mandag 31. desember 2018

6. juledag: supersøndag (?)

I dag viste det seg at det var "Supersøndag", noko som betydde at nokon ville sjå heile tre fotballkampar. Eg hadde ikkje lagt andre planar enn at eg skulle lage svineribbe til middag, og meda den steikte gjekk Minstemann og eg tur med Charlie i duskregn, såpass det ikkje vart så mykje stillesitjing. Eldstejenta vart att heime framfor tv-en, og ho passa òg på svineribba - som vart perfekt steikt, sjølv om den ikkje fekk så lang tid med salt og pepar som den skulle. Sjølv meinte eg den var perfekt, med sprø svor og saftig kjøt. 

Ved middagstider hadde Storegut og Veslejenta kome heim, men dei var ikkje i storslag nokon av dei. Veslejenta orka ikkje mat i det heile, og sov vekk mykje av ettermiddagen. Storegut låg under eit pledd og fraus mykje av dagen.

Ut på kvelden var vi likevel samla framfor tv-en, der vi såg ferdig ein serie vi hadde begynt på. Brettspel var uaktuelt, så nyttårsaftan blir siste sjanse til denslags. Eg har lagt ned forbod mot fleire fotballkampar i jula - i tilfelle får dei sjå ein annan stad enn i stova. 

lørdag 29. desember 2018

5. juledag: handel og besøk

Dei to eldste er Liverpoolfans
Dagen starta seint, og det tok si tid før gjengen var klar til avreise. Storegut vart att heime, sidan han var sliten etter gårsdagen og skulle av garde på fest att i kveld. Vi andre køyrde til tettbygde strok og handla, og så stakk vi ein tur til Mormora i Ørsta. Der fekk vi servert middag, kaffi og ei hyggeleg pratestund.

Eldstejenta ville gjerne heim til tv-en for å sjå ein fotballkamp, så plutseleg måtte vi reise att. Veslejenta skulle på fest, så ho vart att på hybelen i Volda. Vi er altså tre i heimen i kveld, og vi kunne ha hatt det stille og fredeleg viss ikkje den eine av oss ville sjå fotballkamp.

Bok 79 2018: "Formørkelsen" av Karin Fossum

Ein baby døyr etter å ha falle ned frå ein balkong på eit hotellrom. Foreldra skuldar på kvarandre og har kvar sin versjon av kva som har skjedd. Vil sanninga kome fram?

Denne kriminalromanen er annleis, men svært engasjerande å lese. Eg likte den godt nettopp fordi det var noko anna enn eg har lese før, og fordi dette var ein ny vri på "det lukkede roms gåte". Forteljinga er enkel å følgje, men òg med ei viss djupn i personkarakteristikkane og årsaksforklaringane.

4. juledag: gutane spelar og jentene går tur

I dag skulle Minstemann på bandøving, medan Storegut skulle på spelejobb om kvelden. Eg stod opp og køyrde Minstemann og Naboguten på kaia, og dei var vekk til ut på kvelden ein gong. Eg nytta også høvet til å kjøpe eit par ingrediensar som eg mangla.

Jentene og eg gjekk ein relativt lang tur med Charlie etter vegane i nærområdet, og då fekk vi snakka om alt mogleg samtidig som vi fekk litt trim. Det var nydeleg mildt og opplett, men seinare begynte det å styrtregne.

Eg laga ein stor porsjon potetsalat som eg sette på kjøling, elles vart det gjort litt husarbeid og sett film/serie før Minstemann kom heim. Då åt vi sein middag/kvelds med spekemat og potetsalat, noko som smakte godt som romjulsmat.

Deretter har det blitt meir film, og i bloggande stund har dei tre heimeverande ungane lagt seg, medan Gamla sit att og har ei stille stund med ei god bok. Storegut skal køyre rundt fjorden etter spelejobben, og eg sit nok oppe til han er trygt heime. Då skal han få instruksar om nattmat, sjølvsagt.

Eg er sjeldan ute på fest og moro i jula, då mi rolle alltid har vore å vere den som heldt fortet heime. Det skal litt arbeid og planlegging til for å halde kjøreld og klede reine, skapa fulle og brusen kald.

fredag 28. desember 2018

3. juledag: smak av kvardag

Minstemann og Eldstejenta på shopping


Når butikkane opna att, var det greitt å ta seg ein tur for å fylle opp skuffer og skap. I tillegg hadde vi nokre ærend som ikkje var matrelatert, så det vart litt ymse butikkbesøk. I motsetnad til mange andre skulle vi ikkje bytte gåver, for i år hadde eg truffe bra med storleikar og smak. Noko sal var det allereie, og eg fekk gjort eit par innkjøp som eg har hatt på vent.

