søndag 28. august 2016

Bok 70 2016: "The absolutely true diary of a part-time Indian" av Sherman Alexie

Alexie er ein forfattar også kjend som standup-komikar og filmprodusent, og denne boka var hans første i sjangeren YA (young adult). Eg har tidlegare hevda at amerikanarane sine YA-bøker er langt betre enn norske ungdomsromanar, og denne er ikkje noko unntak.

Eg-personen i boka er ein fjorten år gamal indianargut som bur og går på skule i eit reservat, men som er så skuleflink at han vel å begynne på ein meir prestisjefull, kvit skule. Sidan han er glad i å teikne teikneseriar, er der ein del slike i boka. Elles fortel boka på ein humoristisk måte om den klassereisa han gjennomgår. Boka er nemleg på mange måtar ein klassisk danningsroman (Bildungsroman) som følgjer hovudpersonen ut av heimen og attende att med ny erkjenning av bakgrunnen sin.

Eg las boka på engelsk, og språket burde vere enkelt nok for dei fleste 16-åringar, som er elevgruppa eg hadde i tankane. Problemstillingane rundt klasse og identitet kan vere vanskeleg å relatere seg til for yngre lesarar, og det trengst truleg noko bakgrunnskunnskap om reservat, alkoholisme og levesett blant indianarar for å kunne ha eit godt utbytte av lesinga.


Bruselskap

Denne veka var eg på gruppemøte og kommunestyremøte, men eg gjekk glipp av det opne møtet om brubygging i kommunen. Der vart eg vald til styremedlem i bruselskapet - eit verv eg kanskje har fått fordi eg er kvinne og den einaste aktive politikaren frå denne sida av fjorden i partiet eg er med i. Men om ein kanskje har kome med litt på "kjøt og flesk" er det likevel mogleg å gjere ein god jobb. Eg skal i alle fall prøve.

Bruer er viktige for distrikta - ikkje minst synest eg Lote-Anda og Lauvstad-Folkestad er viktige bruer å bygge. Brua over Dalsfjorden står som andreprioritet i bruselskapet, og det kan berge busetnaden i delar av Vanylven (Syvde og Rovde). Det er eg sjølvsagt for, og eg ser føre meg bygda Volda som naturleg sentrum i ein stor kommune eller region der folk kan bu eit stykke unna og likevel kunne pendle utan store problem eller utgifter.

lørdag 27. august 2016

Løvekvinnen

I dag for Veslejenta og eg på kino i Ørsta, som to av om lag ti i salen. Eg var spent på filmatiseringa av den fine boka av erik Fosnes Hansen, og eg må seie eg ikkje vart skuffa. Det er vanskeleg å framstille nokon med pels utan at det verkar rart, men det gjekk overraskande bra. Ei scene frå København hadde noko kunstige kulissar, men elles var filmen velkomponert og ikkje minst godt spelt. Mest overtydande var faren til Eva, spelt av Rolf Lassgård, ein av favorittskodespelarane mine.

fredag 26. august 2016

Bok 69 2016: "Drapene i Barkvik" av Ingvar Ambjørnsen

Denne boka er ei kriminalbok for ungdom og vaksne, seier vaskelappen. Eg tenkte eg skulle sjå om den passa for ungdomar som ikkje er så vane til å lese, og det gjer den kanskje. Den inneheld noko komplisert språk, og i tillegg ein del referansar som er ute på dato, til dømes om innføring av røykelova. Dette er ikkje positivt for svake lesarar, men for oss andre går det greitt. Boka er dessutan langt meir underhaldande og mindre ute på dato enn bøkene om Pelle og Proffen.

I boka møter vi ein 16 år gamal detektivhelt, og det er noko eg kjenner att frå bøker eg likte som barn og ung. Ambjørnsen skriv godt og bygger opp spenninga på ein underhaldande måte, og her er blod, drap og interessante karakterar. Eg trur eg ville ha likt å lese fleire bøker om Fillip Moberg.

onsdag 24. august 2016

Bok 68 2016: "Jeg er Pilegrim" av Terry Hayes

Vanlegvis er eg ikkje så begeistra for agentromanar. Heller ikkje bøker på nesten 800 sider er noko eg ofte grip til. Debutromanen til Terry Hayes var derfor ikkje eit naturleg val for meg, men eg har lese mykje positiv omtale av den og var nysgjerrig. Dessutan fekk eg den i bursdagsgåve.

