onsdag 30. april 2014

Dagens innsats i hagen

Tidlegare elevar er gode å ha, i alle fall når dei jobbar på butikk som er utseld for ei vare ein er interessert i. Ein dag tok det eit par unge jenter å skaffe meg den trampolinen eg ville ha. Problemet i hagen er at her ikkje er stor nok flate til ein stor trampoline på 4 meter i diameter,  så eg vart svært glad då eg dann ein som var betydeleg mykje mindre.

Takk til han som leverte den på døra og tok ansvar for monteringa, og til dei to kanaljane som skulle hjelpe til, men som var minst like opptekne av emballasjen som av sjølve trampolinen.

lørdag 26. april 2014

Uteliv


Desse planta vi sist haust

Eg har ein del "natur" i hagen òg


Stilbunkane ligg på vent, for det er ikkje mogleg å velje denslags i finevêret. Eg fann meg heldigvis ei bok som eg "måtte" lese (der finst trass alt eit utdrag frå den i norskboka) og sette meg på verandaen. Når eg var sånn passeleg kokt, hadde eg bestemt meg for å klippe plen. Dessverre var eg rana for bensin ein gong Storegut mangla drivstoff til mopeden, så dermed hadde eg valet mellom å utsetje plenslåtten eller å køyre til næraste pumpe. Heldigvis valde eg det siste, for no er alle plenane kortklipte og utan dei lilla blomane som plar dukke opp om våren. Eg likar blomane best når dei står i bed.

Bok 35 2014: "Den talibanske cricketklubben" av Timeri N. Murani

Livet i Afghanistan under Taliban-regimet var slett ikkje enkelt, det visste eg sjølvsagt frå før. Denne romanen fortel ei søt historie om ei gruppe afghanske ungdomar som skal lære seg å spele cricket for å kome seg ut av landet. Boka er svært lett å lese, bortsett frå det som handlar om det kompliserte ballspelet, og ein får innblikk i korleis kvardagen var spesielt for afghanske kvinner. Eg-personen er ein journalist som har mista jobben fordi kvinner berre skal sjåast og høyrast i heimen og i grava. Ho kan ikkje gå ut utan mannleg følgje, og ho må ha på seg burka. Ho er trulova med ein mann som har reist i førevegen til USA, men elskar ein annan. Å trene cricketlaget vert ei oppgåve som ho kan greie, men kanskje ikkje viss ho må ha på seg burka. Dermed er dramaet i gang på alvor, og eg vart i alle fall fascinert av handlinga i boka. 

fredag 25. april 2014

Bok 34 2014: "Bellman & Black" av Diane Setterfield

Ein tiåring skyt ei kråke med sprettert. Seinare i livet opplever han mykje vondt og vanskeleg, men arbeider òg hardt og tener godt på forretningane sine. Dette er handlinga i boka kort skissert, men i tillegg kjem dei mystiske elementa. Kven er Mister Black, og kva rolle spelar kråkene i romanen? Ein kan lese romanen som ei slags spøkelseshistorie, eller ein kan lese den meir symbolsk. Dette er ei slik bok som ein får lyst til å lese igjen med det same, og som gir ein mykje å tenkje på. Eg likte den godt, sjølv om eg er usikker på om eg forstod den heilt.

torsdag 24. april 2014

Kveldstur til Sollidheida





Når onsdagen gjekk med til å sitje vakt på heildagsprøve, vart det middagskvild i sola på verandaen og fjelltur på Folkestad i kveldinga. Sola skin framleis frå nesten skyfri himmel, men det kom typisk nok ei sky og dekte solnedgangen.

mandag 21. april 2014

Andre påskedag: tur til Ervik og Vestkapp

Nok ein nydeleg dag, og journalisten og norsklæraren for på tur for å drive research på nokre minnesmerke frå krigen. Ved Ervik på Stadlandet finst restar av ein russarleir der tyskarane bygde fort mot eventuelle angrep frå havet. 30 av russarane døydde i fangenskap og vart gravlagde ved leiren, men gravene vart seinare flytta til den heilt spesielle gravplassen i Ervik. Ved gravplassen sette ein opp ei kyrkje, St Svithunkyrkja til minne om dei som døydde i eit skipsforlis i 1943.








På stranda slo bølgjene friskt innover i dag, trass i det nydelege vêret. Fleire surfarar var i aksjon, og eit par born bada. Det freista ikkje så veldig.