Eg plar ofte utsette middagsmenyen til romjula, for då er det ikkje godt å vite kva ein har lyst på. Tredje juledag vart det pizza.

onsdag 26. desember 2018

2. juledag: familieselskap i Ørsta


Før var det fast tradisjon å møtast i Ørsta på andre juledag, men siste par åra har det vore uaktuelt fordi morfaren var så sjuk. Det var derfor kjekt å kunne samle heile Hareidsgjengen og alle oss heime hos Mormora i dag, sjølv om ho har vore plaga med ein vond fot i det siste. Vi har som tradisjon at gjestane tek med litt kaffimat, så det vart rikeleg mat og god stemning.

1. juledag: ungane kjem

Heimestrikka julevottar frå systera mi
Dagen vart feira som vanlege første juledagar, med latskap, lesing og kos. Ungane kom ut på ettermiddagen, og då vart det godteri, film og enda meir kos fram til leggetid. Det var fint å vere samla heime att.

tirsdag 25. desember 2018

Bok 78 2018: "Bjørnejegerskens bekjennelser" av Berit Hedemann

Dette er ei av dei beste bøkene eg har lese på lenge. Den stiller spørsmålsteikn ved seksualitet, parforhold, svik og lojalitet på ein original og tankevekkjande måte. Forlaget skriv:

"En kvinne er skuffet over livet, over svik og nederlag og menn i sin alminnelighet. Hun selger villaen på Oslos vestkant og flytter til den forlatte familiegården i en avdal på Østlandet, der bjørn- og ulvemotstandere hersker. Beslutningen er tatt: På parkeringsplassen bak bensinstasjonen skal hun bygge et tempel for godhet, kvinnelig seksualitet og erfaringsbasert moral. Det skal ligne på Pantheon.
Bjørnejegerskens bekjennelser er en bok om hat og begjær, om islagte elver og spirituelle damefrisører, om byråkratiske rammevilkår for tempelbygging i distriktene og om den sumeriske yppersteprestinnen Enheduanna, kvinnen som skrev verdens første erotiske dikt."

24. desember: julaftan, Mutter aleine

Og alle pakkane var til meg :)
I år vart julaftan noko annleis enn elles. For andre gong skulle eg ikkje vere saman med ungane mine på julaftan, sidan dei skulle feire saman med faren sin. Det var han som foreslo ordninga i fjor, fordi han må jobbe annankvar julaftan, og det er ei grei løysing for min del å vite at annankvar jul blir tradisjonell. Den utradisjonelle, derimot, har eg ikkje så fast tradisjon for. Bladfyken og eg feira saman for to år sidan, men i år skulle han ha familiefeiring saman med sønene og slekt.

Sjølv bestemte eg meg for å bli heime, aleine. Eg vart invitert av gjestfri slekt, men takka bestemt nei og såg fram til ein roleg dag utan særleg program.

Eg måtte ein liten tur på butikken, deretter gjekk eg ein lang tur med Charlie i pøsregnet. Resten av dagen har eg kosa meg med å lese bok, sjå serie på tv, ete det eg hadde lyst på og pakke opp gåvene mine. Eg fekk mykje kjekt og fint, og vart veldig glad for alt saman.

Ungane ringde på facetime medan faren køyrde bestemora attende til Volda, og dei var òg glade for alt dei hadde fått, og hadde i tillegg fått god mat og hadde hatt det triveleg.

Alt i alt må eg seie eg har kosa meg veldig og slappa av i dag, og det har ikkje vore trist eller trasig i det heile, slik nokre trudde det ville bli. Eg har ikkje gjort så mange "julete" ting, anna enn å skråle høgt i bilen til og frå butikken, men eg har kjent julefreden senke seg. Det viktigaste for meg i jula er å vere saman med familien, og det skjer andre dagar enn julaftan i år. Eg har jobba knallhardt med retting og møteverksemd i desember, og det er fantastisk å kunne lade batteria att. Og, som eg plar seie: eg er aldri einsam når eg er aleine, og eg kjedar meg aldri.

søndag 23. desember 2018

23. desember: fjerde søndag i advent og vesle julaftan

Tradisjonar skal ein ikkje kimse av, og også i år var det Eldstejenta som skulle tenne det fjerde lyset.

Alle fire kom på besøk, og vi åt sjokolade, såg tv og prata før dei tok med seg pakkane sine og for attende til faren, der dei skal vere på julaftan. Ja, dei la att nokre pakkar òg, så det blir jul på Gamla også.

