tirsdag 31. mai 2011

Fem fridagar i vente

På grunn av eksamensavvikling vart det lite undervisning på meg i dag, men god tid til å rydde pult, føre karakterar, setje papir inn i permar og liknande arbeid som bør gjerast etter kvart, men som ofte vert utsett til slike dagar som dette. Hadde eg fått eit par veker på denne måten, ville nok arbeidsplassen min ha sett heilt annleis ut.

Etter at dei to siste timane, då eg faktisk hadde undervisning (det vil seie: elevane hadde munnleg framføring, så det var dei som stod for showet), tok Eldstejenta og eg oss ein tur på TREN. Det vart både tredemølle og ro-apparat i dag, men ikkje noko særleg stress likevel. I tillegg var vi innom eit par butikkar og biblioteket, der eg fekk med meg eit nett fullt av barnebøker og filmar. Vel heime laga vi middag til heile familien; fiskebollar i kvit saus med steikt bacon, poteter og gulrot til er ein av livrettane for familien. Så enkelt, og så godt. Det meste blir betre med fløyte eller bacon til - det er mitt kjøkenmantra.

Etter middag skulle Barnefaren følgje Storegut på første konfirmasjonsførebuingsmøte. Minstemann og eg las nokre forteljingar om "Rampete Robin", medan jentene bytta på å sjå tv og å vere på facebook. Ein roleg kveld utan stress - i alle fall for oss som vart att heime. Dei to små og eg kan sjå fram til fem heile fridagar utan jobb og skule.

No har eg kjørt Eldstejenta på ferja, og dei to minste har lagt seg. Eg har stukke beina ned i to klissete plastposar; såkalla "baby foot". Det er ei hudbehandling for føtene som krev at ein sit nokolunde stille i to timar. Eg trur det skal gå bra.

søndag 29. mai 2011

Dance Into Love

Femte helg på rad med ballett - men jammen er det verd kvar ei krone, kvar ein kilometer, kvar ein time ein set av til kjøring, venting og henting. Showet i dag var svært imponerande, for å seie det mildt. Sceneskifta var raske og innøvde, og nytt av denne gong var at dansane var vevde inn i kvarandre slik at dansarane var på scenen i kortare periodar men kom heller inn att. Begge jentene deltok, og gjorde ein flott innsats.




Begge par besteforeldre, foreldra, brørne og Kompis T var med på ballettshow først og restaurant etterpå. Då feira vi Veslejentas bursdag slik ho ønskte.

Veslejenta 11 år!

Det er tid for mimring att, sidan vi i dag kan gratulere Veslejenta med 11-årsdagen. Eg hugsar svært godt den vinteren eg gjekk gravid og skulle ha henne, for det var ein usannsynleg slitsam periode i livet. Gubben var oppteken med speling 30 helgar i 1999, og då han slutta i bandet, via han helgane til å renovere hus. Sjølv hadde eg full jobb på Ulstein vgs, og dei to eldste ungane var seks og to år. Kvardagane var relativt tøffe, og det vart ikkje betre av at svangerskapet var relativt tungt, med sterke kynnarar og fare for hastekeisarsnitt på grunn av ei morkake som låg feil. Eit keisarsnitt ville ha forkludra flyttearbeidet relativt mykje. Fødselsterminen var 17. mai, men ho venta til ho var klar, tolv dagar på overtid. Vi fekk ekstra nattferje for å nå fram til sjukehuset, men fødselen tok si tid, og ho kom ikkje ut før i 13-tida neste dag.

Namnet var bestemt på førehand - eg ville kalle henne opp etter mormora mi viss ho var ei jente. Amanda Margrete var fødd i 1904 og døydde i 1991, og ho var lita, rund og mørk. Namnet viste seg å passe godt, sidan Veslejenta såg ut som ein eskimo ved fødselen: rund og mørk med raude kinn. Og så såg ho litt alvorleg og streng ut. Etter som åra har gått er ho blitt både lysare og mindre alvorleg - få kan tøyse som henne når ho slår seg laus. Ho var dessutan svært roleg som baby, og gjekk ikkje før ho var 17 månader gammal. No er ho aktiv i fotball og ballett, som de sikkert har fått med dykk. Ho har dessutan fleire fritidssyslar, og er til dømes svært flink til å spele kornett. Om vinteren renn ho på ski - skitrekk var noko som appellerte til henne frå første stund.