Då vi kom til Vestkapp, låg skodda tjukk som graut på toppen. Etter ei stund letta den heldigvis, såpass vi fekk sjå fjellheimen og havet frå eit heilt unikt utsiktspunkt.

søndag 20. april 2014

Første påskedag: tur i nærmiljøet

Ein treng ikkje ha hytte når ein bur så vakkert og landleg til! Ein nydeleg dag på Straumshamn i dag.



lørdag 19. april 2014

Påskeaftan 2014

I dag skulle Storegut på tur til ytre strok, så det vart til at dei to yngste og eg gjekk ein lang tur etter vegane og snakka om laust og fast. Etterpå laga eg til lammesteik og fløtegratinerte poteter til middag, jobba litt i hagen og tok unna litt klesvask i heimen. Eg synest det er kjekt å fare på turar og oppleve mykje, men det er òg fint å ha god tid til å vere husleg innimellom. Det blir meir enn nok av skulearbeid framover, og sikkert lettvinte løysingar både når det gjeld matstell og hage.

I kveldinga har ungane fått leita opp påskeegga som tanta gav dei, og vi har planar om å sjå Poirot og kose oss med diverse snadder vi har kjøpt inn. Ute er det mildt og fint, og ein kan verkeleg kjenne at våren er her. Snø og ski freistar slett ikkje!

God påskehelg til alle!

Bok 33 2014: "Helbredelsen" av Jonathan Odell

Sørstatsromanar har ofte ei særskild stemning, og ein har lett for å sjå føre seg det rasedelte samfunnet med kvit overklasse og svarte slavar. I "Helbredelsen" møter vi ei eldre kvinne som møter ei lita jente, og som fortel henne historier frå sin eigen oppvekst som slave på ein sørstatsplantasje.

Vekslinga mellom fortid og notid verkar noko oppbrukt etter kvart, og eg kunne godt ha klart meg utan "notidshistoria" frå 1930-talet. Historia frå slaveritida er langt meir dramatisk og spennande, og karakterane er fargerike og samansette. Eg likte boka lenge, men så flata handlinga ut og det heile vart noko langdrygt for utolmodige lesarar. Likevel var boka samla sett ei god leseoppleving.

fredag 18. april 2014

Med L til Lodalen på langfredag

I dag skulle vi gå tur på Bjørkedalen, men så ombestemte vi oss på veg fram og enda opp med å lærekøyre til Loen. Ungane hadde ikkje sett minnesmerka og gått den historiske stien før, så det vart uteliv og mosjon i tillegg til køyringa. Rast på ein café vart det òg.







onsdag 16. april 2014

Bok 32 2014: "En gatekatt ved navn Bob" av James Bowen

Ein gatemusikant i London møter ein herrelaus katt, og livet hans vert totalt endra. Frå å mangle meining i livet, vert han ein oppofrande "far" for Bob, og han får dessutan motivasjon til å prøve å kvitte seg med avhengigheita av metadon. Dei to vert kjendisar, som turistattraksjon i gatebiletet og youtubestjerner, og undervegs får nokon idéen om at Bowen bør skrive bok om dette sterke møtet.

Eg starta på denne boka tidlegare i dag og greidde ikkje å slutte å lese. Det er svært sannsynleg at forfattaren romantiserer forholdet mellom katten og seg sjølv, og at han tillegg Bob ein del eigenskapar han umogleg kan ha, men likevel er det sterk lesing. Alle som har hatt katt veit at desse dyra kan ha ein sterk personlegdom, og det å bli vald som eigar av ein gatekatt er ei tillitserklæring som ville ha gjort inntrykk på mange einsame sjeler.

Eg legg ved ei lenkje til ein dokumentar om James og Bob, men vil likevel anbefale dykk å lese boka før de ser dokumentaren.

tirsdag 15. april 2014

Storegut 17 år

Etter ein del fram og tilbake vart systera mi og einige om at bursdagen til Storegut skulle feirast på Hareid. Vi kombinerte besøket med lærekøyring, og så hadde vi med oss ei kake ungane her hadde laga og ei kake som mormora hadde laga og sett av utanfor døra vår i dag tidleg. Kusina hadde òg baka kake, og ho er ein større konditor enn nokon her i heimen.

Hareidsgjengen hadde dekka og pynta til skikkeleg barnebursdag, sidan dette var siste sjanse for Storegut å feire ein skikkeleg barnebursdag. Neste år er han vaksen, så det blir meir ein merkedag - sjølv om eg trur han kjem til å hugse 17-årsdagen òg. Detaljar om selskapet kan de sjå på bloggen til Solveig. Eg kan elles legge til at guten køyrde frå Hareid og heim att, og at han i kveldinga stakk for å møte nokre kompisar. Han er ein super gut som det er lett å like og vere glad i!

Tusen takk for ein triveleg dag!
Ballongar ved døra høyrer med!

Ei av kakene er laga av mormora, ei av kusina og ei av ungane her i huset.

mandag 14. april 2014

Lærekøyring og shopping

I dag fekk ungane sove til dei vakna av naturlege årsaker, medan Gamla slappa av med ein tv-serie og noko anna småpjask. Etter frukost vart det tid for utflukt: vi måtte handle inn mat til påskeveka, og Storegut hadde fått bursdagspengar. I tillegg hadde han gledesstrålande med seg ein L heim til mor, så i dag måtte angsten ha vikeplikt for den gode saka. Dersom Storegut skal vere i stand til å ta seg av mor si når ho vert pleietrengande, må han ha sertifikat.