22. desember: den store ryddedagen

Laurdagen gjekk med til å rydde, vaske klede, legge på reine sengeklede og så vidare.

Eldstejenta kom ein tur, og då gjekk vi ein lang tur med Charlie. Det kom litt snø, og det hjelper på julestemninga. Etterpå drakk vi litt gløgg og prata lenge. Det er godt å ha mykje tid til kvarandre.
Senga til Eldstejenta: sokkar, kosebamse og nissemaske

21. desember: handlerunde og pakkebytting

Fredagen var første fridagen min, og den nytta eg til å handle siste rest av julegåver og det meste av julemat. Planen er å supplere tredje juledag, men det kan no vere greitt å ha litt i hus.

Etter kvart tok eg turen til Ørsta, der systera mi og eg besøkte mora vår. Vi fekk òg utveksla gåver, så no vart det eit lager med pakkar - i år igjen.
Charlie trur sjølvsagt alle pakkane er til han

fredag 21. desember 2018

20. desember: juleskuleavslutting


Tradisjonen tru møtte klassene først på klasseromma ein time saman med kontaktlærar, deretter gjekk vi ned i gymhallen og samla heile skulen til litt program og gang rundt juletreet. Dei som ville kunne gå på julegudsteneste etter det att, og musikklinjekoret song nydeleg også i år. Etter gudstenesta var det tradisjonell julelunsj for tilsette og pensjonistar, før vi for heim kvar til sitt. Ja, eg fekk tid til nokre ærend òg.

Vel heime slokna eg på sofaen og sov i fire timar i strekk. Eg er uhorveleg sliten, men har klart å rette ferdig alle bunkar før jul. No skal det snart bli total avslapping og kos, turar og gode samtalar. Eg treng verkeleg å ladde batteria, og den masteroppgåva skal få kvile seg den òg.

19. desember: festleg dag

Etter ein lang dag på jobb var det berre å kome heim og snu, omttrent, før det var tid for å få med seg den siste juleskuleavsluttinga på Folkestad skule. Minstemann går i tiande, så det er attande og siste året eg har elev ved skulen. Dei første åra hadde dei så lite lokale at det ikkje var råd for begge foreldra og småsøsken å kome på julefest, men no er det rikeleg med plass i gymsalen/kulturhuset.

Etterpå var det tid for å ta ferja over til Volda, der vi lærarane hadde kveldsvakt på den årlege julefesten til elevane. Der vart vi til siste ferja gjekk heim, og så var det å rive i seg noko mat før ein fekk seg nokre få timars søvn.

tirsdag 18. desember 2018

18. desember: It's beginning to look a lot like Christmas

Nok ein arbeidsdag er overlevd, med diverse undervisning og møte, og nedteljinga er merkbar både hos elevar og lærarar. I dag var det siste heildagsprøvedagen for i haust, og eg er glad eg berre er engelsklærar, og har delt ut mine siste prøver. Viss eg får arbeidslyst og arbeidsro i jula, skal eg leite fram att oppgåva mi, som tok juleferie for to, tre veker sidan.

Eg har handla ein del julegåver siste tida, og mange har eg kjøpt utan å få dei innpakka. Det har òg vore tale om supplering av diverse, så i kveld har eg pakka inn ein del for å sjå kva som står att. Frykta er sjølvsagt å gløyme nokon, heilt eller delvis, derfor kan det vere greitt å sjå pakkane og legge dei samla på ein stad. Det har vel hendt at ein har lagt att ei gåve i eit klesskap, men ein prøver å unngå det.


mandag 17. desember 2018

17. desember: Eldstejenta kom heim

Vg1 får sjå Dickens

Vg2 får sjå Grinchen
På jobb i dag vart det litt julefilm, litt Ku Klux Klan, litt romanlesing og litt australsk kultur. Etter jobb skulle eg eit raskt ærend før eg tok ferja, men så møtte eg Veslejenta, som skulle bli henta av Eldstejenta, som hadde kome heim på juleferie i dag. Det vart dermed familiegjenforening mellom hyllene på vinmonopolet, av alle stader.

Heime blir lite og inkje gjort, anna enn litt småplukking, rydding, klesvask og liknande. Eg fann fram jubileumssendinga til dagsrevyen som vart send på tv sist laurdag, og det var høveleg måndagsunderhaldning etter ein dag med altfor mykje skjerm.

søndag 16. desember 2018

16. desember: tredje søndag i advent

I dag kom gutane heim ut på dagen, og vi slappa av heime før det var på tide å reise til tettbygde strok på ny kyrkjekonsert. Denne gongen var det ei samling lokale kor, korps og eit spekemannslag som stod for julestemninga, og det vart ei fin stund med fullsett kyrkje. Før vi for hadde eg ferdigstilt siste rettebunken for i år, så no kan julefreden straks senke seg.