"Jeg er Pilegrim" fortel ei lang og komplisert historie om ein eg-person som arbeider innan ettrretning. Han jaktar på fleire gjennom boka, og eg kan ikkje seie noko særleg om dette utan å røpe for mykje. La meg berre seie at boka er ei reise til fleire stader, og at det er nokre trådar som skal nøstast opp. Dette krev at lesaren hugsar godt, og helst burde ein ha teke med denne boka til solsenga og lese den over eit kort tidsrom.

Eg likte boka godt som underhaldning, men den er ikkje verken lærerik eller særleg original. Eg hadde håpa på at slutten skulle vere meir underfundig eller ha ei meir uventa vending, men den var på ingen måte dårleg heller.

tirsdag 23. august 2016

Bok 67 2016: "Spilleren" av Fjodor Dostojevskij

Eg-personen i denne boka er ein enkel huslærar som vert forelska, og som i tillegg blir gripen av spelegalskap. Ein blir kjende med eit noko dekadent miljø der menneske lever i eit evig håp om å vinne gevinst - ikkje berre for å få pengane, men òg for å bli lagt merke til og snakka om. Huslæraren er ikkje den einaste med spelegalskap, og somme karakterar er så galne etter pengar til å spele vekk at dei nesten ønskjer livet av eldre slektningar.

Boka har absolutt nokre kvalitetar, men var ingen stor favoritt. Sjølve innlesinga var noko tilgjort med alle dei ulike aksentane.

mandag 22. august 2016

Første skuledag

Så kom den store dagen: første skuledag. Alle ungane mine er spreidde på kvar sin skule no, og Minstemann er den einaste som er att på Folkestad skule, der han går i 8. klasse o altså er ungdomsskuleelev. Skulebygget, klassen og lærarane kjenner han godt frå før.

Veslejenta har hatt sin første dag på musikklinja, og det var kjekt å få henne og fleire av klassekameratane hennar frå tiande som elevar ved skulen der eg jobbar.

Storegut begynte på årsstudiet i engelsk på høgskulen i Volda i førre veke, og Eldstejenta skal studere religion i Oslo.

Gamla sjølv syntest det var kjekt å møte att elevane - skulen er ikkje den same utan.

I kveldinga var det gruppemøte i partiet, så no er det fullt køyr med kvardag att.

søndag 21. august 2016

Vinklubb august 2016: lødefest på Bjørneset

I år som i fjor samla vinklubbdamene seg i ei løde på Bjørneset ein kveld i august - også i år med følgje. Vertinna serverte ei fantastisk fiskesuppe, og det vart ein triveleg kveld med mykje vin og bålbrenning. Ut i dei små timane var vi ein gjeng som gjekk heim (8000 skritt), og det var ei hyggeleg avslutning på kvelden (om enn noko seint til køys).

Takk for laget!

Folkestadsetra

Første arbeidsveke etter ferien var ganske langdryg og slitsam, så då laurdagen kom, var det fint å rusle ein tur i solskin og varme. Sidan vi hadde planar for kvelden, vart det ein roleg tur i nærmiljøet.
Lærarskulehytta: noko bør gjerast





Turkameratane mine

tirsdag 16. august 2016

Sweet Sixteen

Veslejenta er snart klar for vidaregåande, og i dag klipte ho seg pannelugg for første gong på mange år. Når ein skal flytte på hybel og gå på vidaregåande er det berre rett og rimeleg at ein også vil skifte frisyre! Då ho sende biletet til meg, måtte eg sjå nøye på det, for eg trudde først det var eit bilete av Eldstejenta. Eg har aldri syntest dei to er så like, spesielt ikkje av personlegdom, men det var noko med dette biletet som gjorde at eg stussa litt.