Av heile flokken er det Veslejenta som liknar mest på meg - i sinn og skinn, som eg plar seie. Vi deler interessa for dyr, kan furte ein heil del og likar å ha kontroll over omgjevnadene våre.  Likevel ryk ikkje vi ihop så ofte som ein skulle tru.

Bursdagen skal feirast med ballettshow og restaurantbesøk, og vi håpar det blir ein fin bursdag. Gåve skal ho få vere med å kjøpe på onsdag, då ho i tillegg skal få klippe det lange håret sitt etter eige ønske.


Gratulerer med dagen, Snuppa!

lørdag 28. mai 2011

Kalenderen viser 28. mai...

Minstemann og eg vakna relativt tidleg i dag, og etter frokost skulle vi vaske hus. Arbeidsdelinga var klar: han skulle rydde i legoen sin, eg skulle vaske. Klokka 11.15 presis var eg ferdig med å vaske begge etasjane, medan Minstemann framleis stod ved spisestuebordet og leika med lego. Eg tok meg ein lang dusj og sette på ein klesvask, og så tok vi oss ein lang skogstur med hundane. Det var ikkje akkurat sommarleg ute, men fint turvêr. Hundane leika gøyme-og-leite med Minstemann, vassa i elvane og rulla seg i graset. Minstemann plukka fine steinar og underheldt med innhaldsreferat frå dei fleste filmar og seriar han har sett.

Resten av gjengen er opptekne med anna, så no skal Minstemann og eg kose oss med rolege inneaktivitetar ei stund. Jentene har dansepremière i ettermiddag/kveld, og når dei kjem heim, har vi lova å ha maten klar.

Eit lite lyspunkt i kvardagen: eg leita fram dei nye lestane som Mamma har strikka til meg. Dei er både fine og varme, og no slapp eg å vente til hausten før eg fekk begynne å bruke dei. Aldri så gale...

fredag 27. mai 2011

Til forveksling lik

Minstemann og eg huserer aleine fredag ettermiddag, då resten av familien er opptekne på anna hald. Og i dag er Minstemann i det pratesjuke hjørnet.

"Mamma, veit du kven Duke Nukem er? Det er ein sånn fyr"

"Nei, eg veit ikkje kven det er. Er det ein teikneseriefigur?"

"Av og til er han det, andre gongar ikkje. Men han er på Youtube. Og i eit spel eg har sett, og der tissar han. Han liknar på Pappa, eigentleg, berre at Pappa ikkje har sånn blondt hår. Eller raud T-skjorte. Eller sånn sveis. Eg kan vise deg på Google, Mamma...."

Og her er biletet vi fann:

torsdag 26. mai 2011

"Vi overlever alt"

Klokka er 8.45, det er ein grå torsdag i mai. 13 ungdomar og tre vakter er på plass på eit heilt ordinært klasserom, på ein heilt ordinær skule. Stemninga er spent. Elevane koplar på datamaskinane sine, opnar eit dokument og får melding om å lage topptekst og setje inn sidetal. Ein av elevane kan ikkje å setje inn sidetal, og ei av vaktene, la oss kalle henne "Gamla", ilar til for å hjelpe han.

Klokka sneglar seg vidare framover. Elevane hostar og snufsar utan stans, men snakkar lite. Alvoret senkjer seg.

Klokka 9.00: eksamensansvarleg frå leiinga deler ut eksamensoppgåvene. Vi er i gang. Gamla ser på klokka. Årets lengste 2 1/2 time står framfor henne.

9.02: Ein elev må hente boka si i ein annan etasje. Gamla sprett opp og blir med han. Slik går dei neste tre minutta litt raskare.

Så skjer det ingenting. Vel, det er kanskje å overdrive. Ein av elevane et eit eple, ti av dei hostar og snufsar. Gamla ser utover forsamlinga og registrerer at to har med Cola, ein har Redbull og dei ti resterande har vassflaske. I sitt stille sinn tenkjer Gamla at dei burde drikke meir, mykje meir. Elles registrerer ho klesdrakt, frisyre, skotøy og boxershortsmerke i eit krakilsk forsøk på å halde seg vaken. Neste års konfirmasjon blir førebudd i detalj, handleliste for helga og hugseliste for neste veke vert tenkt ut. Ingenting vert skrive ned, sidan ei vakt skal vere totalt fokusert på eksaminandane og dataskjermane deira. Ingenting suspekt skjer.