15. desember: ein roleg førjulsdag

Programmet for dagen var relativt enkelt: Veslejenta skulle hentast, og det skulle handlast mat. Etter kvart vart det til at Minstemann for på overnattingsbesøk til naboen, og Storegut for på fest saman med nokre kompisar. Veslejenta og eg fekk dermed ein roleg kveld med bingewatching av serie og gode samtalar. Ein god dag med mykje familiekos, noko som er det aller viktigaste for meg når det gjeld førjulstid.

lørdag 15. desember 2018

14. desember: songtentamen, besøk og kyrkjekonsert

Sidan eg hadde fri frå jobb i dag, kunne Storegut og eg ta oss ein tur på jobben min for å høyre på Veslejenta, som hadde tentamen i song. Etterpå vart ho med oss til Ørsta, der vi først handla litt og deretter besøkte mormora. Vi fekk gjort nokre ærend for henne òg, så litt nytte var det i oss. Veslejenta vart att i Volda då vi hine skulle heim.
På besøk i Starevegen

Altartavla i Dalsfjord kyrkje

Julekrubba i Dalsfjord kyrkje

Vel heime skulle eg eigentleg lage middag, men ingen av gutane ville ha mat. Korpset skulle spele i Dalsfjord kyrkje, og Storegut og eg vart med Minstemann inn dit. Eg hadde aldri vore inne i den kyrkja før, så det i seg sjølv var veldig kjekt. I tillegg var det veldig stemningsfullt å lytte til korps, kor og solistar.

Middagen vart servert nærare klokka 23, og det vart eit solid måltid med peparbiff, soppstuing, poteter og grønsaker. Får ein eldstesonen heim på juleferie, må det serverast kraftkost!


Det kjennest som om denne dagen har vore ekstra lang og innhaldsrik.

torsdag 13. desember 2018

13. desember: budsjettmøte, bror og basargevinst

Eg har inga undervisning torsdagane i år, så eigentleg er det ein dag eg set av til arbeid med oppgåva mi. Førre veke valde eg å bruke "fridagen" til retting, og denne torsdagen gjekk med til budsjettmøte i kommunestyret. Vi heldt på frå 10-16.30, bortsett frå ein times middagspause med juletallerken, og det var mange interessante innspel før vi fekk landa budsjettet.

Det er eit historisk budsjett sidan det er det siste for det som vi no kallar "gamle Volda", men òg fordi vi har så mange gode og kostbare vedtak. Her skal investerast i ny ungdomsskule, kulturhus og idrettshall, mellom anna, og alt dette kjem til å verte ei vitaminsprøyte for voldasamfunnet. Samtidig vil det koste skjorta, så det blir ein enorm dugnad som kjem til å prege framtidige budsjett.

Vel heime slappa eg litt av før Storegut kom heim på juleferie. Det er sjølvsagt stor stas, sjølv om han har litt att å jobbe med på ei innlevering før han kan ta ferie.

Ei stund etter kom ein annan hyggeleg gjest med ein diger sekk ved. Den hadde Minstemann vunne på basar for ei tid sidan, og det er vel den beste basargevinsten ein kunne tenkje seg i vinterkulden!

I bloggande stund har Minstemann kome heim frå bandøving, og gutane jammar i kjellaren. Det er stor stas for begge to, og mammahjartet dunkar i takt med musikken.

onsdag 12. desember 2018

12. desember: kviling på laurbær

I dag hadde vi ein samtale oss lærarar imellom om stille klasser utan motivasjon og engasjement, noko som ser ut til å vere ein trend på studieførebuande for tida. Søkartala for skulen vår syner dessutan nedgang for fag eg underviser i, og eg går i meg sjølv for å sjå kva eg gjer gale - eller kva eg kan gjere annleis.

Etter ein relativt tung dag på jobb skulle eg innom Rema for å handle inn til middag. Mellom reolane støtte eg på ein tidlegare elev som ville fortelje meg at han hadde meg på toppen av lista over inspirerande lærarar. Dette hadde han god nytte av i det arbeidet han hadde no, blant hjelpetrengande unge. Han avslutta med å seie god jul, og då sa eg at han hadde gjeve meg den beste gåva eg kunne ha fått.

Etter ein hyggeleg samtale med Eldstejenta på heimvegen steig humøret til nye høgder.

