Viser innlegg med etiketten katt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten katt. Vis alle innlegg

onsdag 19. mars 2014

LOL(a) returns

Etter ei veke på frifot, i regn, snø og storm, kom LOL(a) brått attende til heimen tysdag kveld. Det var etter leggetid, og matmor vurderte situasjonen slik at dyret måtte få kome inn og ligge inne i varmen når ho endeleg var heime att. Slik enda matmor opp med ein katt i senga. Ho er frykteleg flokete i pelsen (katten) og treng både børsting og klipping (framleis katten, men òg matmor), men på fri-onsdagen har ho fått kosa seg inne saman med folka.

torsdag 4. april 2013

Bibellesarane

Minstemann fekk seg Bibel for ei tid sidan, som fleire av dykk vil hugse. Etter det forventa han at Mora skal lese boka frå perm til perm, noko ho er truande til. Det er ei forkorta utgåve, og eg synest det er flott at guten får lære dei gamle forteljingane.

No viser det seg at Bibelen er langt meir valdeleg og skummel enn eg hugsa frå barndomen. Guten har lytta storøygd til forteljingar om massedrukning, omskjering og menneskeofring. Ein av heltane i forteljingane lyg til faren om at han er tvillingbroren, som han i tillegg kler seg ut som. Idéen fekk han frå mor si. Sønene hans puttar den yngste broren i ein tom brønn (skummelt å tenkje på for ein Minstemann) før dei sel han til forbipasserande kjøpmenn.

Vi kosar oss med dei grusomme historiene, og det gjer også katten LOL(a) , som elskar høgtlesing på sengekanten.

torsdag 3. januar 2013

Ut med juletreet

Etter jobb, køyring av ballerinaer og ei sein middagskvild skulle eg endeleg få ut juletreet. Eg hadde handla inn gjennomsiktig plastkasse, plastposar med "lynlås" og diverse andre posar til å legge vekk pynten sortert og klar til neste år. Alt saman fekk plass i ei kasse, bortsett frå juletrefoten, sjølvsagt.

Halve juletreet låg att på golvet etter at stammen var boren ut, og det kom vel med at eg har ny støvsugar. Dei siste nålene ligg truleg att til eg har fått vaska skikkeleg. LOL(a) var ikkje begeistra verken for at eg fjerna den nye favorittplassen hennar under juletreet eller for støvsuginga. Eg får vente til i morgon med å ta vekk dei nissefigurane ho plar leike med.


tirsdag 18. september 2012

Ein sky fyr og eit rart dyr

Etter middag i dag gjekk eg meg ein tur innover Mjeltvika. På veg attende kom ein underleg fyr humpande mot meg på vegen. Han kom temmeleg nær før han oppdaga meg, og då strauk han ned til sjøen, der han plaska rundt ei stund og forsvann.

Fyren var eit dyr, nærare bestemt ein oter. Eg fekk ikkje festa han til minnekort, men legg i staden ut bilete av katten LOL(a), som er langt mindre sky.

søndag 19. august 2012

Together again

Eg kan ikkje akkurat seie at eg har vore barnlaus i fire veker, for eg har hatt Eldstejenta her medan dei hine var i Danmark med faren, og ein visitt førre søndag og måndag av dei tre yngste. Likevel er det frykteleg lenge sidan vi var alle samla, så det kjendest godt å få dei heim att i ettermiddag. Etter ein tur i ballbingen laga eg ein stabel med "arme riddere", som gjekk ned på høgkant. Ved leggetid ber Minstemann om at eg skal begynne å lese "Tonje Glimmerdal", og det ser eg fram til.



torsdag 16. august 2012

Evig kattepine

LOL(a) nyt livet som einebarn, men blir også sentrum for ein del merksemd. Sist helg kjøpte eg laurdagsgodt til henne (luksus kattemat), og eg har kjøpt inn diverse boksar med kattemat så ho skal få variert kost. Litt laks har ho òg fått, men dyret rynkar på snuten til alt anna enn billeg tørrfôr frå Europris.

Så og seie kvar kveld gøymer ho seg vekk når eg skal kaste henne ut for natta. Eg finn henne att på dei raraste stader (ein morgon fann eg henne sovande i vasken på badet).

Det verste er morgonane. I sommarferien har ho remja og klaga utanfor soverommet så eg har måtta sleppe henne inn, der ho har sove vidare i senga. Som regel. Nokre gonger har ho vore opplagd til action og jakta på føtene mine.

Å stå opp klokka seks er det verste med heile jobben min. Når ein blir vekt av ein katt 5.30 eller 5.10 (i dag) lever katten farleg. "Tar du nattesøvnen fra et gjennomsnittsmenneske, tar du lykken fra det med det samme", som Ibsen ville ha skrive, dersom han hadde hatt ein katt som LOL(a).

mandag 9. juli 2012

Tid for innekos

Etter å ha konstatert at døtrene mine har dårleg musikksmak, gjekk eg meg ein tur ut i regnet i føremiddag. På heimvegen møtte eg alle fire ungane, som hadde teke vegen til ballbingen. Dei vart der eit par timar, så eg fekk unna ein del klesvask, klesbretting o.l. før dei kom heim til middag.

Eldstejenta reiste til Volda, Storegut var ute med kompisar og småungane og eg kosa oss heime med film og spel. I kveldinga las eg lenge til Minstemann, og eg har i tillegg lese for min eigen del òg. Det går fint med ein regnfylt dag eller to, men eg må innrømme at eg i løpet av dagen hadde eit par flashbacks til mai, då eg sat eksamensvakt i fullstendig stillheit.

torsdag 5. juli 2012

Pus i hus

Meldingane sa strålande sol, men då eg vakna, regna det. Eg hadde tenkt å jobbe i hagen i dag, men knotten var uuthaldeleg då det hadde slutta å regne. Det vart derfor ein del innejobbing i varmen, med alle dører og glas vidopne. I den eine buda står nokre kasser merka "diverse" frå flyttinga i vinter, og det tek si tid å kome i orden. Ungane fekk ordre om å rydde og ordne på romma sine, som såg noko krigsherja ut, og ei stund var vi rimeleg aktive alle saman.