9.30: drikkeflaskene har hatt sin misjon. To elevar må ut ein tur, og Gamla fyl dei gladeleg.

Gamlas konfirmasjonsplanar fell i grus då ho kjem på at dei som eig lokalet ho hadde blinka seg ut sjølv har konfirmant. Tankane går over til ommøblering og endringar i interiør, både i eige og andre sine hus.

10.00: to elevar vil kjøpe mat. Dei kjøper baguettar som dei varmar i mikrobølgjeomnen i kantina, og Gamla håper at matlukta vil freiste fleire av elevane til å handle. Neida, det stoggar der.

No tel Gamla kor mange undervisningstimar ho har att i år, kor mange dagar ho skal på jobb, kor mange dagar det er att til lønningsdag, kor mykje pengar ho har til å reise på ferie for, kva vekenummer vi er i, kor mange bøker ho har lyst til å lese.

11.10: hovudvakta vil ha pause, og Gamla tek over.

No får Gamla endeleg tak i oppgåvene, så det går noko tid til å lese både oppgåvene og vedlegga. Oppgåvene ser veldig ok ut, med godt fagleg fokus. Ein elev leverer, det tek heldigvis nokre minutt.

11.30: hovudvakta kjem attende, saman med ei vakt som skal avløyse Gamla.

11.32: Gamla er på plass i sofaen med kaffi og mat, særs pratesjuk.

Lukke til med sensuren!

onsdag 25. mai 2011

Bok 36 2011: "Husfrue" av Sigrid Undset

I andre band i trilogien om Kristin Lavransdatter held eitt av litteraturhistorias best skildra trekantdrama fram. Kristin irriterer seg over Erlends mange feil og manglar, og ho ser at Simon Darre på mange måtar er ein langt betre mann. Erlend på si side ergrar seg over den tungsindige kona, og får lyst til å reise ut og krige i staden for å sitte heime og høyre henne fortelje om ungane. Ho føder ei rekkje friske og flotte søner, men Erlend verkar lite engasjert. Utover i boka skiftar forteljinga noko fokus over på politiske saker, og både Kristin og Simon støttar den eigensindige Erlend. Dette er fantastiske bøker, sjølv om ein kan lure på om tankane og kjenslene menneska slit med er historisk sannsynlege.

tirsdag 24. mai 2011

På gravsteinen min skal det stå "AJOUR"

Eg ligg etter. Og det er noko eg mistrivst med. Pulten min på jobb er overlesst med rot, eg får ikkje inn siste bunken eg skal rette, elevane blir aldri ferdige med engelskpresentasjonane sine og eg har eit par ryddeprosjekt i heimen som eg ikkje kjem i gang med. Verst av alt: eg har ein bunke med bøker frå "Verdensbiblioteket" som eg ikkje greier å lese så fort at eg får lånt nokre bøker i papir som eg har lyst å lese. Nokre av bøkene, som til dømes "Faust", er såpass spesielle at eg ikkje er heilt sikker på om eg får utbytte av å lese dei. Viss eg absolutt ville det, kunne eg ha lånt den på biblioteket. No berre står dei der i den overfylte bokhylla og minner meg om at eg ikkje er den intellektuelle kapasiteten dei innbilte seg då dei overtalte meg til å melde meg inn. For andre gong. Neste gong dei ringer, skal eg fortelje dei akkurat det. Ja, for no melder eg meg ut.

Merkeleg, forresten, at det å kjøpe nokre filmar og ha ståande i hylla på vent aldri følest som ei plikt, men meir som å ha noko å glede seg til, noko å ha til gode, som ei sjokoladeplate i skapet. Bøkene, derimot, kjennest som ei tvangstrøye. Eg vil ikkje vere ei sånn som har bøker ståande som eg ikkje les - eller verre: som eg ikkje greier å lese fordi eg finn dei altfor tunge og vanskelege. Kanskje det er slike kvalitetar som må til dersom ei bok skal kome inn i "Verdensbiblioteket"?

