søndag 28. februar 2021

Vinterferien 2021


Denne vinterferien har vore prega av smerter. Irriterande nok presterte eg å dette og slå meg i rygg/ribbein, så eg har sete mykje i godstolen denne veka, og eg kjem meg ikkje på jobb på eit par dagar, då eg enno har smerter, spesielt når eg hostar, ler, nys eller snakkar høgt, i tillegg til alle former for bøy og tøy. Etter eit par dagar greidde eg å strikke litt, men no er det slutt på denslags. Heldigvis greidde eg å ferdigstille det store prosjektet mitt, inkludert festing av trådar og vasking av plagg. Eg er svært nøgd med resultatet, særleg fordi eg berre fekk hjelp til ein ting: å strikke saman maskene under ermane. Eg har heldigvis hatt ungdomane her til hjelp og hygge, og Bladfyken har òg stilt som muntrasjonsråd og fotograf. 
Sushi frå kinarestauranten på Eid

lørdag 27. februar 2021

Bok 19 2021: "Islands forfatter" av Hallgrímur Helgason


Ein mann vaknar og veit ikkje kvar han er. Etter kvart kjem han fram til at han er inne i ei av dei bøkene han har skrive. Med dette uvanlege og surrealistiske utgangspunktet vert Islands kulturhistorie gjennomgått, drøfta og kritisert. Mykje er interessant å lære om, men eg har kjensla av at eg veit for lite om emnet til å ha fått eit fullgodt utbytte av boka.

Bok 18 2021: "Den avstengte øya" av Sigríður Hagalín Björnsdóttir


Då Island brått blir avstengt frå resten av verda, får dette mange konsekvensar. Aukande nasjonalisme, rasisme og auka interesse for å vere sjølvforsynte er blant konsekvensane. Eg har inntrykk av at Island på mange måtar er proteksjonistisk, men denne boka er ein skrekkvisjon om kva slike haldningar kunne ha ført til i ein ekstrem situasjon. Boka er rimeleg sær, men veldig interessant.

Bok 17 2021: "Portnerboligen" av Gøril Emilie Hellen


Denne boka handlar om ein liten familie i etterkrigstidas Trondheim. Hovudperson er jenta i familien, men det meste dreiar seg om storebroren og hans psykiske sjukdom. Sentralt i handlinga er den behandlinga psykisk sjuke fekk på den tida, mellom anna elektrosjokk og lobotomi. Dette var ei svært tankevekkjande bok.

søndag 14. februar 2021

My funny Valentines


Fredag hadde eg fri. Eg brukte noko av dagen til å rette og handle, deretter henta eg ungdomane på kaia og det vart tacofredag for første gong på lenge. Laurdag gjekk vi oss ein tur i Mjeltvika, og seinare reiste vi til Eid og gjekk på kinarestaurant. Elles blir det ein del strikking mellom slaga, og biletet viser kor langt eg har kome i høve til den genseren eg har frå før. Å strikke erme var ikkje så kjekt, for eg må følgje med og telje så eg aukar passeleg ofte. Dessutan var det ubehageleg å strikke med fem pinnar, og ikkje så behageleg med den vesle rundpinnen heller.

lørdag 13. februar 2021

Bok 16 2021: "Full spredning" av Nina Lykke


I denne boka møter vi ei kvinne. Ho er fastlege, og har i mange år vore gift med ein mann ho ikkje har noko særleg nært forhold til. Så har ho møtt att ein tidlegare kjærast, innleidd eit forhold til han, flytta inn på legekontoret og lever no i ein merkeleg situasjon der ho samtalar med eit plastskjelett og tenkjer og seier rare ting om og til pasientane sine. 

Boka er både samfunnskritisk og humoristisk, og ein kan kjenne seg att i mange av tankane og kjenslene til hovudpersonen. Eg syntest kanskje slutten vart litt tam, men elles var det ei god bok.

torsdag 11. februar 2021

Mosjon og vintervêr


Førre helg gjekk eg tur i Mjeltvika både laurdag og søndag. Sola skein, det var snø og iskulde, og alt var som vanleg. Mange i nabolaget var ute og gjekk, så det vart ein del prat - mest om kor mykje sol det er og kva ein gjer for å unngå frosne vassrør.