Etter middag slya eg meg på sofaen. Minstemann og eg såg serie og slappa skikkeleg av. Etter kvart gjekk eg ein tur med hunden, men for det meste har eg sett nyhende og kvilt på mine laurbær. Eg kjenner at eg er litt for sliten, og det står att mykje arbeid og arbeidsoppgåver resten av veka. Undervisning skal eg ikkje ha meir av denne veka, og det er like greitt.


Bok 77 2018: "Bunnfall" av Jørn Lier Holst

Uhyggelege funn blir gjorde då likrestar hamnar i eit strandområde. Restane stammar frå menneske som har vore sakna ei stund, og det finst ein samanheng mellom dei.

Dottera til William Westing arbeider med ein intervjuserie om menneske som har sete i fengsel, medan Westing kjenner seg slapp og svak i den slitsame arbeidssituasjonen. Kan det vere at han er alvorleg sjuk? Vil dottera avsløre gamle justismord?

Den som les, får sjå.

tirsdag 11. desember 2018

11. desember: politikk, jobb....

I dag var det møte i forvaltingsutvalet, noko som gjekk relativt roleg føre seg. Eg rakk å ha eit par undervisningstimar først.

Vel heime laga eg middag og kvilte meg litt, men så vart det full fres med kommentarar og karakterar til den eine bunken i internasjonal engelsk. Eg vart ferdig med korrekturlesinga på søndag, men det stod att nokre timars arbeid likevel. Den siste bunken utset eg til i morgon kveld, eller ein annan dag. Det begynner å minke på kreftene, og eg skal trass alt på budsjettmøte torsdag og treng hjernekapasiteten min til det òg.

Minstemann var på korpsøving i dag, og då passa det godt at eg jobba. Eg trivst godt med å kunne styre mi eiga arbeidstid, og målet er å vere rettefri i jula.

Elles kom katten ut av sekken i dag i og med at vi endeleg fekk på trykk biletet frå førre måndag, der vi presenterte partiets "Tre på topp"-liste. Eg visste om det allereie i går, då eg såg eavisa på nett, men det er tydelegvis mange som har sett papirutgåva i dag.

mandag 10. desember 2018

10. desember: gruppemøte

Etter ein lang dag på jobb vart det berre ein times kvild heime før eg måtte av garde att - denne gongen på felles gruppemøte og gruppemøte. Før komande torsdags budsjettmøte i kommunestyret har eg allereie lagt ned nokre timars arbeid med lesing av saksdokument, og så kom dagens to timar lange møte i tillegg. Det er både lurt og praktisk å diskutere ein del saker på førehand, slik at vi har høve til å ro i land eit godt budsjett.

Og godt blir det, slik eg ser det. Kommunen skal både få kulturhus, idrettshall og ungdomsskule i nær framtid, og på litt lengre sikt blir det truleg også symjehall. Det er mange andre postar i budsjettet som vi òg kan vere stolte av, og det blir spennande å sjå korleis dei nye praktbygga skal skape nytt liv og mykje aktivitet.

Sidan eg hadde litt tid før 20.30-ferja heim, vart det til at eg stakk innom ein butikk og kjøpte med sushi heim til Minstemann, så no har vi kosa oss med serie og sushi i kveldinga.

søndag 9. desember 2018

9. desember: andre søndag i advent

Husvask, pakking av julegåver, tur med hunden, retting - livet er rimeleg einsformig for tida, men eg trøystar meg med at eg skal sleppe å sitje med bunkane i jula, slik eg ofte har måtta gjere. Då borna var små, hadde eg ofte liggande eit par bunkar som skulle rettast i romjula. No gjer eg heller ein innsats når eg ikkje har noko på programmet, så får eg tid og høve til å nyte feriedagane når gjengen kjem heim.

Minstemann kom heim i dag, og Veslejenta kom innom for å helse på og tenne det andre lyset. Etter at ho hadde reist, laga vi middag og såg eit par episodar av den nye serien vi har begynt på. I bloggande stund spelar han gitar i kjellaren medan eg høyrer lydbok oppe. Det er godt å få nokre rolege timar før den nye veka tek til. Det blir ei travel veke, men eg har lese korrektur på alle dei resterande tentamenane i engelsk. No står det berre att å skrive kommentarar og setje karakterar, og det skal eg greie å få ferdig i løpet av veka.

lørdag 8. desember 2018

8. desember: vekselbruk

Rommet til Storegut klart for innrykk
I dag har eg vore effektiv, trass i at dagen starta seint og sakte. Eg er absolutt ingen morgonperson, så eg kom ikkje i gang med fornuftige syslar før i 11-tida, men då heldt eg på til klokka 21 utan pausar.

