søndag 30. mai 2010

Light and Dark, Dances of Norway

Andrea Palmer skal slutte som pedagog ved Ørsta Volda Ballettskule, og dagens framsyning vart såleis ei avskilsframsyning der arbeidet hennar ved skulen vart markert gjennom bilete og val av musikk. Showet starta med "Norwegian wood" saman med ei samling naturbilete og bilete av elevar og fedrar ved ballettskulen. Deretter var dansane delt inn etter årstider. Eldstejenta var haust og dansa jazz til "Thunderstruck" med AC/DC, Nummer 3 var vår til "Here comes the sun" med the Beatles, Eldstejenta og Nummer 2 deltok begge i eit stort Hip hop-nummer til "We don't need no education" i technoversjon med Eric Prydz og Nummer 3 var plukka ut blant nokre elevar til å danse først i finalenummeret til ein song av Leonard Cohen; "Dance Me To The End of Love". Andrea Palmer er frå Canada, så det passa ekstra godt med Cohen. Det heile var både vakkert, morosamt og rørande, og våre tre gjorde ein fin innsats.

Ein tiårsdag vi kjem til å hugse

På grunn av ballettshow vart det berre høve til ei aldri så lita familiefeiring for Nummer 3 på dagen. På menyen stod lasagne til middag og oreokake med jordbær (fantastisk gode bær kjøpt på Rema 1000) til dessert. I kveldinga skulle vi kose oss med MGP, men resultatet var langt frå det vi hadde håpa på. Uansett kjem vi til å hugse denne dagen, som i all hovudsak var vellukka.

lørdag 29. mai 2010

Bok 23 2010: "Drømmehjerte" av Cecilia Samartin

Berre tittelen burde ha gjort meg skeptisk, men så hadde eg høyrt romanen nemnd og las på omslaget og tenkte at eg kanskje kunne lære litt om livet på Cuba. I byrjinga meinte eg at boka var både lyrisk og vakker, til og med gripande, men så tok det av og vart frykteleg klisjéprega både i språk og innhald.

Nora og Alicia veks opp på Cuba, men blir skilde frå kvarandre då den eine reiser til USA etter at Castro får makta i landet. Den beste delen av boka er etter mitt syn brevvekslinga mellom dei to, der ein får vite om livet slik det vart for dei på kvar sin kant. Dei to siste CD'ane leid eg meg nesten gjennom - det vart som ein slags cubansk variant av "Drageløperen".

Å lese litteratur handlar mykje om å opne opp sinnet, og det er mogleg at eg ikkje var heilt klar for litteratur i sjangeren "søtsuppe". Det er ikkje min favorittsjanger, for å seie det mildt.

Nummer 3 er 10 år!

Dette blir ein spennande og travel dag med både ballettshow og MGP. Oreokaka er koma på kjøling til ei lita feiring av Veslejenta, som i dag er heile 10 år, og slett ikkje noka lita jente lenger.

Nummer 3 var ein roleg og mutt baby som ikkje tok sine første skritt før ho var 17 månader gamal. Ho var fødd med eit skeptisk blikk, og vi sa tidleg at ho kom til å bli politi eller lærar. Belærande var ho svært tidleg, som då ho i toårsalderen skjende på ei dansk jente som ho kort og godt kalla "Jente".

Ho vaks delvis opp i ein kufjøs på Folkestad, drakk mjølk derifrå og vart ei sunn og sterk jente. Ho var dessutan jamgammal med Ariel, den første bearded collien vår, så ho var mykje i hundekorga som lita.

Per i dag er ho flink på skulen, flink å spele kornett, flink å danse ballett og eit spirande fotballtalent. Ho tek seg godt av veslebroren, som ho for eit par år sidan lærte å lese. Innimellom kan "flinkisen" vere både sta, fornærma, rampete og tøysete, og ho er den eg ser mest av meg sjølv i av heile flokken.

Biletet er henta frå facebookprofilen hennar - i følgje status der er ho i dag 25 år....

torsdag 27. mai 2010

Il faut dancer!