No ser eg fram til rolegare dagar, då eg skal rydde pulten og skapa mine både på jobb og heime. Kanskje blir det fint vêr att òg, så eg får luka og planta litt meir, gått nokre fjellturar og lese bøker liggande på solsenga. Kanskje kjem det ein dag då eg kan vakne og tenkje at eg har "gjort kva gjerast skulle" og lure på kva i all verda eg skal finne på. Dersom eg er totalt blank og ikkje har ein einaste idé, skal eg ringe til "Verdensbiblioteket" og trygle dei om å la meg kome inn i varmen att.

mandag 23. mai 2011

Bok 35 2011: "Faust annen del" av Johann Wolfgang von Goethe

I andre del av dette verket, som tok Goethe fleire år å skrive (og meg lang tid å lese), reiser Faust gjennom kulturhistoria attende til antikken. Målet er å skape eit nytt samfunn, og til slutt opplever han det ultimate høgdepunktet i livet sitt. Han har inngått pakt med Mefistofeles, men blir til slutt frelst. Eit pussig verk å lese, men sikkert fantastisk å sjå på ein scene sidan det inneheld svært mange fargerike rollefigurar.

søndag 22. mai 2011

Remacup dag 2

Dag 2 i Remacupen skulle Veslejenta til pers. Ho spelar på G2000-laget i tillegg til eit anna lag, der ho eigentleg er for gammal men har rett kjønn. Laget spelte tre kampar og tapte den første mot Herd, kvar no dei kjem ifrå. Andre kamp var mot Volda, og den enda uavgjort, noko som var stor stas. Siste kamp var mot Ørsta, som dei slo ned i støvlane for ei tid sidan, og som var desto meir sugne på revansje. Enden på visa, og kampen, var 3 - 2 til Ørsta.

Bilete kjem dersom nokon legg ut eitkvart på Facebook. Eg gløymde nemleg kamera i dag òg, men der var fleire andre ivrige mødrer som knipsa i villelse innimellom heiaropa.

lørdag 21. mai 2011

Tap og vinn med same sinn

I dag var jentene på ballettøving i Ørsta og gutane på Remacup (fotball) i Volda. Storegut sitt lag tapte mot to lag frå Volda, men vann mot Åram. Minstemann sitt lag slo til med tre kolossale tap, men dei var like blide. Godguten sjølv hadde visst scora, og det overgjekk mine forventningar. Eg har vore til stades på treningane innimellom, og har sett at guten har arva mest frå meg når det gjeld talent for fotball.

Vi har mykje å lære av desse små, som har det like kjekt uansett kva utfallet av kampane blir. Regn og kulde stoggar heller ikkje pågangsmotet. Gleda over å vere med på eit lag og bli heia på av engasjerte foreldre er viktigare for dei enn at dei faktisk taper. Etter kvart som spelarane blir eldre, aukar alvoret, og laget, trenarane og publikum blir opptekne av å forklare kvifor dei taper og kven som har skulda. Gleda over å vinne held seg konstant, men for kvar siger står det att eit tapande lag. På A-lagsnivå er det få som gløymer vonbrotet over eit tap fordi dei får seg ein ny "bøff" med Rema-logo heilt gratis...

Vinklubb 20. mai


Fredag var det nesten haustleg ute, med kulde, regn og vind. Då var det berre om å gjere å finne noko positivt å fylle ettermiddagen og kvelden med. Først var det hyggeleg cafédate med Kollegavenninne K, deretter ein rask tur etter vegane og til slutt vinklubb på Straumshamn.

Vi var ein liten flokk rundt bordet denne gongen, berre sju i talet, for det er travle tider med fotballcupar, konsertar og feiringar. Men vi hadde det like kjekt som vanleg, med gode samtalar og mykje latter. Vertinna (som ikkje er med på biletet fordi ho tok det sjølv) varta opp med nydelege ostar, kjeks og tilbehør, og vinane var nydelege. Særleg vart den primitive, men positive, italienaren min favoritt. Og "spelt-vinen" var ikkje fullt så sunn som vi hadde teoriar om.