Bok 66 2016: "De siste meterne hjem. 31 fortellinger om å være far" av Levi Henriksen

Forfattaren les sjølv på denne lydboka, som er ei hyggeleg samling av refleksjon rundt farsrolla. Boka er verd å lese som underhaldning og kos, men det er ikkje hans beste bok. Til det er den litt for typisk, med humoristiske anekdotar og referat frå samtalar med dei. Henriksen les veldig godt, og mellom forteljingane kjem det små musikalske snuttar òg. For ein gongs skuld skulle eg ønske ei bok var dobbelt så lang.

søndag 14. august 2016

Bok 65 2016: "Svømmeren" av Joakim Zander

Forlaget skriv:
"En natt i Damaskus tidlig på 80-tallet må en amerikansk spion forlate sitt nyfødte barn til en usikker skjebne. Det er et svik han ikke klarer å forsone seg med. For å glemme tar han farlige oppdrag i Beirut, Afghanistan og Irak. Alt som kan holde tankene unna.
Tretti år senere blir den svenske EU-juristen Klara Walldéen oppsøkt av sin tidligere kjæreste, som forsker på krigsforbrytelser. Han er kommet over hemmeligstemplet informasjon og trenger hennes hjelp.
Samtidig, i Brussel, forbereder den arrogante lobbyisten George Lööw seg på å representere en ubehagelig klient med en skjult agenda. Langsomt dras han inn i et dødelig politisk spill der både regler og motspillere er diffuse.
Trådene veves sammen en stormfull julaften i den svenske skjærgården, der fortiden innhenter nåtiden og alt kommer til overflaten.
Svømmeren er en krim full av spenning og overraskelser, i en verden av skiftende allianser og tvilsomme overenskomster. Men det er også en historie om skyld og oppreisning. Om hvordan man blir formet av sin fortid, og at man ikke kan skjule hvem man er."

Vel, denne boka fenga ikkje meg så mykje. Sjangeren er ingen favoritt, og eg greidde ikkje å bli riven med.

lørdag 13. august 2016

Klar til skulestart?

Skulestart betyr innkjøpsrunde. I tidlegare år betydde det at fire born skulle utstyrast med regnklede, støvlar, barnehagedress, joggeskor m.m. Tidene er endra. Minstemann har blitt noko høgare i sommar, og han begynner dessutan snart på ungdomsskulen. Vi andre "treng" òg nye klede og skor. Og vesker. Og sekkar.

I dag har vi handla og tøysa vekk mykje tid. Planen var å avslutte dagen med kinamat, men kinarestauranten var stengd. det vart derfor pizza for tredje gong denne veka for dei to yngste, men ingen klaga.

torsdag 11. august 2016

Om straum, nysnø og ripsdessert (kan det bli meir trivielt?)

Storhendinga i dag var då elektrikaren kom for å fikse jordfeilbrytaren. han sjekka heile det elektriske systemet utan å finne feil, så det var veldig positivt. No står det att å fikse og erstatte det som ikkje fungerer, som til dømes avtrekksvifte, tørketrommel og frysar.

Eles vart det ein roleg dag. Storegut for på jobb, vi hine gjekk ein tur i nærmiljøet. Veslejenta for på fotballtrening, så kvardagen snik seg sakte inn på oss att.

Vêret var kaldt, men det var langt mindre nedbør enn dei siste dagane.

Vi kosar oss med ripsdessert, bøker og tv og synest livet er godt!


Bok 64 2016: "Drømmenes palass" av Ismail Kadare

Dette er den siste av bøkene eg hadde i "alt-av-Kadare-på-biblioteket-bunken" min, og eg trur eg seier meg ferdig med den albanske forfattaren no. Denne boka vert av mange rekna som meisterverket i den store forfattarskapen, men eg vart litt skuffa. Boka skildrar eit slags Kafka-aktig Helvete, og den er så symbolsk og mystisk at eg sleit med å få meining i den. det krev truleg både meir konsentrasjon og meir kunnskap om Albania enn det eg har.