Eldstejenta for på jobb og Storegut på fotballtrening, og eg mislukkast totalt i å få dei to små til å hjelpe meg med hagearbeid. Sjølv gjekk eg i gang, men gav meg på det etter ein time, då knotten kom att. No skal eg til å lage til grillen, for tredje dag på rad, så då forsvinn kanskje litt av insektsplagen.

Sidan vi ikkje har noko turbilete å by på i dag, legg eg ut bilete av katten LOL(a), som flytta hit for eit par dagar sidan.


tirsdag 3. juli 2012

Om Solveig og Sollidheida (570 moh)





Morgonen begynte bra i dag òg. Eg var først ute av senga, og det vart høve til stille kontemplasjon og frokost på verandaen før ungane stod opp. Innan det hadde eg lege i sola ein times tid òg.

Dagen vart noko sløv, med litt hagearbeid, husarbeid og soling, men så skulle Minstemann på overnatting og Storegut på fotballtrening. Treningstida hans brukte jentene og eg til å gå ein tur på Sollidheida (570 moh). Trass flugene hadde vi ein fin tur.

Middagen gjekk òg føre seg på verandaen, for i dag hadde vi lyst til å grille. Det begynte å regne medan grillen vart klar, men vi sat ute og trassa både regn og mygg.

Samtidig som vi ferierer her heime sit systera mi og et pizza på ein restaurant i Karlstad, ser det ut til (kjelde: facebook). Vi gratulerer henne så mykje med dagen i dag, og håper dei snart kan kome hit på besøk og sjå vår nye heim.

søndag 16. januar 2011

Laurdag med Lola

Etter ein noko sein frukost kasta eg meg over rydding, husvask, klesvask og andre nødvendige husmorgjerningar. Eldstejenta og eg gjekk oss ein tur på glattisen, deretter laga ho middag medan eg henta Storegut hos ein kompis. Vi kosa oss med lasagne, såg MGP og etterpå har dei to store og eg kosa oss med "Nightmare on Elm Street" - dei to første filmane.

Katten Lola er eit hyggeleg supplement til flokken. Ho er interessert i alle syslane i heimen, bortsett frå støvsuging, og ho leikar løve som jaktar på kaninen Madeleine (som berre trampar litt og skremmer vekk katteløva). Legoen til Minstemann er spennande katteleiker. Skrekkfilm har ho ikkje særleg sans for, men ho ligg trygt på fanget til Storegut. Om natta søv ho saman med Veslejenta, som hadde to andre grå kattar som "dyne" då ho låg i bagvogn som baby.

søndag 3. oktober 2010

Den dagen brannstasjonen brann...

Planen i dag var å reise til Volda for å gå på kino og hente Eldstejenta. Litt etter klokka 13 var eg innom Facebook, og der var mange statusar prega av at noko heldt på å skje i Volda, og etter kvart fekk eg det bekrefta: det var brann i brannstasjonen, av alle stader! I og med at brannstasjonen er næraste nabo til kinosalen, droppa vi filmplanane og henta Eldstejenta tidlegare på dag. Slik fekk vi god tid til å lage søndagsmiddag.

Eg kjøper ofte svinekotelettar, men lagar dei til på min eigen måte, ved å steike dei lett og deretter ettersteike dei ein halvimes tid i eldfast form med grønsaker, krydder og ein "liten skvett" fløyte (= om lag 2,5 dl). Med poteter og brokkoli til smaka det slett ikkje verst, om eg må seie det sjølv. No skal det innrømmast at eg ikkje på nokon måte er kokken i familien, men kokkelerer etter innfallsmetoden. Det plar gå bra, berre det er lenge nok sidan frokost.



Etter middag vart det ytra ønske om bollebaking. Dei to små og eg laga deig, deretter gjekk eg tur i halvannan time - akkurat lenge nok til å kome heim for å assistere med steiking. Inspirert av Systa fylte vi bollane med vaniljekrem, sjokolade og "ja takk, begge delar". Sistnemnde vart ein noko "heavy" variant, men dei gjekk ned på høgkant til kvelds.

Når Eldstejenta er heime, betyr det òg at vi har katt i hus. Lola er verdas mest sjarmerande kattunge, og ho er reinsleg og grei å ha i hus. Favorittplassen hennar er glaskarmen i stova, der ho ligg og ser på haustlauv som fyk forbi utanfor ruta. Vi hadde forresten eit svare strev med å få tak i katten då vi skulle reise frå Volda, for ho hadde stukke av ut og fått smaken på utelivet. Vanlegvis er ho berre hybelkatt, og ho får noko meir action her enn ho er van med.

lørdag 11. september 2010

Lola

Eldstejenta har hybelkatt. Sidan ho skulle hit i helga, måtte katten òg få vere med. Den er utruleg søt og sjarmerande, slik kattungar flest er. Sjølv er eg meir ein hundeperson, men leikande kattungar er noko for seg sjølv. Akkurat slik som Eldstejenta. Det er kjekt å ha dei begge i hus - vi rakk akkurat å vaske ferdig til dei kom, og no står middagen i omnen. Eldstejenta seier det er kjekt å kome heim og få skikkeleg mat, og då reknar eg med det er Toro-lasagne ho meiner.