Eg føler meg privilegert som kjenner så mange trivelege, oppegåande damer!

fredag 20. mai 2011

Dagens tolkingsoppgåve i norsk

UGLEDIKT III

Hallo, langt der inne i skogen?
Er du der, langt der inne i skogen?
Gjemmer du deg, langt, langt der inne i skogen og ikke vil komme ut?
Kom ut da vel, du som gjemmer deg langt,
langt inne i skogen og ikke vil komme
ut. Jeg vil så gjerne hilse på deg, og bli
kjent med deg, og snakke med deg – og så kan du
hilse på meg, og snakke med meg, og bli
kjent med meg du også.
Jeg synes det er dumt at du gjemmer deg langt der
inne i skogen og ikke kan se meg, og at jeg står
her ute på veien og ikke kan se deg – for hvis vi
ikke ser hverandre, og snakker med
hverandre, tenker vi kanskje stygge tanker
om hverandre – du tror at jeg er en tyv, og jeg
tror at du er en tyv, og du tror at jeg er
stor og stygg og sterk og vil slå deg, og jeg tror
at du er stor og stygg og sterk og vil
slå meg, og du tenker at jeg spytter på
deg, og jeg tenker at du spytter på meg – og slik
står vi langt, langt fra hverandre og tenker
dumme
stygge
ting om hverandre. Derfor roper jeg på
deg nå, jeg roper så høyt jeg
bare kan: Kom ut av skogen da!
Kom ut og hils på meg da!
... Vil du ikke sier du?
Tør du ikke sier du?
Vil du at jeg skal komme inn til deg i stedet?
Ja, da kommer jeg da.
Nå kommer jeg...

torsdag 19. mai 2011

Det finst visst berre dårleg vêr

I dag hadde vi mange ulike aktivitetar på programmet. Minstemann var den som hadde minst fastspikra, så han fekk vere på SFO så lenge der var ope. Der har han både leikekameratar og lego, så han lid inga naud.

Veslejenta skulle på jazzballett etter skuletid, og derifrå for ho rett på fotballkamp i Austefjorden saman med laget G11. Dette er i følge trenaren årets viktigaste kamp, så gleda var stor då dei vann heile 5 - 1.

Storegut og resten av 8. og 9. klasse fekk gratis kinobillettar sidan ei jentegruppe frå 8. og 9. vann årets Gründercamp. Dei reiste derfor til Volda etter skuletid, og i bloggande stund har eg nettopp henta han på kaia.

Sidan eg visste at kvelden ville gå med til å vente på og kjøre ungar hit og dit, og fordi det høljeregna, nytta eg høvet til å slå i hel over ein time på TREN etter jobb. Når sola skin, er det finare å gå tur ute, så det har blitt lite utnytting av medlemskortet i det siste. Det merka eg litt på forma òg.

Ingen bilete i dag, men de kan no hygge dykk med ein fotoreportasje frå aktivitetsdagen på jobb måndag.

onsdag 18. mai 2011

"Våre vener villsauene" og "Frykteleg fuktig fotballkamp"

I og med at frionsdagen denne veka fall på sjølvaste 18. mai, bestemte dei to heimeverande ungane og eg oss for å ha ein roleg dag. Då vêret i tillegg viste seg å bli minst like kaldt og grått som gårsdagen, var det ikkje snakk om noko stress. Eg hadde ein bunke som ikkje var fullført, og ungane hadde mest lyst til å vere inne og kose seg med rolege aktivitetar.

No er det slik med Gamla, at ho er eit vanedyr av dei sjeldne. Det er nesten umogleg for meg å setje meg til inne utan å ha vore ute ein tur først. Med to posar tørt brød la vi derfor i veg til nabosauene. Dei vert så glade for å sjå oss, for vi kjem ofte med brød til dei. Nokre av dei et frå hendene våre, og det er stor stas. Sidan vi likevel var i gang (bokstaveleg tala), vart det til at vi gjekk vidare innover langs fjorden. Då det begynte å regne att, etter ei lang stund utan nedbør, snudde vi og gjekk heimover. Vi hadde mange spennande samtaletema, og det viste seg at vi var ute i to timar. Ikkje verst, når utgangspunktet var ein kjapp luftetur. Eg fekk likevel tid til å handle, rette resten av bunken og lage middag - ja, eg fekk til og med tid til ein liten middagslur før vi reiste til Folkestad. Dei to yngste skulle trene, medan Storegut skulle spele heimekamp. Det vart ein våt seanse, og resultatet vart 4 - 5 i Larsnes sin favør. Heldigvis har vi håp om revansje til helga, då det er fotballcup.