Forlaget skriv:
"Til Drømmenes Palass kommer en dag en hypernervøs ung mann. Dette er hans første dag i det hemmelighetsomspunne Palasset. Det er her alle drømmene i landet tydes. Helt ut i de fjerneste landsbyer finnes drømmesamlerne, som daglig sender sine rapporter til hovedkontoret. I drømmene finnes konspirasjonsplaner mot Rikets hersker, og aller farligst er Mesterdrømmen, som varsler statskupp og opprør. I Palassets utallige kontorer sitter funksjonærene over sine saksmapper, leser, tolker og rapporterer. Den unge mannen stiger i gradene, forserer stengsel etter stengsel på vei oppover i Palassets gåtefulle hierarki. En dag oppdager han sine egne slektninger i en av saksmappene."

onsdag 10. august 2016

Stauder på nett

Her er grøfta ved muren til storebedet

Ikkje den mest freistande jobben, men Charlie hjelpte til
Det ausar ned med regn heile tida, og ein burde kanskje begynne å bygge seg ein ark. I staden har vi kosa oss inne i dag, bortsett frå at Gamla fekk pakke i posten med åtte stauder bestilt frå ein planteskule i Nord-Noreg. Det heile var meir som ein fiks idé eg fekk for eit par veker sidan, då eg irriterte meg over utvalet og prisane på stauder i butikkane i nærområdet. No er det ikkje sikkert dei nyinnkjøpte er stort betre, men eg likar godt å handle på nett... Midt i alt pøsregnet stod eg altså i storebedet mitt og grov. Plantinga vart noko tilfeldig, men eg planta dei i ei rekkefølgje som eg fann på bestillingslista.

Elles kan eg rapportere om at grøfta som Bladfyken grov medan eg spyla berg tidlegare i sommar fungerer svært godt, så oppkjørsla overlever styggevêret.

Her er namna, så eg kan finne dei att neste år:

  • Dvergakeleie "Juwel Blau"
  • Pinsenellik
  • Hundetann
  • Forbedret Kinasøte "Borge"
  • Ny Plommelwisia "Little Peach"
  • Rød Kubjelle
  • Stor kubjelle
  • Tanatimian






Årets bursdagsgåve frå Systa

Eg fekk ta ut farge og mønster sjølv, og dette blir truleg favorittplagget mitt komande skuleår. Det er nesten så ein kan ønske seg litt ekstra kulde... Tusen takk til Systa - dette klarer eg aldri å matche. Uansett.

Haustens første nysnø i fjella


tirsdag 9. august 2016

Fint lesevêr...


Bok 63 2016: "De tapte sjelers land" av Nadifa Mohamed

Forfattaren har sjølv bakgrunn som flyktning frå Somalia, men handlinga i denne romanen er lagd til slutten av 80-talet, då Mohamed allereie hadde forlate landet. Ho var berre fem år då ho reiste frå Somalia i 1986, så det meste av bakgrunnsstoffet har ho lese seg til.

I boka møter vi ulike kvinner i ulike aldrar, og vi får sjå kva følgjer dei politiske tilhøva i landet får for dei. Det er litt vanskeleg å følgje med i kven som er kven i starten, og her er ein del lokale omgrep som eg ikkje skjønar. Eg burde ha lese den meir konsentrert eller ein gong til for å få med alt, men det synest eg ikkje er verd å bruke tid på.

Bok 62 2016: "Morfar, Hitler og jeg" av Ida Jackson

Forfattaren fann ved ei tilfeldigheit ut at morfaren hennar hadde kjempa på tysk side på austfronten under andre verdskrig, og denne boka handlar både om morfaren, men òg om hennar eigne tankar, kjensler og refleksjonar rundt det ho fann ut. Dette gjer boka til meir enn ein biografi, og den er svært interessant på mange nivå.

