søndag 30. oktober 2022

Korpsbasar


Minstemann og kjæresten pynta seg i 80-talsklede og for på basar. Korpset hadde øvd inn musikk frå 70-, 80- og 90-talet, og det var fullt hus og stor stemning i gymsalen/grendahuset. Dei spelte flott også, berre så det er sagt! Minstemann har begynt å spele saksofon i korpset i tillegg til å spele noko trommer. Der er to til som spelar slagverk, så no får dei spele meir sidan han sit i fremste rekke med saksofon. Han hadde eit par soloar der òg, i tillegg til den imponerande "fascinating drums". 

Genser nummer 40: "Haustblad" med justeringar


Eg har tidlegare strikka "Haustblad" i liten storleik, og den vart passeleg til Veslejenta. No strikka eg ein ny i middels storleik, og den passa meg heilt fint. Eg gjorde nokre justeringar på ermane og nedst på bolen, med eit enklare mønster, men mønsteret på berestykket er det same. Både på Veslejenta sin og min eigen har eg strikka brun kort hals i staden for kvit. Mest av praktiske omsyn, men òg fordi eg likte så godt den brunfargen (den minner om o'boypulver). Elles er Alpakka tweed eit fantastisk mjukt garn å strikke med, og genseren blir passeleg varm til haustdagar på jobb. 

Gravferd på Eid


Vi fekk ei trist melding om at onkelen min hadde gått bort, og dermed vart det gravferd fredag 28. oktober. Mange gode og fine ord vart sagt, og songar sunge, og det vart ei fin markering og gode gjensyn med slekt på morssida mi. Minstemann vart med, og begge søskena mine, ein nevø og mamma var med frå vår side av familien. Mamma hadde liten familie frå starten av, med berre denne eine broren, men det vart tre barn og 11 barnebarn på den sida òg. Hittil har det kome to oldebarn på den sida, og det er kjekt å sjå nye slekter kome til. I tillegg kjenner eg mange av svigerslekta til onkelen min, for mange av dei budde og bur i nærleiken av Eid. Det er trasig å møtast i så triste samanhengar, men slik vert det vel ofte når alle konfirmasjonar og bryllaup er feira.

Onkelen min vart så fint framstilt i alle talane. Han var ikkje den mest høgrøsta og utagerande, men ein hjelpsom og flink mann med ein herleg humor. Akkurat humoren hugsar eg spesielt godt frå barndomen, då vi syntest han var så morosam. Sjølv heldt eg ingen tale, men eg minnest frå dei siste åra nokre fine treff vi har hatt der temaet har vore slektshistorie. Ei påske reiste han, tanta mi, mamma og alle ungane inn til Innvik og over til Breim, og han fortalde om slekta der (mormor-slekta mi). Ein annan gong stilte han opp og fortalde Veslejenta om mora si (mormora mi) til eit prosjekt ho hadde i historiefaget på vgs. Og ein gong var vi innom med bilete som Eldstejenta hadde teke av huset der oldemora mi vaks opp.

Laurdag tok eg ein tur på grava i ro og mak, og då kunne eg sjå nærare på alle dei nydelege blomane. 

Øyralangs 2022



Helga 22. og 23. oktober var det såkalla "Øyralangs" i Volda. Turstien langs Øyraelva vert pynta med ulike lysinstallasjonar, og i tillegg er det både dans og skodespel undervegs på turen. Bladfyken og eg tok turen etter å ha vore til Ørsta med ein tørketrommel til mamma. Vi nytta òg høvet til å gå på den lokale kinarestauranten, Landscape, der dei no har begynt å lage sushi. 

Øyralangs var flott, og det var svært mange ute og gjekk. Bladfyken skulle skrive artikkel om hendinga, men eg vandra berre utan mål og meining, for opplevinga si skuld. Volda er best når folk går mann av huse.

søndag 16. oktober 2022

Genser nummer 39: "Afmæli"


Denne genseren strikka eg ferdig for mange veker sidan, men eg har grua meg til å feste trådar sidan der var ni fargar i mønsteret, og i tillegg mønster både nedst på bolen og på ermane. Jobben gjekk relativt greitt, sidan eg høyrde lydbok først og deretter snakka med Eldstejenta i telefonen. 

Garnet er lettlopi, og denne vaskar eg før bruk. Ny genser på tysdag, viss den passar (eg har berre sjekka at eg fekk hovudet gjennom).

Genser nummer 38: "Dahlia"


Sidan den grøne genseren vart liten til meg, gjekk eg denne gongen opp ein storleik. Garnet er Viking picasso saman med Viking Kid silk, begge i ein relativt knallblå farge. Picassogarnet er spettete med innslag av andre fargar, og eg var litt spent på effekten. Genseren vart i alle fall passeleg denne gongen, så då har eg ny genser til måndag etter haustferien. Ein fordel med å strikke einsfarga og ovanfrå og ned, er at det er lite arbeid med å feste trådar og montere. Det skal eg hugse.

Haustferie heime

Vi fekk oss nokre rolege dagar på tampen av ferien. Fredag besøkte vi Mormora i Ørsta og fekk middag der, og i dag, laurdag sløva vi lenge før vi gjekk oss ein tur i det fine haustvêret.