Kunsten er å drive velselbruk med husarbeid og retting, for begge delar er meir til å halde ut når det er avveksling frå det andre. Eg har pakka julegåver, vaska rommet til Storegut og strekt på sengetøy der, gått tur med hunden, vaska og bretta klede og retta tentamenar. Då det berre var eitt elevsvar att, orka eg ikkje meir. Der går ei grense også for mitt pågangsmot, og no er eg både svolta, tørst og grundig lei.

fredag 7. desember 2018

7. desember: pakke, pakke, pakke

Halve fredagen på jobb gjekk med til å sitje vakt for ein flokk som hadde matematikktentamen. Det er ikkje så mykje ein får gjort medan ein sit vakt, men eg sneik meg til å lage ein "kahoot" og lese litt i saksdokument til eit møte i neste veke.

Etter nokre ærend i tettbygde strok reiste eg heim, der eg sette igang med å pakke inn julegåver. Det er lenge att til jul, men nokre gåver skal sendast i posten.

Før jul skulle eg ønske at eg kunne strikke eller hekle nokre fine, heimelaga gåver, men eg har dessverre inga interesse for å halde på med denslags syslar. Gåvene eg gir vert verken heimelaga eller særleg kreative, men eg trøystar meg sjølv med at det er tanken som tel. Tanken er alltid god, og det er hyggeleg å tenke på slekt og vener medan ein pakkar inn gåver til dei og høyrer på julemusikk.

6. desember: rett og slett retting

Den pirkete bunadsberta på Easycorrect
Dagen gjekk med til retting av tentamenar som kom inn på onsdagen. Denne gongen retta eg på data, som er meir tidkrevjande, men som ser betre ut. Eg angra på at eg retta Vg1-tentamenane på papir, men då var det meir praktisk med omsyn til samarbeid med andre lærarar. Vg2-engelsken er eg aleine om i år, så då blir det opp til meg å velje metode. Ein kuriositet eg kan nemne er at det på retteprogrammet eg nyttar ("Easycorrect") framstår eg som nokre år yngre og ikledd bunad på miniatyrbiletet. Det må no vere ekstra stas for elevane, viss dei ser det.

Etter endt økt vart eg kontakta av Eldstejenta, som skulle levere ein heimeeksamen dagen etter. Ho hadde valt å skrive på engelsk, så dermed var det berre å brette opp ermane og hjelpe til med språkvasken. Det tok nokre timar, men heldigvis var emnet interessant. Kor godt svaret var eller ikkje har eg ikkje peiling på, sidan eg ikkje har oversyn over pensumet deira. Det kjennest uansett godt å kunne hjelpe litt til innimellom. Ho sende meg "snap" om at ho hadde levert like etter midnatt, 12 timar før fristen, så då reknar eg med ho fekk ei god natts søvn.

onsdag 5. desember 2018

5. desember: jobb og juletallerken

Onsdag var det duka for dobbeltentamen. Eg har to grupper i same faget, og dei skulle ha prøver samtifdig. Eg skulle sitte vakt på eine rommet, men måtte stikke innom det andre for å svare på spørsmål. I tillegg var det elevar som sat på andre rom, og dei trengde òg litt hjelp. Eg har bestemt meg for å rette digitalt denne gongen òg, så eg slapp å skrive ut bunken.

På tampen av dagen hadde eg eit par timar undervisning, der eg brukte litt over ein time på å dele ut dei retta tentamenane til kvar elev. Slik får eg litt kontakt med dei medan eg forklarer kva eg har vektlagt i vurderinga.

Om kvelden vart det ny tur til tettbygde strok, då eg skulle på møte/juletallerken saman med lokallagstyret i Utdanningsforbundet. Det var nydeleg og rikeleg mat på det lokale hotellet.

Eg droppa kveldsmaten.
Resepsjonsområdet på hotellet

4. desember: rettebunke

Denne fyren held meg litt i aktivitet
Tysdag brukte eg ein del tid på jobb til å lese tenamenssvar saman med andre lærarar, så då eg kom heim, sette eg meg til å lese gjennom den ferdigretta bunken ein gong til, gi karakterar og skrive kommentarar. Eg hadde retta ferdig i helga, men siste finpuss gjenstod altså. Det vart dermed ein lang arbeidsdag, med fire timar kveldsarbeid i tillegg til sju timar på jobb. Men det var fantastisk å få ferdig første bunke i advent - akkurat i tide før dei neste bunkane dukka opp.