Sjølve historia om morfaren er den raude tråden, sjølvsagt, og den skildrar ein overtydd nazist som gjekk inn i SS, som var med på massakrar i Ukraina og som vart skribent. Etter krigen fekk han straffarbeid, men så vart han far og morfar utan at familien snakka om krigsbakgrunnen hans.

Denne boka bør de lese.

mandag 8. august 2016

Roser i hagen 8. august

Nokre av rosebuskene mine er heilt eller nesten avblomstra, nokre hadde ikkje så fine roser at eg gadd å ta bilete av dei - eg trur eg har seks rosebusker som ikkje er nemnde her, i tillegg til nokre stilkar med klungerroser som eg ikkje har telt med.


Rhapsody in blue: luktar fantastisk, blomstrane står veldig kort. Planta 2015

Eg trur denne heiter "Brødrene Grimm", planta 2013

"Heidelberg" - eg har to av denne, planta 2015

"New dawn", planta 2015. Nydelege roser som luktar godt, men står kort tid.

Sandefjord, planta i år. Ikkje så fin på nært hald, sidan den ikkje er fylt, men den er botndekkande og fargesterk.

"Gärtnerfreude" - eg har to av denne, planta i år. Gjer mykje ut av seg som botndekkande og knallraud.

"The Fairy". Eg har to av desse botndekkande rosene, planta 2015. Dei har ikkje sprotte ut enno, men har yndige, små rosa roser.

Maleprosjekt del 10

Sist onsdag avslutta vi årets maleprosjekt - i alle fall når det gjeld gråfargen. Vi har fått ferdig tre sider av huset, medan målet var to, så det er vi godt nøgde med. På nedsida av huset vart det mykje arbeid med verandaen, som også vart mala på undersida. Den fungerer som tak over inngangen. Rekkverket var òg tidkrevjande.

Det som no står att, er eit strøk kvitt på vindauge og dører i kjellaren og på oppsida av huset. I tillegg må muren få eit strøk til på siste sida av huset, som òg må målast. Sjølve malinga der tek truleg ikkje så lang tid, men vi treng stillas. Det har heile tida vore planen å utsetje dette til neste år, så det kjennest ikkje som noko nederlag å la den stå att.

Eg er tom for gråmaling, men har att ein rest kvit vindu/dør-maling, så det kan hende eg flikkar litt på vinduskarmar og denslags framover. Det kan òg hende at eg er så lei at eg ikkje gidd å ta fram penslane att. Vi får sjå - ingenting står på skade, noko som er det aller viktigaste.

Bok 61 2016: "Ondskapens kall" av Robert Galbraith

I denne tredje boka i kriminalserien til "Robert Galbraith" får etterforskaren tilsendt eit bein. Under oppklaringa av denne hendinga kjem vi nærare inn på fortida både til Strike og Robin, og det gjer denne boka meir spennande enn dei to førre, etter min smak. Sjølve kriminalhistoria er god, men avsløringa vert ikkje så frykteleg dramatisk.

søndag 7. august 2016

Tvinnefossen og Randabygda

Søndagsturen gjekk til Randabygda ved Panoramavegen mellom Lote og Stryn. Der gjekk vi frå Rand skule til Tvinnefossen, der ein kan gå bak fossefallet (den einaste staden i Nord-Europa dette er mogleg. Deretter gjekk turen ned ein bratt sti og gjennom eit gamalt gardstun, der vi kom i hyggeleg prat med ein bonde som heldt på å male. Han fortalde mykje om tunet sitt og bygda elles. Deretter gjekk vi ned på Hopland kai, der vi tok ein rast før vi gjekk vegen opp til hovudvegen. Dette området er noko "bak døra", og dermed litt eksklusivt, når ein ikkje er kjend.









lørdag 6. august 2016

Bok 60 2016: "Den uønskede middagen" av Ismail Kadare

Etter å ha lese boka, fann eg ei bokmelding på ei VG-side som eg synest skildrar boka svært godt. Eg vel derfor å sitere derifrå:

«Den uønskede middagen» tar utgangspunkt i det som skal være en sann hendelse fra forfatterens hjemby under den tyske okkupasjonen. Etter å ha blitt angrepet av motstandsfolk beordrer den lokale tyske kommandanten at 80 gisler skal tas til fange, for senere å henrettes som represalie.
Imidlertid viser det seg at kommandanten og den lokale legen er gamle studiekamerater, kommandanten blir invitert på middag hos legen og i løpet av kvelden blir alle gislene satt fri av tyskerne.
En hendelse som naturlig nok får mytologiske dimensjoner, uten at noen helt har svaret på hva som egentlig skjedde. Bortsett fra at dette må ha vært en kamp mellom sterke viljer på begge sider. Da nazistene etter krigen blir erstattet av kommunister, starter imidlertid også de paranoide prosessene og mistenkeliggjøringen av alt og alle som ikke lar seg tilpasse den vidunderlige nye verden.
De som var helter, er nå å betrakte som suspekte individer, og legens kontakt med tyskerne blir gjenstand for grundige undersøkelser. Snart eskalerer det hele i tortur, utrenskninger og henrettelser.
Et bitende skarpt portrett av krigens og politikkens absurditet og den kollektive psykologiske forgiftningen som følger i kjølvannet av alle totalitære regimer. 
(Sindre Hovdenakk)

fredag 5. august 2016

Bok 59 2016: "Når gjøken galer" av Robert Galbraith

Dette er den første krimboka til forfattaren "Robert Galbraith", og det er ei nokså tradisjonell kriminalhistorie. Ein mann oppsøker ein privatdetektiv for å få vite om systera hans tok livet av seg eller vart myrda då ho datt ned frå ein balkong i ei Londongate. Vi blir kjende med etterforskaren og sekretæren som kjem att i dei seinare bøkene, og det er relativt lett å følgje gangen i etterforskinga. Eg likte boka ganske godt, kanskje betre enn "Silkeormen", som er den neste boka i serien.

Glimmerdalen

Torsdag hadde vi lyst å gå ein fin tur, men turmålet vart såpass spontant at vi verken hadde med kart eller niste. Vi hadde sett starten av råsa då vi var på Grøndalsetra kvelden før, men det viste seg at den ikkje var så veldig tydeleg alle stader, og at dei fleste skilta undervegs låg på bakken. Det var derfor litt av eit under at vi fann vegen fram, og at vi nådde ned att før det vart mørkt og skodda la seg. Det var ein lang tur på 24 000 skritt, noko som er mykje i terrenget, men det var relativt lett å gå reint fysisk. Å leite etter råsa er derimot god hjernetrim.

Om Glimmerdalen på sida "Tursida, Friluftsliv høgt og lavt":

"Glimmerdalshytta var bygd av Osdalens Gruvecompani 1907. På den tida var glimmer, eller moskovitt ettertrakta. Dette gjennomsiktige mineralet liknar stiv plast, men kan delast i syltynne flak. Det isolerer og tåler sterk varme, noko som gjorde det veleigna i elektrisk utstyr. No har moskovitt mista nytteverdien, og ein finn det berre som glas i gamle kaminar.

Utvinninga vart først driven utan bustad i fjellet. Det var ikkje rasjonelt og det måtte være eit blodslit å bære glimmeren sju hundre stupbratte meter ned i Osdalen. Då Ingeniør Jordan frå Bergen overtok fekk han bygd hytta og ei taubane, men lønsemda vart aldri bra, og etter fleire eigarskifte var det slutt rundt 1920. Hytta fall saman, så berre dei fine murane sto att då ungdomar frå Austefjorden bygde den opp att i 1982. Ti år seinare vart stiftelsen ”Osdalen Glimmercompani” oppretta og løfta hytta til enkel, men moderne standard. Dagbrotet ligg der framleis, og for ungar er det ei stor oppleving å rote i glimmerhaugane."


Med utsikt attende mot Grøndalsetra

Utsikt mot Glimmerdalen, som ligg oppe til høgre i biletet

Mektige fjell ned mot Osdalen

Glimmerdalen


Lang tur: bilen stod parkert ved vatnet lengst bak i biletet