Ny hobby

Fredag i førre veke hadde eg fagdag, og etter jobb stakk eg innom garnbutikken som ein kollega av meg driv. Det er mange flinke strikkedamer på jobb, og eg har vore utsett for eit visst strikkepress. Draumen er å klare å strikke ein Riddarigenser, og eg kjøpte fargar som er heilt ulike den genseren mamma strikka til meg før ungane og eg reiste på ferie til Island i 2019. 

Ettermiddagen fredag hadde eg eigentleg tenkt å tilbringe på sofaen, men så vart eg så spent at eg strikka den nedste mønsterborda på bolen. Laurdag ettermiddag skulle eg strikke meir, og då oppdaga eg at det var snurr på bolen, så eg måtte rekke opp alt og begynne på nytt. Det var litt demotiverande, men det gjekk mykje fortare andre gong. No er eg inne i ein einsfarga fase, og det går bra, bortsett frå at dette ikkje på nokon måte kjennest godt for armane.

Eg har svært låg sjølvtillit når det gjeld handarbeid. Både mor mi og systera mi er svært flinke, og eg har alltid vore ei kløne når det gjeld finmotorikk. No har eg fleire som har sagt dei vil hjelpe når/dersom eg står fast, og det kan dei kome til å angre på. Førebels er det ein kjekk, ny hobby for meg - eg strikka eit par genserar i 13-14-årsalderen og ein dokkegenser på 1990-talet, men elles har det vore lite og inkje av denslags. Får eg til dette, skal eg strikke eit par til med det same, så eg held ferdigheitene ved like.



Så langt kom eg fredag, men det var altså snurr på bolen


Søndag: nytt forsøk, denne gongen utan snurr

Tysdag kveld såg det slik ut


Bok 15 2021: "Mostly Harmless" av Douglas Adams

I denne boka møter vi att Arthur som sandwichmakar på ein liten planet. Brått blir han oppsøkt av dottera, som han ikkje visste at han hadde. Arthur har donert DNA-materiale, og nokon har brukt dette til å skape eit barn. Barnet er ein litt småfurten tenåring som stikk av, og Arthur vil berge henne frå alt forferdeleg i verdsrommet.

Med denne boka vert serien avslutta. Eg veit ikkje kor mykje eg har fått ut av lesinga, men det har til tider vore morosamt. Det er òg ein kultklassikar som eg har hatt lyst til å lese. 

Det mest morosame med gamle sci-fi-tekstar, er mangelen på evne til å fantasere forbi sine eigne grenser. I boka ringjer ein til dømes eit nummer for å få tak i telefonnummer og adresser, noko som vart ei digital teneste for mange år sidan. Det som derimot er meir realistisk, er klokka til Arthur, som inneheld mykje meir informasjon enn berre tida. Dette er ein idé som starta for lenge sidan, og som dei siste åra har blitt vidareutvikla mykje. 

Bok 14 2021: "So Long, and Thanks for All the Fish" av Douglas Adams

Arthur lærer å flyge og møter ei ung kvinne som han blir svært begeistra for. Elles reiser ein vidare i tid og stad, og boka er til tider morosam. Det artigaste for meg er språket, som eg likar svært godt.Opplesaren Martin Freeman er ein dyktig opplesar, og han spelte vel i filmen òg, om eg ikkje tek heilt feil. Eg har ikkje sett filmen, men det blir nok ei råd etter kvart.

torsdag 4. februar 2021

Bok 13 2021: "Life, the Universe and Everything" av Douglas Adams

Eventyra til dei overlevande etter at jorda har gått under reiser vidare i verdsrommet, og i tid. Det meste er berre absurd eventyr, men det er òg mange artige refleksjonar, spesielt om tidsreiser. Eit døme: ein mann lever i skogen og skriv fantastiske dikt om livet i skogen og jenta som reiste frå han. Hundrevis av år seinare lurer eit korrekturlakkfirma på om mannen ville ha skrive betre dikt dersom han hadde hatt tilgang til korrekturlakk. Dei reiser attende i tid og oppsøkjer mannen, som reiser til framtida for å delta i diskusjonsprogram og liknande. Han lever dermed eit heilt anna liv enn han eigentleg hadde gjort i fortida, og kjem ikkje så langt at han greier å skrive dikta, då han ikkje har dei same erfaringane. På same måte reiser hovudpersonane og -robotane attende i tid for å redde jorda frå undergang.