3. desember: politikk

Måndag møttest dei tre som er nominerte og kumulerte på toppen av partilista til kommunevalet til hausten, og ei av dei er eg. Eg har ein mistanke om at eg er kjønnskvotert inn, men eg er i alle fall så langt oppe på lista at eg òg kan seie det tel som fornya tillit frå partiet.

Om kvelden var det møte i Ørsta, arrangert av "Kvinner opp og fram". Det som først var annonsert som eit møte for å få kvinner inn på politiske lister, vart til eit møte for alle - både politikarar og andre. Møtet var kjekt det, og det er no alltid interessant å møte nye folk, men eg hadde eigentleg budd meg på ei anna vinkling enn det vart.

søndag 2. desember 2018

2. desember:1. søndag i advent og julegrantenning


Tradisjonen tru: Minstemann tenner det første lyset

Dagen begynte seint, etter ein lang laurdag med middag ved midnatt. Ungane skulle stille tidleg på grendahuset på Folkestad saman med korpset for å lage til, og klokka 16 vart det julegrantenning med påfølgjande åresal, matsal og korpskonsert. Då dei sende rundt ei loddbok, skreiv eg opp namna til ungane, men tenkte at det sikkert var Minstemann som hadde mest hell denne helga. Og jammen vann han ikkje ein stor sekk med ved! Eg håper den blir frakta på døra og at guten ikkje tenkjer å brenne all veden i omnen på sitt eige rom.

1. desember: Battle of the Bands

I dag skulle Minstemann delta på Battle of the Bands i Ørsta. Eg sa eg kunne køyre han og kompisen bort til lydsjekken klokka 14, og så gjorde eg nokre ærend saman med Veslejenta og besøkte Mormora før konserten.

Konserten varte og rakk, og det var ein del flinke som var med. Vi var ikkje spesielt forundra då bandet "Migraine" fekk flest stemmer blant publikum, for vi var fleire foreldre- og søskenrepresentantar til stades. Det vart ekstra stor stas då dei også vann førstepremien, som i tillegg til ære og berømming var eit gåvekort på 5000 kroner.

Det heile var sjølvsagt vel fortent, det var vi mødrene einige i, i alle fall.

lørdag 1. desember 2018

Bok 76 2018: "Nattmannen"

Hovudet til ei ung jente vert funne, tredd ned på ein stake og stilt ut - er det til skrekk og åtvaring? Om ei stund vert eit anna lik funne i elva. Politihelten og dottera hans, som arbeider som journalist, er sentrale i oppklaringa av denne saka.

Eg syntest boka var spennande ei stund, men så gjekk eg litt lei. Det vart litt for komplisert til at eg orka å henge med. No er eg spent på om eg vil like å lese fleire, eller om det blir overdose.

mandag 26. november 2018

Bok 75 2018: "Når havet stilner" av Jørn Lier Horst

Det går framleis i krim på lydbok, og eg har lese ei bok til av Jørn Lier Horst. Denne gongen vert restar av eit lik funne inne i ei nedbrend hytte, medan eit anna lik vert skylt på land på ei strand. Handlinga ser ut til å vere noko meir enn eit lokalt oppgjer.

Boka tek av mot slutten og vert meir spennande, elles er den ganske stilleståande, eigentleg. Handlinga er lagd til 2006, og tanken slår meg at det norske samfunnet har endra seg mykje sidan då.

søndag 25. november 2018

Tur til Mjeltvika

Om sommaren er det mykje flått på den andre sida av Kilspollen, men no er det fine frostdagar då flåtten truleg gøymer seg i mold eller gras. Det er dessutan meir sol på hi sida enn her, og viss ein går ut i 12-tida får ein høve til å gå tur i sola på heimvegen òg.

Dagane går mykje med til å forske og skrive. Når eg har noko å skrive om, fyk timane fort utan at eg merkar det. Eg har derfor blitt i elendig form, og no skal eg ta meg saman og bli flinkare til å gå tur og ete sunn mat.

Trur eg.


lørdag 24. november 2018

Minstemann 15 år

Ifølgje han sjølv er han no gamal nok til å betale bot. Om det er stort, veit eg ikkje, men bursdag er no hyggeleg uansett, då. I gåve frå meg fekk han påfyll på kontoen sin, noko som i alle fall er hyggeleg. Minstemann har hatt stor glede av å disponere eigne pengar etter at han vart konfirmert, og då er det viktig med litt etterfylling òg.