I kveldinga har vi "rydda kjøleskap". Det er merkeleg kor svoltne ein blir av frisk luft, og middagsrestane m.m. gjekk ned på høgkant. Det er dessutan lite som er så deilig som å bli kald og våt og deretter tørr og varm. Ungane gjekk heilt frivilleg til køys etter maten, og eg nyt kvalitetstida med lydbok, tv og data.

tirsdag 17. mai 2011

Bok 34 2011: "Kristin Lavransdatter. Kransen" av Sigrid Undset

Etter at eg nyleg såg filmen om kristin Lavransdatter saman med tredjeklassingane mine, fekk eg lyst til å lese omatt heile trilogien. Eg hadde sett lydbøkene i hylla på biblioteket fleire gonger, og no har eg altså begynt. Det er Rut Tellefsen som les, ho som spelar Moster Åshild i filmen, og ho les med stor innleving og variasjon i stemmebruken. Dette kan verke litt påtrengande, men det er med på å bygge opp spenninga. For spenning er her mykje av, sjølv når ein har lese boka for tjue år sidan og sett filmen 5 - 6 gonger. Språket er noko antikvert, men det høver fint til innhaldet. Ein kan ikkje la vere å engasjere seg i karakterane og forholda mellom dei - og i vala dei gjer. Eg var spent på om eg ville sjå det annleis no enn då eg las boka første gong, men eg synest framleis at Kristin er ei romantisk, ufornuftig og overoptimistisk jente. Erlend har eg òg lite til overs for. Eg fnaus høgt då han første natta seier "deg skal jeg aldri krenke, du skal aldri gråte en tåre for min skyld". Som om han bringer henne stort anna enn problem? No ser eg fram til å lese dei to neste bøkene, for dei hugsar eg svært dårleg.

17. mai 2011: kaldt og regnfylt

Bileta får tale for seg sjølv i dag. Høgdepunktet for meg var då Storegut og kompisen (halve bandet "Lommerosk") song og spelte sin nye song, som dei laga i løpet av 45 minutt i går. Eg siterer siste linje:
"I still have some hope, but do I get you? Nope!"

Observante lesarar får kanskje med seg at eg på tampen av feiringa fekk høvet til å kle meg ut i rare klede. I dag igjen.


mandag 16. mai 2011

Mitt liv som fane

I dag markerte vi "siste skuledag med russen", som er eit tradisjonelt arrangement med tautrekkingskonkurranse for alle klassene, rullestafett for russen, fotballkamp mellom lærarar og russ og ikkje minst kåring av beste fane. Dei som kjenner klassa mi og meg, veit at det har gått sport i det å lage originale faner. For to år sidan vann vi, då eg gjekk inne i ein gigantisk iste-kartong (iste = 1ST3). I fjor gjekk eg og bar ein paraply med brødskiver i (toast-tre = 2ST3). I år kom vi ikkje på nokon rebus, så enden på visa var at eg vart ikledd ein svart onepiece og deretter teipa full av russekort. Symbolikken skulle vere at eg har elevane så tett inn på meg at det er som ei tvangstrøye.

Som løn for strevet fekk vi heidarleg omtale. Det var ikkje berre vi sjølve som meinte at vi burde ha vunne, men juryen er heilt klart korrupt.




God 17. mai til alle, både russar og sivile!

Gratulerer med dagen, Nevø 4!

I dag fyller Størstebror på Kongsberg 9 år, og vi gratulerer!

søndag 15. mai 2011

Vårens første ballettshow: "Det magiske loftet" og "Tida går"




Som alltid i mai set ballettskulen opp show, og i år har dei delt skulen i to såpass jentene dansar fem laurdagar på rad i tillegg til to søndagar og ørten kveldar. Når eg ser kor sliten ein blir av å kjøre danserinnene, torer eg knapt tenkje på kor slitsamt det må vere for dei som i tillegg må danse. Resultatet blir uansett flott. Veslejenta deltok på den klassiske delen, "Det magiske loftet", der ho dansa pirat. Begge jentene var med i contemporaryframsyninga etter pausen. Den heitte "Tida går", og var ei rørande framstilling av fasane i livet. Eldstejenta fødde faktisk veslejenta i opningsscenen, og det heile enda med at Eldstejenta og dei andre på gruppa hennar døydde og vart englar.