Mellom slaga og slagarane

Det går mykje i jobb for tida, med norsksensur i tillegg til vanleg jobbing. Onsdag var eg i Bergen på dagskurs (sensorskolering). Eg kom ikkje heim før seint, så då vart det ingen trimtur. I dag fall eg for freistinga og gjekk meg ein tur i Aldalen etter jobb, og før eg henta Eldstejenta i Ørsta. Vi to har nemleg MGP-treff på hybelen hennar i kveld.

søndag 23. mai 2010

Vikingkaupang på Herøy gard

Då Nummer 2 fekk tilbod om å sitje på med ein kompis til Rema-cup i dag, fekk eg idéen om å bruke dagen til noko som kunne vere kjekt spesielt for Minstemann, som de kanskje hugsar hadde ein temmeleg gørr dag i går. Gjennom nokre facebookstatusar hadde eg fått med meg at det skulle vere arrangement på Herøy gard, og det var ein freistande idé. Både Eldstejenta og eg har vore der før, men for dei andre var det ei heilt ny oppleving å sjå grava til "Anna med barnet" og uteamfiet. I tillegg var der laga til ein liten kaupang, nokre "vikingar" viste fram kampteknikk og ein kunne få ri på islandshestar som likna dei to vi kjenner så godt frå før. Vi var dessutan inne i husa på tunet, og vi kjøpte oss is og rømmegraut.

Då vi kom til kaia i Volda på veg heim, kom Nummer 2 og laget hans akkurat dit dei òg, såpass vi reiste heim i samla flokk. Ein aktiv og innhaldsrik dag, akkurat slik eg likar - no er eg klar for å setje meg ned og begynne å lese om lag 200 eksamenssvar i norsk hovudmål.

lørdag 22. mai 2010

Rema 1000-cup i Volda

Nummer 2 og 3 er aktive fotballspelarar på to lag kvar, og i dag var tre av laga påmelde Rema-cup i Volda. Ingen av laga gjorde det spesielt skarpt når det gjaldt resultat, men det var mykje godt spel. Veslejenta scora fire mål og spelte fem kampar i alt. Minstemann var veskepassar og supportar med svært lite iver etter kvart, og under siste kampen sat han og sov i bilen.

fredag 21. mai 2010

Ein stolt kavaler i hagen


Minstemann hadde sådd frø på SFO som han i dag fekk plante i ei krukke ute. Blomane heiter "stolt kavaler", i følgje Sfo-damene. Gamla kasta seg ut i plenklippinga med liv og lyst etter ein relativt stillesitjande dag på jobb. Eldstejenta meinte det var på sin plass å ta eit bilete av den gamle slitaren.

Tid for eksamen

I dag var det den store eksamendsdagen på jobb. Alle VG1 og VG2-elevane fekk fri, bortsett frå dei som skulle ha framandspråkeksamen, og alle VG3-elevane skulle ha eksamen i norsk hovudmål. Det var den eksamenen som eg skal sensurere, og oppgåvene var veldig gode, etter mitt syn. Ein hadde teke fram både Lillelord, Gunnlaug Ormstunge og Morgan Kane, og tema som gjekk att var oppvekst og mannsrolla.

Personleg skulle eg langt heller ha skrive eit par eksamenssvar enn å sitje vakt. Tre timar utan andre avbrekk enn eit par elevar som skulle på toalettet og 13 elevar som skulle levere, med tre vaksne til å dele på oppgåvene? Etter ein time heldt eg på å somne, men så kom eg på nokre interessante emne å tenkje på så eg heldt meg vaken. Og det kjendest nesten som å ligge på lading.

torsdag 20. mai 2010

Kanintreff

Nabojenta er på besøk med medbragt kanin. Dei har fått streng ordre om å halde kaninane frå kvarandre for å unngå slåsting, eller det som verre er.

Dancing in the park

Neste helg er det ballettshow igjen, og i dag tok dei like godt øvinga ute i rådhusparken i Volda. Musikken dei dansa til var "Here comes the sun" - kan de tenkje dykk ei betre stadfesting av at våren endeleg er komen for alvor?

Bok 22 2010: "17. roman" av Dag Solstad

Dag Solstad er ein av mine yndlingsforfattarar, berre så det er sagt. No er det lenge sidan eg har lese noko av han, men denne romanen er eit slags framhald av "Ellevte roman. Bok atten", som eg las for mange år sidan. I den boka møtte vi Bjørn Hansen, som gav seg ut for å vere invalid. I den nye romanen møter vi att den same Hansen, etter at han er blitt avslørt som svindlar og har etablert eit nytt liv. Romanen handlar først og fremst om hans forsøk på å ta opp kontakten med sonen, som er optikar i Bø. Ei gripande skildring av ein manns frigjering frå samfunnet, skrive i Solstads lett gjenkjennelege språk med typiske innskot som "som det heter". Eg angrar berre på at eg ikkje las om att den første boka før eg gav meg i kast med denne, slik at eg hadde hatt den friskare i minnet.

