i denne boka, og ein endar opp med ein fornya respekt for både forfattaren og forfedrane hans. Dette er rett og slett ei perle av ei bok.

Vinklubb mars 2018

Fredag kveld samla eg nokre damer i heimen og serverte dei sørafrikansk vin og ein delvis sjølvkomponert gryterett som skulle minne om mattradisjonar i sørafrika (mykje kjøt, søtpotet og mais). Eg har ein draum om å reise til Sør-Afrika ein gong, kanskje så snart som neste år, og det er sikkert lurt å begynne på akklimatiseringa.

Praten gjekk som vanleg godt rundt bordet, og vi var innom mange tema frå rikspolitikk til lokale fjellturar.

"Hver gang vi møtes har vi det bra!"

tirsdag 13. mars 2018

Bok 19 2018: "Nøkken" av Nathan Hill

Dette er ei relativt lang og komplisert bok, men den er absolutt verd å lese. Samuel er ein professor som er hekta på eit dataspel, samtidig som han ventar på inspirasjon til å skrive ei bok han allereie har avtala med eit forlag at han skal skrive. Livet handlar mest om frekke elevar og flukt i dataspel, men så blir han kontakta av nokon som ber han skrive ei bok om si eiga mor, som forlet han då han var svært ung. Mora har nemleg gjort ei politisk handling som har plassert henne på avisframsider, noko Samuel har vanskar med å tru.

Det kompliserte i romanen er ei samanveving av fortid og notid, men òg av alle dei ekstra forteljingane om bipersonar i romanen.

Hill debuterte med denne romanen, og den vart kåra til årets bok av fleire amerikanske aviser i 2016. Forfattaren blir samanlikna med Jonathan Franzen, John Irving og Charles Dickens, og eg kan vere einig i den førstnemnde. Alle dei små og større forteljingane skaper eit kritisk og interessant bilete av notidas amerikanske samfunn, og det minner faktisk mykje om Franzen.


fredag 9. mars 2018

8. mars 2018

Også i år fekk eg høve til å vere med på å feire kvinnedagen. På jobb markerte eg dagen ved å fokusere på FNs mål for likestilling i faget internasjonal engelsk, og om kvelden vart det både tog, appellar og hyggeleg samvere. Mest inntrykk gjorde nok vår dyktige helsesøster med innlegget sitt om korleis unge tenkjer, og då spesielt med fokus på skamkjensle. Ein annan viktig appell var 16-åringen som tok til orde mot skjønnheitstyranniet med bodskapen om at ein skal like seg sjølv trass i at samfunnet presenterer uoppnåelege ideal og peprar oss med idear om korleis vi bør vere. Eit konkret døme ho hadde var storleikane på klede i ungdomsbutikkar. Det vart ei god markering av dagen, og eg måtte noko motvilleg gå før det var heilt slutt for å nå ei ferje.

Den saka som engasjerer meg mest nasjonalt, er svekkinga av barselstenestene. Eg kan ikkje skjøne at behovet for oppfølging og samvere skal vere så redusert frå "mi tid", då det var vanleg å ligge på barselavdelinga i fem, seks døgn. No er det eit par døgn, og mange politikarar vil redusere liggetida til 6 - 8 timar etter fødsel. Dette sjokkerer meg. Eg har fått fire friske born og vore i normal form etter alle fødslane, men dei døgna på barsel var gull verd både for ammeprosessen og tryggleiken for meg og borna.

onsdag 7. mars 2018

Bok 18 2018: "Den som ser" av Herbjørg Wassmo

Tjue år etter at trilogien om Dina var avslutta har forfattaren skrive ei fjerde bok i serien. I gravferda til Dina held barnebarnet Karna ein avslørande tale som verkar så traumatisk på henne at ho sluttar å snakke. Stemora Anna tek henne med seg heim til København for å få henne betre, og dermed får ho også fysisk avstand til ektemannen Benjamin. Etter kvart som Karna får terapi, blir Anna betre kjend med legen som har mest med henne å gjere. Forholdet utviklar seg, og Anna blir i tvil om kva ho skal bruke livet sitt til. Er det for seint å drive med musikk? Er det for seint å bli mor? Kan ho utdnne seg til sjukepleiar? Spørsmåla er mange, og den som les, får sjå.

Eg synest boka var heilt ok underhaldning, sjølv om eg ikkje såg noko anna grunn til å skrive ei bok til i serien enn å fornye interessa og selje fleire av dei gamle bøkene. Wassmo har skrive mange bøker, og akkurat denne serien skil seg ut ved å portrettere sterke kvinnelege personlegdomar i eit melodramatisk miljø. Min favoritt for tjue år sidan var den andre boka i serien, "Lykkens sønn", fordi eg syntest den var mest heilstøypt komposisjonsmessig. Det er nesten litt freistande å leite serien fram att, så på den måten har denne nye boka hatt ein viss påverknad,

søndag 4. mars 2018

R.U.B.B.I.S.H på UKM


I dag var det lokalmønstring i UKM i Ørsta/Volda, på kulturhuset i Ørsta. Til saman 13 artistar/band stilte på scenen, og i tillegg var det nokre som stilte ut kunst. Ingen dansa eller denslags på scenen i år, men elles varierte innslaga frå fiolinmusikk til rock. I sistnemnde kategori stilte Minstemann og Naboguten saman med to dei har møtt på bandcamp. Bandet heiter R.U.B.B.I.S.H, og dei spelte "Uprising" av Muse. Dei hadde visse innvendingar om lyd og diverse problem med utstyret, men mi subjektive meining er at dei var kjempeflinke.