Denne gongen var det berre eitt sett besteforeldre med på show, og dei inviterte til deilig middag etter det som har vore ei lang ballettveke for jentene. No blir det tre dansefrie dagar før dei tek til med ekstraøvingar til neste framsyning, men det er heldigvis noko som heiter 17. maitog, gymtimar og fotballtrening/kamp, så vi slepp å kjede oss.

lørdag 14. mai 2011

Svigermor 70 år!

I dag fyller Svigermor og Tvillingsystera hennar 70 år. Dei voks opp i Heggjabygda, og vart konfirmerte saman med min Onkel S på Nordfjordeid. Då vi skulle ordne ei gåve, syntest eg det ville vere fint å kunne gi Svigermor eit bilete måla av den same Onkel S, og nokre blogglesarar fekk med seg at eg var på Eid i vinterferien. Vel - no veit de kva "ærend" eg hadde der.

I følgje Eldstejenta, som overrakte gåva, tenkte Svigermor akkurat det eg hadde tenkt om det måleriet; det minte henne om heime. 

Biletet er av Svigermor sist haust, då ho og Svigerfar passa hundane medan sonen var i Bulgaria. Dei seier sjeldan nei til å stille opp for barn og barnebarn, og altså hundar. Dei er "bortreist på dagen", og eg veit ikkje heilt kvar, men eg håpar dei kosar seg!

fredag 13. mai 2011

Bok 33 2011: "Sommeren uten menn" av Siri Hustvedt

Då eg valde denne boka, var det ut frå nysgjerrigheit på kven denne norskætta amerikanske forfattaren er og fordi det som stod på omslaget vitna om at det var ein ekte feministroman. Etter å ha lese litt ymse i det siste, tenkte eg det kunne vere forfriskande med ein ekte tendensroman.

Boka begynner som ein klisjé i sjangeren: ei kvinne i overgangsalderen blir forlatt av mannen fordi han slår seg ilag med ei yngre, fransk kvinne. Hovudpersonen reiser til heimstaden til mor si og finn trøyst blant mora og hennar venninner, ei småbarnsmor i nabohuset og ei gruppe pubertetsjenter som ho underviser på eit skrivekurs. Ikkje så original handling, men mykje filosofering rundt skilnader mellom kjønn, lesing av litteratur, historie og refleksjon rundt det havarerte ekteskapet gjer romanen til langt meir enn eg hadde forventa.

Puppy Love

Minstemann har dame. Eller rettare sagt: han har hatt dame ei stund. Sjølv vil han ikkje ha noko snakk om det, men kjærleiksbreva har strøymt på som overtydelege prov.

I dag begynte guten å fortelje på eige initiativ då eg henta han på SFO:

Mamma, du veit at T og eg har vore, ja, du veit, piiiip ei stund, sant? No er det slutt. Ja, T sa først at det var slutt, og so kom ho og spurte om att og om att om vi kunne vere, ja, piiiiip, igjen. Til slutt gøymde eg meg i ei kasse. Der fann eg ein kjepp som eg brukte til å styre til høgre, og so brukte eg eit hol til ratt og noko lego til å styre til venstre, og so leika eg at det var eit romskip og at det var Star Wars. Og so flaug eg ut i verdsrommet... 

Men korleis gjekk det med kjærleiken, då?

Nei.... Ho fann meg til slutt...

Ja, kva sa du til henne, då?

Nei... Eg sa ho var ein masekopp. Det må du hugse å kalle meg, mamma, viss eg aldri sluttar å spørje om noko!

onsdag 11. mai 2011

Sol, scoring og stilar

Første del av dagen var like strålande som vi etter kvart er blitt vane med no i mai, og eg hadde mest lyst til å velte meg i solsenga med det same. Minstemann var ikkje like klar for ein dag i solsteiken, så vi gjekk først ein tur og mata naboens villsauer med tørt brød. Deretter luka vi eit bed der løvetennene plutseleg stod i full bløming, og der var mange av dei. Etter kvart kom nabogut T på besøk, og gutane leika med lego i sola medan Gamla velta seg i solsenga med ei god bok.