"Dagens outfit"

Eg har aldri vore spesielt oppteken av klede, motar og denslags, og ofte endar eg opp med noko svart. Til naud blått. I dag kjøpte eg meg eit antrekk som inneheldt det meste av detaljar som eg er skeptisk til, men som eg kan synast er fint på andre:

  • puffermar
  • kort jakke
  • djup utringing
  • rosa blomar
  • blonder
Utslagsgivande årsak til kjøpet var ei triveleg førtiårsfeiring i Bygda, der om lag tjue damer var samla til kaker og kaffi.

onsdag 19. mai 2010

Kaninliv

Nummer 3 hadde vore på handel med Morfaren i dag, og då hadde det blitt nokre innkjøp til vesle Dip. Minstemann måtte passe kaninen medan Nummer 3 rensa buret og laga fint til med matskål og toalett.

Tur til Åse

Det vart mykje kjøring og inneliv denne fri-onsdagen, då Nummer 2 og eg følgde Eldstejenta til sjukehuset på Åse. Det var ein nydeleg dag, og vi fekk shoppa litt på Moa før vi reiste heim.

mandag 17. mai 2010

17. mai 2010

Ein fin nasjonalsdag er overstått. Korpsmusikantane begynte dagen på Bjørkedalen, medan vi tre andre begynte dagen med preike i Kilsfjord kyrkje. Deretter vart det bautakransing, tog, middag og fest på grendahuset og familieselskap med alle fire besteforeldra til stades. På festen på grendahuset bidrog ungdomslaget med det før omtala barneteatret, og det gjekk veldig bra, sjølv om ungane måtte vente lenge før dei fekk sleppe til.

søndag 16. mai 2010

Gratulerer med åtteårsdagen, Nevø 4!


Storebror på Kongsberg fyller åtte år i dag, og vi gratulerer!

Husvask, retting og fellesgrilling

Dagen i dag begynte strålande, bokstaveleg tala, og eg syntest nesten det var fælt å bruke tid på husvask. Likevel var det ikkje råd å få retta ein einaste stil så lenge den husvasken stod att å få unnagjort, så det var berre å skride til verket. Midt i husvasken fekk eg eit par meldingar om fellesgrilling på Botnasanden, og det hadde eg lyst å vere med på. Det vart såleis berre ein halv bunke unnagjord i dag, men så er det også den siste. Grilling er kjekt uansett, og ungane kosa seg med å leite etter småkrabber i fjøra, sanke skjel og spele terrengfotball. Etter grillinga gjekk eg tur med hundane, og då eg parkerte hund nummer 2, begynte det akkurat å regne.

Bok 21 2010: "Vinterbyen" av Arnaldur Indridason

På grunn av utvalet på biblioteket måtte eg hoppe over eit par titlar og kome langt ut i rekkja av Indridason-romanar. Denne handlar om ein liten ut med delvis thailandsk bakgrunn som blir funnen død etter å ha blitt stukken med kniv. Som vanleg kjem det fram mykje om ulike miljø på Island undervegs, og denne gongen var løysinga litt meir overraskande enn i dei to førre romanane eg las. Komposisjonen var enklare òg, så dette var ei bok ein utan problem kunne ha på øyret under husvasken.

fredag 14. mai 2010

Vårt nye kjæledyr

Nummer 3 er no stolt eigar av ein aldeles nydeleg kaninunge som har fått namnet "Dip". Han vart levert av Hareidsgjengen i Ørsta, der Morfar hadde skaffa bur, som han surra på taket på bilen min. På heimveg låg kaninen og skalv i ei lita kasse, men han kom fort til hektene att då han kom heim og fekk løvetann og fekk springe rundt i buret. No har vi teke inn buret så ikkje småen skal fryse om natta.

Gratulerer!

Svigermor og systera fyller år i dag, og vi gratulerer. Neste år blir det 2 x rund dag!

Jenter på tur

I dag hadde eg lova jentene shoppingtur til Moa, sidan Nummer 3 snart har bursdag, og fordi eg får travle dagar framover. Vi storkosa oss med shopping og café, der Eldstejenta og eg prøvde oss på sushi for første gong. Desserten tok jentene på ferja heim.