Eg heldt ein lang tale til Minstemann då han vart konfirmert, og det hadde ikkje vore problem å skrive dobbelt så langt. Han er ein skrue på mange måtar, og vi har mange gode samtalar om mangt og mykje, spesielt når vi går tur. Sist søndag snakka vi om det å følgje saueflokken. Minstemann sa då:

"Ej vil ikkje vere en sau i en saueflokk. Ikkje en svart sau, engong. Ej vil vere ei geit. Ei blå geit."

Kanskje er han altfor prega av gamle dagars Blåmann?


Vinklubb november 2018

Fredag kveld var vi ein liten flokk som samla oss på vinklubb. Vi fekk nydeleg mat og vin, og praten gjekk som vanleg livleg til langt på natt.

Kyrkjekonsert 2018

Torsdag kveld var det den årlege kyrkjekonserten til musikklinja på skulen eg arbeider ved og Veslejenta er elev ved. Ho gjorde ein strålande innsats saman med resten av elevane frå alle tre åra ved linja, og vi fekk ein stemningsfull kveld. I dag, laurdag, hadde lokalavisa to sider med omtale og bilete.

mandag 19. november 2018

Bok 74 2018: "Felicia forsvant" av Jørn Lier Holst

Eit gamalt lik vert funne, og ei gamal forsvinningssak vert aktualisert. I tillegg oppstår mystiske kornsirklar på ei golfbane, og ei ny kvinne forsvinn og vert funne att. Mange personar er involverte, og løysinga er om lag som eg gissa. Likevel var boka kjekk å lese. Det er andre boka til forfattaren, og eg fekk ikkje tak i den første. No har eg tenkt å lese fleire bøker av han, då eg trur at eg ikkje har lese så mykje av han tidlegare.

Det går mest i lett krim for tida, sidan eg både har masteroppgåve og budsjettdokument å kose meg med, i tillegg til full jobb. Eg les ikkje så mykje krim, for der er så mange dårlege bøker, men det er litt grei underhaldning òg.

lørdag 17. november 2018

Minstemann nesten 15 år

Mormora hadde tilbode seg å servere oss middag i dag, men sidan Minstemann snart vert 15 år vart det restaurantbesøk og indisk mat til middag. Etterpå vart det kaker og kaffi hos mormora, men vi var eigentleg for mette til å få i oss så mykje. Ein hyggeleg ettermiddag vart det i alle fall!

Chicken Boti

Ikkje rør abortlova!

I Volda var om lag 200 personar samla laurdag klokka 14 for å aksjonere mot endringar i abortlova, og mot at abortlova skal brukast i eit politisk spel om å få regjeringsmakt.

"Hvor er Gamla?"

tirsdag 13. november 2018

Bok 73 2018: "Uskyldig" av David Baldacci

Ein leigemordar mislukkast i eitt av oppdraga sine og vert ettersøkt. Tenåringsjenta Julie rømmer frå heimen når foreldra vert drepne. Desse to møtest, og leigemordaren bestemmer seg for å hjelpe jenta. Dei møter mange på sin veg, og nokre er ikkje dei dei gir seg ut for.

søndag 11. november 2018

Boklansering: Folket i Kilsfjord gjennom 200 år

Denne helga har vore ekstra hendingsrik her i bygda. Ei av vinklubbdamene har siste 1 1/2 året halde på med eit bokprosjekt som mange i bygda har engasjert seg i. Nesten 1000 bilete har blitt valde ut til å representere folket i bygda i for- og notid. Laurdag var det klar for lanseringsfest på grendahuset, og bygdedamene stilte opp med kaker, smørbrød og praktisk hjelp Det var fleire hundre innom døra i løpet av ettermiddagen, og mange vart sittande lenge og prate med gamle kjende. Dei fleste kjøpte seg sjølvsagt også ei bok dei sat og bladde i.

Ut på kvelden vart det lanseringsfest-nachspiel, som også var veldig kjekt å vere med på.

Takk til forfattaren for eit ufatteleg stort og viktig arbeid for bygda!

søndag 4. november 2018

Bok 72 2018: "Glemt" av Arnaldur Indridason

I denne boka er handlinga lagd til 1979, og Erlendur Sveinsson er ein relativt ung etterforskar.

Ein mann vert funnen død, og det er oppklaringa av denne som er hovudhistoria i romanen. Likevel er den andre historia minst like spennande, for Erlendur er oppteken av ei gamal forsvinningssak der ei ung jente forsvann på mystisk vis. Begge historiene vert sjølvsagt oppklara, og det er mykje spenning og stemning frå Island før ein kjem så langt.

Indridason skriv godt, og det er ekstra kjekt å få innsyn i forholda på Island under den kalde krigen.