Genseren Veslejenta hadde på seg denne dagen, var nummer 37, "Høstblad". Eg strikka den i small og brukte den eit par gonger sjølv, men den var litt liten. Eg har strikka halvferdig ein ny til meg sjølv, men la att eit erme på jobb før ferien, så eg treng nokre dagar til for å få den ferdigstilt. Biletet er noko kornete fordi det er sendt til meg på facebook.

Charlie var henrykt over å få heim "mora" si. Han vart passa av Bladfyken medan vi var i Molde m.m., og fredag fekk han ein tur til "oldemora" i Ørsta. Dermed vart det litt "action" for hunden også denne ferien. 

Miniferie til Molde, Eide og Åndalsnes

Veslejenta kom heim på haustferie, og dermed rauk min opprinnelege plan om å reise til Trondheim i ferien. I staden tok ho og eg ei hotellovernatting i Molde, og fekk dermed reist til Eidehallen for å høyre på Minstemann og bandet BASK. Dei var nemleg på fylkesmønstring i UKM Møre og Romsdal og skulle ta del i ein konsert onsdag kveld. Eg trur det var mi femte fylkesmønstring - det kunne ha blitt ei til i 2020, men det får vi aldri vite (det var tre nominerte til to plassar det året, men alt vart avlyst). Gutane gjorde ein flott innsats - dei er svært musikalske og flinke. 








Dagen etter reiste Veslejenta og eg heim, etter ein fantastisk hotellfrukost på Scandic Seilet. Vi tok ein omveg til Åndalsnes, der vi hadde eit sterkt ønske om å sjå bysta av Dag Otto Lauritsen. Vi tok oss også ein kakepause på café.

Skarpsynte lesarar kan sjå genser nummer 35 på sin nye eigar.





lørdag 15. oktober 2022

Poor Rick på Tredet

Det er ikkje ofte Gamla går ut, og som regel er ein eller fleire av ungane eit påskot. Så også denne gongen, då Storegut og bandet "Poor Rick" kom til Volda for å spele på Tredet. Eg hadde ikkje høyrt sonen synge live sidan Trøndertun, trur eg, og det er årevis sidan. Eg har sjølvsagt høyrt diverse opptak, men det er ikkje slett det same. Mektig imponert og djupt rørt vart eg i alle fall. Favoritten er songen "bleeding heart", som ligg ute i diverse medium.


mandag 3. oktober 2022

Bok 31 2022: "Den savnede søsteren" av Lucinda Riley


Eg hadde forstått det slik at denne siste boka i serien skulle oppklare alt, men nei - det viser seg at forfattaren hadde begynt på ei siste bok i serien, og at denne ikkje ligg ute som lydbok enno. Det skal visstnok vere sonen som har skrive den ferdig, sidan forfattaren sjølv er død (frekt nok). 

Vel, vel. Denne boka er dermed ikkje den store finalen, men nok ei bok om menneske som har usikkert opphav fordi dei er adopterte. Likevel er historia denne gongen annleis, fordi vi møter ei middelaldrande kvinne som har stukke av frå heimlandet Irland i ungdomen og busett seg på New Zealand. Dei seks adopterte systrene legg ut på jakt etter kvinna, som stadig stikk frå dei. 

Eg likar godt å lese om Irland, så eg likte boka godt, men hadde altså forventa ein slutt på denne lange bokserien. Sjangeren er ikkje heilt "mi greie", men det har vore ei kjekk avveksling. Eg synest òg eg har lært ein del. Sjølve bakgrunnshistoria med den sveitsiske rikmannen er reint visvas, men dei forteljingane frå fortida har vore kjekke å lese, synest eg. No skal eg lese noko heilt anna ei tid framover, men eg skal lese den siste boka i serien så snart den kjem.

Bok 30 2022: "Solsøsteren" av Lucinda Riley


Den sjette systera er toppmodell i USA, men lever eit liv prega av narkotika og alkohol. Etter kvart kjem ho i kontakt med ei kvinne som påstår ho er bestemora hennar, og ein får innsyn i livet til Cecily, som reiste frå USA til Kenya for å sleppe unna ei kjærleikssorg i heimlandet. I Kenya skal ho bu hos tanta si, og ein får lære mykje om korleis livet var blant kolonistane før andre verdskrig. Samanhengen mellom denne historia og livet til sumpermodellen Electra vert etter kvart avslørt.

Bok 29 2022: "Månesøsteren" av Lucinda Riley


Den femte systera er Tiggy, som lever i det skotske høglandet og tek seg av ville dyr. Etter kvart vert ho kjend med ein mann som i likheit med henne sjølv har litt synske evner, og han fører henne til Alhambra i Spania, der ho nøstar opp ei historie om flamenco, sigøynarar og borgarkrig. Etter kvart finn ho dessutan ut kven ho er, og då er spørsmålet korleis ho vel å forhalde seg til det.

Bok 28 2022: " Perlesøsteren" av Lucinda Riley


Etter at Star har funne den store kjærleiken, føler systera Cece seg einsam. Etter kvart finn også ho ut at ho skal reise ut i verda for å funne ut meir om seg sjølv, noko som først fører henne til Asia og deretter til Australia. Her blir vi kjende med ei historie om ei sterk kvinne som etablerte seg i Australia for lenge sidan. Kva samanhengen er, får vi etter kvart vite meir om.