Guten kjøpte seg klede for pengane frå besteforeldra, noko de kan sjå på illustrasjonsbileta. Han kan forresten bli ein habil sjåfør med tida, så snart eg får lært han å kutte svingar og nokre andre mammatriks.

søndag 13. april 2014

Den store klassefesten

Palmelaurdag møttest 21 av dei i alt 29 frå barneskuleklassen min til jubileum. Det er i år 30 år sidan vi gjekk ut av ungdomsskulen, og på høg tid med ein mimrekveld. Vi har hatt jubileumsfestar før òg, både i 1995 og 2004, men nytt på denne festen var at barneskulelæraren vår òg møtte opp. Ho er no pensjonist, etter å ha undervist på lærarutdanninga i Oslo i mange år. Ho har brukt tekstane våre og historier om oss aktivt i undervisninga si, og det var imponerande kor godt ho hugsa både oss og dei åra vi hadde saman. Sjølv må eg innrømme at eg hugsar forbausande lite, men då ho kom inn i lokalet og begynte å snakke, vart både eg og andre med meg fylt av ei svært positiv kjensle av tryggleik. Læraren vår hadde oransje krøllar og stavangerdialekt, og ho lærte oss ikkje berre fag, men òg haldningar som sit godt spikra. Eg håpar og trur vi fekk formidla til henne kor mykje ho har betydd for oss i oppveksten.

I tillegg var det utruleg hyggeleg å møte att flotte folk som eg ikkje hadde sett på svært lenge, kanskje ikkje sidan 80-talet. Praten gjekk utan stans, stemninga var på topp og kvelden gjekk altfor fort.

Bok 31 2014: "Et helt halvt år" av Jojo Moyes

Dette er den mest gripande boka eg har lese på lenge, og eg greidde nesten ikkje å legge den frå meg før eg hadde lese den ferdig. Nesten 500 sider på to dagar seier vel sitt om akkurat det. Boka fortel historia om ein mann som vert sittande i rullestol, etter å ha blitt utsett for ei trafikkulukke, og om kvinna som får som jobb å ta seg av han. Tittelen røper at jobben skal vare eit halvt år, for mannen planlegg å ta livet av seg etter at den avtala perioden er over. Meir skal eg ikkje røpe om innhaldet, anna enn at ein får innsyn i korleis det kan opplevast å bli funksjonshemma, og ikkje minst korleis dei pårørande opplever ein slik situasjon. Boka er trist, morosam og svært tankevekkjande, og det er ikkje utan grunn den er blitt ein bestseljar.

fredag 11. april 2014

Bok 30 2014: "I en og samme person" av John Irving

Eg hadde ikkje lese noko om denne romanen før, så eg visste ikkje anna enn at eg plar like bøkene til Irving. Innhaldet vart derfor noko overraskande ei stund, men så skjøna eg prosjektet og vart begeistra. Romanen er ei forteljing om ein eg-person som ser tilbake på livet sitt som ungdom og etter kvart vaksen person med ei anna legning enn folk flest. Han fortel om eit amatørteater der bestefaren spelar Caliban i "The Tempest" iført kvinneklede, om ein kostskule med berre gutar som elevar, om ein fråverande far og ein bibliotekar som han forelskar seg i. Det heile verkar noko søkt, og eg trudde lenge at prosjektet med boka var å drøfte kva kjønn eigentleg er; om det er kropp eller identitet. Etter kvart utvidar historia til å handle mykje om AIDS-epidemien på 1980-talet.

Eg likte boka betre og betre, og vart nesten skuffa då eg var ferdig med siste CD. Dette ser eg som eit kvalitetsteikn, då det motsette ofte er tilfellet.

torsdag 10. april 2014

Bok 29 2014: "Et uvedkommende liv" av Camilla Gibb

Eg likar bøker der hovudpersonane er skildra slik at ein føler ein blir kjend med dei. Det er vanskeleg å forklare kva grep forfattaren gjer for å oppnå dette, og nokon eksakt metode er det neppe. I Camilla Gibbs bok møter ein eit søskenpar frå Niagara Falls og foreldra deira. Faren er ein drøymar, og er til tider svært usympatisk, og mora blir alkoholisert. Begge lid av tapte draumar, viss det kan seiast å vere ein diagnose. Borna Veks opp utan kjærleik, er delvis upopulære på skulen og kjempar seg framover mot vaksenlivet i håp om å oppnå kjærleik og aksept. Ei bok som er tragisk, morosam og gripande samtidig, men utan sentimentalitet. Akkurat slik eg likar bøker.