Utover ettermiddagen skya det over, noko eg merka då eg hadde somna i solstolen, kun iført bikini, og vakna av at eg fraus.

Veslejenta skulle spele kamp i dag, og gutane skulle på trening omtrent samtidig. Det var sesongstart for 2000-laget, som inneheld både gutar og jenter, og gleda var stor då dei slo Ørsta-gutane 9 - 4. Veslejenta hang med, sjølv om ho er travelt oppteken med ballett for tida.

I kveldinga fullførte eg vurderinga av ein stilbunke, så då var eg rett nøgd med meg sjølv og fridagen.

tirsdag 10. mai 2011

Bok 32 2011: "Harens år" av Arto Paasilinna

Det er lett å bli hekta på Paasilinna. Bøkene hans er korte, morosame og nokså like kvarandre. "Harens år" er gjennombrotsromanen hans her i Noreg, og den er frå 1970-talet. Lydboka med Ivar Nørve er av nyare dato, og han les glimrande.

Oppskrifta er kjend: nokon lever eit litt stusseleg liv, finn eit dyr og reiser rundt. I løpet av reisa møter han menneske som endrar livet hans. Denne gongen er det ein hareunge som står sentralt. Det er føreseieleg, men likevel nyskapande og morosamt utan særleg djup botn.

Eg likar det.

GP-draumen knust i år

Så er det klart: Stella gjekk ikkje vidare til finalen, og Noreg deltek ikkje i årets Eurovision. Eg er skuffa, sjølvsagt, og i bloggande stund er eg slett ikkje sikker på om eg vil sjå finalen. Spesielt fordi der var så mange dårlege bidrag - heldigvis vart dei verste luka bort. San Marino og Albania, til dømes. Islands bidrag var litt koseleg, så kanskje vi kan heie på dei, eller nokon andre vi kan like etter kvart. Akkurat no freistar det ikkje å tenkje alternativt.

Tysdag: "Haba haba hujaza kibaba"

Noreg stiller som nummer 2 i kveldens semifinale i Eurovision. Vi kryssar fingrane og heiar på Stella!

mandag 9. mai 2011

Bok 31 2011: "Mørketid" av Chelsea Cain

Tidlegare har eg lese dei to første bøkene i serien, og dette er nummer fire. Historia inkluderer ikkje så mykje "Beauty killer" Gretchen, men det var i grunnen greitt. Ein annan massemordar står sentralt, og mordvåpenet er giftige blekksprutar. Eg las blogginnlegga til Systa og Mamma etter eg hadde lese ut boka, og er mest einig med sistnemnde, som synest boka vart langdryg. Eg likte dessutan ikkje motivet massemordaren hadde for å drepe. Likevel var der mange spennande episodar, så det er inga dårleg bok. Kanskje er det berre eg som har gått lei av krim.

søndag 8. mai 2011

Søndagstur til Helgehornet og Hovdevatnet









Sidan dagen var varm og delvis skya, var det fint å gå på fjellet. Vi valde eit lett og lavt turmål sidan det er tidleg i sesongen, og vi møtte mange andre som hadde tenkt noko liknande. Etter å ha gått nedatt frå fjellet, tok vi ein tur til Hovdevatnet og grilla. Turen vart såleis ein reprise frå 20. juni i fjor, berre at vi avslutta med ein is i Volda før vi for heim.



Ballettbesøk

I dag var det den andre av i alt fem laurdagar på rad då jentene skal danse i Ørsta. Det er travle tider for ballerinaene, og for oss foreldra som må passe på at dei er der dei skal vere til rett tid iført rett og reint utstyr. Dagens ekstraøving varte i nesten tre timar, og eg ser spesielt fram til å sjå jentene danse contemporary ilag for første gong.

Medan jentene dansa, var gutane og eg på besøk hos besteforeldra. Etter kvart fekk vi servert nydeleg middag, og vi fekk slappa godt av i finevêret. Dette medførte ekstra arbeidslyst då eg kom heim, så eg fekk klipt noko plen og retta ein liten bunke med stilar. Veslejenta hjalp meg med å plante nokre blomar i ei krukke, og så hadde systrene fotosession. Dei var langt finare enn fotografen av dette biletet, som vasa rundt, sveitt og forkava, i arbeidsklede og støvlar.